Faktaboks

Uttale

bang

Etymologi

usikker tolking

Innbyggjartal
610 (SSB, 2023)
Landareal
0,9 km²
Tettstadsnummer
1701 Bagn
Bagn
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Bagn er ein tettstad i Sør-Aurdal kommune i Innlandet. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,9 km², og har 610 innbyggjarar (2023).

Bagn er administrasjonssenter i Sør-Aurdal kommune, og ligg på begge sider av eit trongt juv i Begnadalen, Bagnjuvet. Her har Begna eit fall på 16 meter i Storbrufossen.

Bagn er eit detaljhandelssenter med noko industri, mellom anna trevareindustri.

Bagn kyrkje er ei lafta korskyrkje frå 1735. Kyrkja har altertavle og preikestol i bondebarokk. Bagn bygdesamling ligg sør for Bagn sentrum. Garden Bagnsbergan er eit nasjonalminne for dei harde kampane her i april 1940, under andre verdskrigen.

Kart

Bagn
Bagn
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg