Mississippis utspring blir rekna frå Itasca-sjøen i det nordvestlege Minnesota, 445 meter over havet. Elva renn i byrjinga gjennom eit skog- og myrland, rikt på sjøar, og har fossar og stryk. Ved Minneapolis dannar ho dei til saman 21 meter høge St. Anthony-fossane. Derfrå kan ho seglast like til munningen, då dei vesle stryka ho dannar lenger nede, er gjorde farbare. Mississippi møter Missouri, som er mindre vassrik, litt nord for St. Louis. Ved Cairo møter ho Ohioelva, som har større vassføring enn Mississippi og Missouri til saman.
I tertiær nådde ei vik av Mexicogolfen inn i Mississippidalen omtrent til munningen av Ohioelva. Denne vika er seinare fylt opp av deltaavleiringane til Mississippi og dannar no ei kolossal elveslette. I dette området er Mississippis fall svært lite, 1 : 20 000, og elva slyngjer seg fram i store meandrar. Her er også elveleiet høgare enn landet omkring. Sideelvane har difor vanskeleg for å bli sameinte med hovudelva, så dei spring parallelt med denne i lange strekningar, til dømes Yazoo-elva. Langs breidda er det bygd dike for å verna det lågare landet omkring. I storflaumar kan likevel vatnet bryta seg igjennom. Dette skjedde mellom anna i 1993 og 1997, då to av dei største flaumane i nyare tid oppstod. I 1993 blei omkring 40 000 km2 overflødd.
Mississippielva dannar eit stort delta med mange greiner ut i Mexicogolfen. Hovudgreina deler seg i fire munningsarmar, passes. Deltaet er kanalisert.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.