Diminutiv er ei avleiing eller ei samansetning av eit ord som viser til ei mindre form av det som det opphavlege ordet viser til.

Faktaboks

Uttale
dimˈinutiv
Etymologi
latin diminutivus, av diminuere ‘forminske’, av dis- og minuere ‘forminske’

Diminutiv er eit vanleg fenomen i språk over heile verda. som i desse eksempla på diminutiv av substantiv viser:

  • tysk: Brot 'brød' — diminutiv Brötchen 'lite brød'
  • italiensk: libro 'bok' — diminutiv libretto 'lita bok, hefte'
  • spansk: mujer 'kvinne' — diminutiv mujercita 'lita kvinne'
  • gresk: spíti (σπίτι) 'hus' — diminutiv spitáki (σπιτάκι) 'lite hus'
  • nordsamisk: johka 'elv' — diminutiv jogaš 'lita elv'
  • arabisk: miftāḥ (مِفْتَاح) 'nøkkel' — diminutiv mufaytīḥ (مُفَيْتِيح) 'liten nøkkel'
  • kabylisk: tuggi 'gryte' — diminutiv tuggišt 'lita gryte'
  • swahili: mbuzi 'geit' — diminutiv kibuzi 'lita geit'
  • burmesisk: ʔein (အိမ်) 'hus' — diminutiv ʔeinlè (အိမ်လေး) 'lite hus'
  • cree: maskwa 'bjørn' — diminutiv maskwašiš 'liten bjørn'
  • klassisk náhuatl: chichi 'hund' — diminutiv chichitōn 'liten hund'

I nordiske språk har vi lite av diminutiv, bortsett frå samansetningar med små- for føreledd, som smågut og småby.

Norrønt hadde eit diminutiv-suffiks -s, som vi truleg har i lefse 'slags ugjæra, mjukt bakverk som liknar på flatbrød, ofte med smør og til dømes sukker på', som då er diminutiv av leiv 'heil skive flatbrød, lefse eller vanleg brød' av norrønt hleifr.

Diminutiv med ekstra tydingar

Ikkje sjeldan har diminutiv ei tyding i tillegg til 'liten', som i desse døma:

  • italiensk: gatto 'katt' — diminutiv gattino 'kattunge'
  • spansk: bocado 'munnfull' — diminutiv bocadillo 'smørbrød'
  • swahili: mwiko 'spade' — diminutiv kijiko 'skei'
  • cree: nāpēw 'mann' — diminutiv nāpēšiš 'gut'

Diminutiv i andre ordklassar

Alle eksempla ovanfor er diminutiv av substantiv, men det er ikkje uvanleg med diminutiv av både adjektiv og adverb, som i desse spanske eksempla:

  • gordo 'tjukk' — diminutiv gordito 'småtjukk, lubben'
  • cansado 'trøytt' — diminutiv cansadito 'småtrøytt, litt trøytt'
  • ahora 'no' — diminutiv ahorita 'nettopp no, straks'
  • poco 'litt' — diminutiv poquito 'ganske lite, ubetydeleg'

Nordsamisk har òg diminutiv av adjektiv (særleg av komparativ) og adverb, og dessutan av verb:

  • boarráseabbo 'eldre' — diminutiv boarráseppoš 'litt eldre'
  • nuorat 'yngre' — diminutiv nuorabuš 'litt yngre'
  • dábbelii 'nærmare hit' — diminutiv dábbelažžii 'litt nærmare hit'
  • borrat 'ete' — diminutiv borastit 'ete litt, småete'
  • čuožžut 'stå' — diminutiv čuoččastit 'bli ståande ei lita stund'

Diminutiv som «kjæleform»

I mange språk kan diminutiven fungere som ei såkalla «kjæleform», som i desse spanske eksempla:

  • Carmen (kvinnenamn) — diminutiv Carmencita 'kjære (vesle) Carmen'
  • Rodolfo (mannsnamn) — diminutiv Rodolfito 'kjære (vesle) Rodolfo'

Diminutiv i høve til andre tydingar

Diminutiv finst i mange språk attåt ein del andre tydingar, mellom anna desse:

  • pejorativ (om noko dårleg), som italiensk poetastro 'dårleg diktar' (av poeta 'diktar')
  • augmentativ (om noko stort), som italiensk ragazzona 'stor jente' (av ragazza 'jente')

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg