Øvre Årdal

Øvre Årdal

Artikkelstart

Øvre Årdal er ein tettstad i Årdal kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,9 km², og har 3075 innbyggjarar (2021).

Faktaboks

Også kjent som
Farnes
Innbyggertall
3075 (SSB, 2021)
Landareal
1,9 km² (SSB, 2021) km²
Tettstedsnummer
5591 ØvreÅrdal

Øvre Årdal ligg ved nordenden av Årdalsvatnet.

I Øvre Årdal ligg aluminiumsverket til Hydro Aluminium, vidaregåande skule og fleire offentlege kontor. Tyin kraftverk (374 MW) ligg i fjellet ved tettstaden.

Frå Øvre Årdal går Tindevegen, som er bilvegen opp Fardalen mot Turtagrø. Her er eit godt utgangspunkt for turar i nærområdet og til Vest-Jotunheimen.

Vegen frå Øvre Årdal til Tyin (Valdres) opna i 1934 og hadde 42 hårnålsvingar opp den bratte fjellsida. Vegen vart raskt ein turistattraksjon. Ny veg opna i 1962, med færre svingar, og er seinare utbetra med tunnellar.

Kart

Øvre Årdal
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg