Faktaboks

Tyin
Etymologi
tradisjonell forklaring av namnet er ‘den tvikløyvde’, og at elva Tya er oppkalt etter innsjøen. Tyin kan også vere laga til elvenamnet Tya, som da truleg har tydinga ‘den som svell, veks’.
Region
Innlandet
Kommune
Vang
Vassdrag

Årdalsvassdraget

Viktigaste utløp
Tya
Areal
33 km2
Reguleringshøgd
1078-1083
Djupn
81
Tyin
Utsyn over Tyin mot Uranostinden.
Av .
Lisens: CC BY 2.0
Tyin
Frå Tyin ser ein inn i Jotunheimen.
Av .
Lisens: CC BY NC 2.0

Tyin er ein innsjø i den sørvestlege delen av Jotunheimen i Vang i Innlandet fylke, på grensa til Årdal i Vestland fylke. Innsjøen er 33 km², og ligg 1083–1078 moh.

Ved nordenden ligg Tyinholmen Høyfjellstuer og vest for sjøen Tyinstølen turisthytte. Ved sørenden mot Tyinkrysset låg før Tyin hotell.

Sjøen har avløp vestover i Tya, som renn saman med Utla og deretter fell i Årdalsvatnet (3 moh.) i Årdal, i Vestland.

Tyin er hovudmagasin for Tyin kraftverk, og vart demt opp for å kunne ta imot vatn overført frå øvre delen av Utla og elver på austsida, mellom anna Skogadøla og Fleskedøla. Desse blir førte i tunnel til Koldedalsvatnet og vidare ned i Tyin.

Fylkesveg 53 Tyinkrysset–Årdal–Fodnes går langs sørvestbreidda, fylkesveg 252 Tyin–Eidsbugarden langs austbreidda av sjøen.

Historie

Tyin Hotel
Tyin Hotel i 1902. Tyin Hotel ved sørenden var det fyrste hotellet ved Tyin, opna 1888 som dei to separate verksemdene Jotunsæter og Framnæs.
Av /Nasjonalbiblioteket.

Det har vore folk ved Tyin i svært lang tid. Både langs austsida og vestsida av vatnet er det funne buplassar frå eldre steinalder. I nordenden er det avdekt eit fangsanlegg for rein med dyregrav og leidegjerder. Også i dag går ei trekkrute for villrein over nordenden av sjøen.

Stølsdrift har lange tradisjoner ved Tyin. Den største setervangen er Tyinstølen på vestsida; også ved Tyinoset, Tyinholmen og i sørenden (Vassenden) er det stølar. I tillegg til den faste stølsdrifta fanst det felæger der driftekarar frå Sogn låg med driftene sine om sommaren for å utnytte gode fjellbeite.

Tyin er ein naturleg innfallsport til Jotunheimen frå sør, og med høgfjellsturismen som utvikla seg frå midten av 1800-talet begynte ei ny tid for budeiene langsmed Tyin. Dei fyrste reisande fekk husly på stølen, men snart kom det særskilde anlegg innretta mot ferdafolk. I 1870 opna Den Norske Turistforening si fyrste betjente hytte i Jotunheimen på Tvindehaugen ved nordaustsida av vatnet.

Ved Vassenden i sør opna dei to konkurrerande overnattingsverksemdene Jotunsæter og Framnes i 1888. Desse vart seinare slått saman til Tyin Turisthotell. Tyin Turisthotell brann ned til grunnen i 1989. Det hadde da ei tid fungert som asylmottak.

I nordenden opna Tyinholmen Hotel i 1891. Same året fekk Tyin vegutløysing ved at det vart det bygd ein kjøreveg frå Filefjellsvegen ved Tyinkrysset opp til Vassenden. Året etter vart også veg frå Tyinholmen til Eidsbugarden ved Bygdin. Frå 1906 gjekk det båtrute over Tyin frå Vassenden til Tyinholmen. I 1955 vart det bygd veg vidare langs austsida av Tyin i samband med ei utvida regulering av Tya, og båtruta vart nedlagd.

Arbeidet med regulering av Tyavassdraget vart påbegynt i 1910. Anleggsvegen frå Øvre Årdal til Tyinosen stod ferdig i 1920, mens Tyin kraftverk først vart sett i drift i 1944. Reguleringshøgda for Tyin auka med tre meter ved nyreguleringa på 1950-talet, og Tyinholmen Hotel måtte sanerast. Nytt Tyinholmen Høyfjellshotell stod ferdig i 1960. Også dette gjekk tapt i brann, i 1979. Det nåverande Tyin høyfjellsstuer opna i 1983.

Kart

Tyin
Tyin
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg