Lærdalsøyri

Lærdalsøyri.

Av .
Lisens: CC BY 2.0

Sjøbuer på Løytnantsbrygga.

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Gammel forretningsbebyggelse langs Øyragata.

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Lærdalsøyri er ein tettstad i Lærdal kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1 km², og har 1134 innbyggjarar (2021).

Faktaboks

Innbyggertall
1134 (SSB, 2021)
Landareal
1 km² (SSB, 2021) km²
Tettstedsnummer
5581 Lærdalsøyri

Lærdalsøyri er administrasjonssenter i Lærdal kommune, og ligg ved botnen av Lærdalsfjorden i Indre Sogn. Tettstaden var tidlegare ein gammal marknadsplass for handel mellom fjellbygdene på Austlandet og sjøbygdene på Vestlandet.

Lærdalsøyri består av to område. Ved utløpet av Lærdalselva finst gammal busetnad med sjøbuer som no ligg langt inne på land, fordi øyra stadig har bygd seg opp. I Gamleøyri finst eit heilskapleg bygningsmiljø frå 1700- og 1800-talet. Gater og smug i Gamleøyri enda nede ved Løytnantsbrygga like ved verdsarvområdet Nærøyfjorden. Ved sidan av Gamleøyri er busetnad frå slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet.

Tettstaden vart ramma av brann 19. januar 2014, då 40 bygningar (seks verna) mellom Gamleøyri og Kyrkja brente ned. Brannen i Lærdal var den verste i Noreg sidan bybrannen i Tromsø i 1969. Eit av dei siste bevarte bygningsmiljøa i Noreg frå slutten av 1800-talet gjekk delvis tapt i brannen.

Lærdal sjukehus ligg i utkanten av tettstaden. Lærdalsøyri har noko småindustri, men er i første rekkje turiststad og lokalt handelssentrum. Norsk Villakssenter finst òg i tettstaden.

Lærdalstunnelen var den lengste vegtunnelen i verda då han opna i 2000. Etter opninga av tunellen er det svært avgrensa ferjetrafikk frå Lærdalsøyri til Kaupanger, Frønningen og Gudvangen. Fodnestunnelen til Fodnes er òg blant Noregs lengste tunnelar på 6604 meter.

Løytnantsbrygga i Lærdal
Løytnantsbrygga i Lærdal

Kart

Lærdalsøyri
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg