Faktaboks

romani
Uttale
rˈomani
Språkkodar
rmg (RMG)
ISO-639:3
rmg

Romani, eller norsk romani, er i Noreg namnet på språket til romanifolket (dei reisande, taterane), og denne artikkelen handlar om norsk romani. På romani blir språket primært kalla romani, men også rotipa, ei avleiing frå verbet rota, «snakke romani».

Internasjonalt blir romani nytta om ei stort sett europeisk språkgruppe som stammar frå urromani (proto-romani), som blei tala på Balkan kring år 1300, og som høyrer til den indoariske greina av den indoeuropeiske språkfamilien, jamfør artikkelen romani-språk. Romani-språka blir delte i fire greiner: balkansk romani, valakisk romani, sentral romani og nordleg romani. Norsk romani høyrer til nordleg romani.

Norsk romani må ikkje forvekslast med romanes, språket til romane. Romanes høyrer til gruppa valakisk romani.

Folkegruppa

Det finst mange norske namn på folkegruppa som snakkar norsk romani, mellom anna romano, romanifolk og tater. Dei er òg kjende som reisande, fant og splint. Medlemene av folkegruppa er ikkje sjølve samde om kva ein bør kalle dei på norsk. Ofte seier dei sjølve berre folket vårt. I denne artikkelen nyttar vi nemninga romano.

På romani manglar det heller ikkje på namn, men dei viktigaste er vandri(ng), tavvring, romano, romanisæl.

Vi veit ikkje kor mange som snakkar norsk romani, og heller ikkje kor stor folkegruppa romanifolket er. Mellom yngre romanifolk er kunnskapane om romani jamt over relativt mangelfull, ikkje minst på grunn av den brutale fornorskingspolitikken folket blei utsette for på 1900-talet.

Skandoromani

Norsk romani er nært beslekta med svensk romani, og dei to blir ofte slegne i hop under namnet skandoromani, som historisk står nær finsk romani. Skandoromani og finsk romani høyrer heime i greina nordleg romani, og dei står historisk nær romanispråka i Baltikum, Tyskland og Storbritannia.

Ordtilfang

Alle romanispråk har eit stort felles ordtilfang, der det finst ein kjerne av indoariske ord pluss fleire «lag» med lånord som talarane har vore i kontakt med sidan dei forlét India for kring eitt tusen år sidan.

Om lag 65 prosent av ordtilfanget i norsk romani har røter i urromani. Bortimot 10 prosent av ordtilfanget kjem frå slaviske språk og høytysk/lågtysk/nederlandsk, ord som manglar i romanés. Eit lån frå slavisk er hispa, 'hus, stove', jamfør russisk изба (izbá), 'hytte, bondehus'. Eit lån frå tysk er buro, 'bonde, person som ikkje er romano', jamfør nedertysk Buer, 'bonde', og nederlandsk boer, 'bonde'.

Om lag 10 prosent av ordtilfanget i norsk romani er såkalla kamuflasjeord, i dette tilfellet norske ord i ei modifisert form, som til dømes verbet buddra, 'bu', og substantivet vårføy, 'vår'.

Struktur

Bøyningsmønster og setningsbygning i skandoromani er av nordisk opphav, slik at til dømes substantiva grei, 'hest'; tjei, 'jente'; og bærsj, 'år'; adjektivet latjo, 'god'; og verba rakkra, 'snakke'; og ka, 'ete', blir bøygde slik:

Ubunden eintal Bunden eintal Ubunden fleirtal Bunden fleirtal
grei greien greiar greiane
tjei tjeia tjeier tjeiane
bærsj bærsje bærsj bærsja
Ubunden ental, hankjønn og hokjønn Ubunden eintal, inkjekjønn Bunden eller fleirtal Komparativ Superlativ
latjo latjot latjoe latjoare latjoast
Infinitiv Presens Preteritum Perfektum partisipp
rakkra rakkrar rakkra rakkra
ka kar kadde kadd

Romani-språk som har overteke bøyingssystem og syntaks (setningsstruktur) frå fleirtalsspråket i det samfunnet talarane er ein del av, blir av romani-forskarane kalla para-romani. Til denne språktypen høyrer ikkje berre skandoromani, men også mellom anna angloromani (engelsk romani) og fleire romanispråk på Den iberiske halvøya, i motsetnad til mellom anna valakisk romani.

