Briten William Cecil Slingsby klatra opp på Storen 21. juli 1876. Dette markerte starten på norsk fjellsport.
Første vinterklatretur på toppen var påska 1923 ved Boye Schlytter og Fridthjof Lorentzen. Dei klatra ei rute i sydvestveggen gjennom Andrews Renne som er oppkalla etter den engelske fjellklatraren Arthur Westlake Andrews. Denne ruta vart seinare den mest nytta vinterruta. Sommaren 1927 klatra Boye Schlytter, Ola H. Furuseth og Asbjørn Gunneng den 350 meter høge Sydveggen. Ruta var i mange år rekna som Noregs vanskelegaste klatrerute.
Sommaren 1976, 100 år etter Slingsbys førsteklatretur, klatra Hans Petter Fernander og Ulf Geir Hansen Vestveggen. Ruta har bratt og vanskeleg klatring, men har fast fjell og er ein av dei flottaste i Jotunheimen.
I dag er det omkring 20 ulike rutealternativ opp til toppunktet. Vanskegrada varierer, men alle alternativa krev klatrekompetanse og brei fjellerfaring. Storen er saman med Stetinden og Romsdalshornet blant Noregs mest krevjande fjell å klatre opp på. Den vanlege startstaden for ein tur på Storen er Turtagrø Hotel som ligg 884 meter over havet. Ein klatretur til toppen tek normalt 10–20 timar. På fine sommardagar er det ofte kø på dei mest populære rutene.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.