Rolf Theil

Faktaboks

Rolf Theil

Rolf Theil Endresen

Født
30. oktober 1946, Porsgrunn
Rolf Theil
Av .

Artikkelstart

Rolf Theil, lingvist og uvanleg språkmektig formidlar av kunnskapar om språk frå heile verda.

Bakgrunn

Rolf Theil er fødd i Porsgrunn. Han tok magistergraden i lingvistikk i 1975, med kinesisk og samisk som støttefag. Han er i dag professor emeritus i allmenn og afrikansk lingvistikk ved Universitetet i Oslo. Som språkforskar er Theil kognitivist og ser såleis språklege mønster og kategoriar i samanheng med måtar menneske tenkjer på.

Virke

I forskinga si har Theil vore særleg oppteken av afrikanske språk, til dømes det vestafrikanske fulfulde-språket. Han har også laga ei rettskriving for språket nizaa, som blir snakka i Kamerun, og som tidlegare ikkje hadde funnest som skriftspråk. Han har også arbeidd med eit tilsvarande prosjekt for taterspråk, med utarbeiding av ei lærebok i norsk romani for skuleborn.

Theil har vore leiar for Landslaget for språklig samling og redaktør for medlemsbladet Språklig Samling. I innføringsboka Fonetikk og fonologi (1988) har han prøvd ut ein eigen variant av samnorsk. Som formidlar har han halde ei rekkje foredrag og har hatt språkspalte i Klassekampen og VG. I 2007 gav han ut den populærvitskaplege boka Skyformasjonane på San Franciscos sørhimmel i grålysninga 30. april 1882 og grunnane til at vi ikkje har sett namn på dei. Reiser mellom språk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg