Scandinavian Journal of History er eit historievitskapleg tidsskrift som vart til i 1976. Det store tidsskriftforlaget Taylor & Francis er utgjevarar på vegner av historikarforeiningane i Finland, Sverige, Danmark, Island og Noreg (Den norske historiske forening).

Tidsskriftet publiserer fagfellevurderte vitskaplege artiklar om nordisk historie, historiske prosessar i den nordiske regionen av Europa eller historiske samanlikningar innanfor Norden eller mellom Norden og andre delar av verda. Publiseringsspråket er engelsk. Publiseringane i tidsskriftet er breitt dekt av sentrale indekseringsplattformar innanfor humaniora og samfunnsvitskapar og tidsskriftet har 90 000 årlege nedlastingar/lesingar. Alle dei nordiske landa er representerte i redaksjonen.

Les meir i Store norske leksikon

Lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg