Artikkelstart
Ojibwe er eit amerikansk urfolkspråk som høyrer til den algonkinske språkfamilien. Ojibwe er førstespråket til om lag 75 000 menneske som høyrer til folkegruppa ojibwe – 60 000 i Canada (frå Alberta til Quebec) og 15 000 i USA (frå Montana til Michigan) – av ei etnisk gruppe på 175 000 (75 000 i Canada og 100 000 i USA).
Faktaboks
- Språkkoder
- oj, oji (OJ, OJI)
- ISO-639:3
- oji
Det blir undervist i ojibwe som andrespråk i grunnskular og vidaregåande skular i fleire ojibwereservat.
Ein person som høyrer til den etniske gruppa ojibwe, heiter ojibwe ᐅᒋᐺ eller anishinaabe ᐊᓂᐦᔑᓈᐯ – i fleirtal ojibweg ᐅᒋᐺᒃ og anishinaabeg ᐊᓂᐦᔑᓈᐯᒃ. Språket sitt kallar dei ojibwemowin ᐅᒋᐺᒧᐎᐣ og anishinaabemowin ᐊᓂᐦᔑᓈᐯᒧᐎᐣ. På engelsk finst ordet ojibwe òg i formene Ojibway og Chippewa.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.