Augment er eit vokalprefiks som blir sett føre visse verbformer for å uttrykkje fortid, som klassisk gresk e- (ε-) i élusa (έλυσα) 'eg løyste', i motsetnad til presens lúō (λύω) 'eg løyser'.

Faktaboks

Uttale
augmˈent
Etymologi
av latin augmentum ‘auke, auking’

Augment blir brukt i nokre eldre indoeuropeiske språk, mellom anna sanskrit, gresk og klassisk armensk.

Det klassisk greske systemet er slik:

  • Dersom verbstamma tek til med konsonant, er augmentet vokalen e-. Presensforma λύω lúō 'eg løyser' kan jamførast med aorist (perfektiv preteritum) έλυσα élusa 'eg løyste'.
  • Dersom verbstamma tek til med ein kort vokal, blir denne vokalen forlengd. Presensforma ἀκούω akoúō 'eg høyrer' kan jamførast med (perfektiv preteritum) ἤκουσα ḗkousa 'eg høyrde'.
  • Dersom verbstamma tek til med ein lang vokal eller ein diftong, skjer det inga endring.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg