Dale (tettstad i Vaksdal)

Artikkelstart

Dale er ein tettstad i Vaksdal kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,7 km², og har 1177 innbyggjarar (2020).

Faktaboks

Etymologi

Dale er ei dativform av Dal

Også kjent som

Dalekvam - eit nylaga namn som har vore i bruk sidan kommunesammenslåinga i 1964; namnet er samansett av gards- og grendenamna Dale og Kvamme

Innbyggertall
1177 (SSB, 2020)
Landareal
0,7 km² (SSB, 2020) km²
Tettstedsnummer
5213 Dale

Dale er administrasjonssenter i Vaksdal kommune, og ligg ved munninga av Bergsdalen i Dalseiddalen, ca. 65 km nordaust for Bergen. Her ligg Dale stasjon på Bergensbana, og gjennom tettstaden går E 16 mellom Bergen og Voss.

Tekstilindustrien har lange tradisjonar i Dale; etablert alt i 1879 og er i dag vidareført i Dale of Norway som er den største arbeidsplassen på staden. Aust i tettstaden ligg Dale kraftverk.

Dale fekk i 1896 kapell under sognekyrkja på Bruvik på Osterøy; i 1911 vart Dale eit eige sokn. Utviklinga av staden gjorde ein ein trong større kyrkje, og i 1956 vart den nye langkyrkje i mur, teikna av Arnstein Arneberg, teken i bruk.

Lokalavisen VaksdalPosten kjem ut i Dale.

Kart

Dale
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg