Romani-språk, ei gruppe språk som høyrer til den indoariske greina av den indoeuropeiske språkfamilien og som blir tala over heile Europa av tradisjonelt nomadiske folkegrupper. Mange talarar har òg emigrert til Nord- og Sør-Amerika. Fleire av dei etniske gruppene som snakkar desse språka kallar seg sjølve rom, andre nyttar nemningar som romaničel, kale, manuš eller sinte

Det er vanleg å dele romani-språka i fire greiner: valakisk romani, balkansk romani, sentral romani og nordleg romani, med fleire undergrupper:

Valakisk romani har namnet sitt etter Valakia (rumensk Valahia), ein region i det sørlege Romania, men talarar av valakisk romani finst i dag over heile Europa. Viktige dialektar er čuraricko, kalderašicko og lovaricko. Det finst nærmare ein halv million talarar. Talarar av valakisk romani kom til Noreg på 1860-talet, kort tid etter at slaveriet var oppheva i Romania. I Noreg er det vanleg å kalle valakisk romani for romanés.

Balkansk romani blei tradisjonelt tala på Balkan, men talarar finst i dag også rundt store delar av Svartehavet, mellom anna i Romania, Ukraina og Tyrkia. Viktige dialektar er arli i Serbia, Montenegro og Hellas og drindari-kalajdži-bugurdži i Makedonia, Kosovo og Bulgaria. Det finst om lag 600 000 talarar.

Sentral romani blir tala i det sørlege Polen, Tsjekkia, Slovakia, Austerrike, Ungarn og Ukraina.

Nordleg romani blir tala over heile resten av Europa, frå Den iberiske halvøya og Italia via Frankrike til Storbritannia, Tyskland og Norden til Baltikum og Russland. Mellom variantane av nordleg romani kan nemnast sinti/manuš i Frankrike, Nederland, Tyskland, Nord-Italia, Austerrike og Ungarn, engelsk romani (angloromani), finsk romani og skandoromani med variantane norsk romani og svensk romani. Den største varianten er sinti/manuš, med om lag 300 000 talarar. 

Konservative romani-språk har eit lydystem (ein fonologi) og ein grammatikk med klare indoariske røter og med ein del strukturelle innslag frå språka på Balkan. Ein del mindre konservative romani-språk har mista desse strukturelle draga frå India og Balkan og har blitt påverka fonologisk av fleirtalsspråka i dei områda der talarane bur, og dei har overteke grammatikken frå desse fleirtalsspråka. Desse mindre konservative romani-språka blir som regel kalla para-romani-språk, og mange forskarar reknar dei som blandingsspråk og inkluderer dei ikkje i språkgruppa romani-språk. Både engelsk, norsk og svensk romani og dei fleste romani-språka på Den iberiske halvøya – som kastiljansk romani (caló), katalansk romani og baskisk romani (erromintxela) – høyrer heime i denne kategorien. Finsk romani, som tradisjonelt har vore svært konservativt, er i ferd med å bli eit para-romani-språk. 

Romani-språka har ein kjerne av indoariske ord 0g i tillegg store mengder lånord frå språk som blei tala i dei områda som talarane oppheldt seg i mellom India til Balkan, i første rekkje frå iranske språk (persisk, ossetisk), armensk og gresk.

Romani-språka stammar alle frå eit urromani (proto-romani) som kom med talarane frå Anatolia til Balkan kring år 1300. Historia til talarane og språket før dei kom til Balkan, er svært uviss, men mykje tyder på at dei må ha forlate det indiske subkontinentet etter år 1000.

Det er vanleg å setje ordet rom, som også er rota i ordet romani, i samband med ḍom, namnet på ulike indiske folkegrupper som livnærer seg som smedar, korgmakarar, reinhaldarar av ulike slag (gatesoparar, likbrennarar), musikarar og dansarar.

Lånorda (sjå avsnittet Ordtilfang ovanfor) er til stor hjelp i rekonstruksjonen av «reiseruta».

Etter eit par hundre år hadde talarane spreidd seg til alle delar av Europa. Dei nådde Norden kring år 1500. Norsk romani, som er språket til dei norske taterane (romanifolket), er etterkomaren av det nordlege romani-språket som kom til landet vårt den gongen.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.