Sjølv om bøyingssystemet i norsk romani er av nordisk opphav, er det ein integrert del av språket. Romanifolk brukar ikkje bøyingssystemet i den norske dialekten deira når dei snakkar romani, men i staden det systemet som er skissert i tabellane ovanfor.

Historie

Skandoromani stammar frå språket til romanitalande folk som kom til Norden kring år 1500. Vi veit ingenting om norsk romani før byrjinga på 1800-talet. Overgangen til eit para-romani var då alt fullført, utan at vi veit kva tid eller over kor lang tid denne overgangen skjedde. Den språkforma vi kjenner frå midt på 1800-talet, er stort sett den same som i dag, men med nokre eldre drag i lydsystemet.

Litteratur om romani

Romani-folkets ordbok (1993) av Ludvik Karlsen
Romani-folkets ordbok (1993) av Ludvik Karlsen
Lisens: CC BY SA 3.0

Den eldste kjelda til norsk romani er handskrivne oppteikningar etter meistertjuven og utbrytarkongen Gjest Baardsen (1791–1849), Samling af de mest forrekommende Ord i det saakaldte Vandrings eller Skøiersprog (utgjevne i 1948). Sogndølen Baardsen var ikkje romano, men lærde norsk romani i fangehusa. I 1850 gav samfunns- og kulturforskaren Eilert Sundt (1817–1875) ut boka Fante- eller Landstrygerfolket i Norge, der han skildrar norsk romani i «Anhang I», «Ordfortegnelse til det norske og svenske Fantesprog». Men den viktigaste kjelda vår til kunnskap om norsk romani er likevel boka The Romany Language in Norway (Oslo, 1944), som er fyrste delen av trebandsverket Secret Languages in Norway (1944–1950) av språkforskaren Ragnvald Iversen (1882–1960). Andre kjelder er Hemmelige språk og tegn (1945) av Øyvin Ribsskog, Romani-folkets ordbok (1993) av Ludvik Karlsen og Romani–norsk ordbok (1995) av Hermann Karlsen.

Litteratur på romani

Ei side frå boka Paa Fantestien (Kristiania 1893) av Martin Johan Matthiassen Skou (1849–1919), med byrjinga på «Herrens Bøn» på norsk romani.
Ei side frå boka Paa Fantestien (Kristiania 1893) av Martin Johan Matthiassen Skou (1849–1919), med byrjinga på «Herrens Bøn» på norsk romani.
Lisens: CC BY SA 3.0

Det er ikkje skrive mykje på norsk romani.

Læraren og forfattaren Martin Johan Mathiassen Skou (1849–1919), som var romano, gav i 1893 ut boka Paa Fantestien (ny utgåve i 1917 ved Arne Garborg), der det finst nokre dialogar på romani og eit «Anhang» med «Troens Artikler» og «Herrens Bøn» på romani.

I 2001 gav romanoen Hermann Karlsen ut eit lite hefte for born, Kjerkloane / Fuglene, med parallelltekst på romani og norsk (bokmål), og dette er truleg den fyrste publikasjonen som verkeleg kan seiast å vere på romani.

I 2014 gav Rolf Theil ut boka Vandriane rakkrar / Taterne forteller / Taterne fortel i samarbeid med romanoane Anna Gustavsen og Mariann Grønnerud. Boka har tekst på romani med parallelltekst på bokmål og nynorsk. Dette er den fyrste boka på norsk romani. Her blir det også presentert ein konsekvent ortografi.

Offisiell status

I 1998 fekk romani status som minoritetsspråk i Noreg, ved sida av kvensk og romanés, som ei følgje av at Noreg i 1993 ratifiserte Den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg