Faktaboks

Administrasjonssenter
Heggenes
Fylke
Innlandet (frå 01.01.2020, tidlegare Oppland)
Innbyggjartal
3 252 (2022)
Landareal
886 km²
Høgaste fjell
Austre Rasletinden (2010 moh.)
Innbyggjarnamn
øystreslidring
Målform
nynorsk
Kommunenummer
3453 (frå 01.01.2020, tidlegare 0544)

Kommunevåpen

Øystre Slidre

Øystre Slidre. Frå ein av dei mange stølane ved Vinstervatnet.

Av /NTB Scanpix ※.

Øystre Slidre er ein kommune i Innlandet fylke i Valdres som omfattar Begnavassdragets austre hovuddalføre nord for Fagernes, med omkringliggande skogåsar og fjellstrok. Øystre Slidre grensar i vest til Vang og Vestre Slidre, i sør til Nord-Aurdal, i aust til Gausdal, Sør-Fron og Nord-Fron og i nord til Vågå.

I 1849 vart Slidre kommune delt i to, Øystre og Vestre. Etter det har det berre vore mindre endringar – i 1882 vart eit mindre område overført frå Vang, og i 1899 vart eit mindre område overført til Vestre Slidre.

Natur

Bitihorn
Valdresflye med Bitihorn.

Øystre Slidre omfattar det meste av det austre sidedalføret til Begna ovanfor Fagernes. Elva har ulike namn; nedanfrå og oppover: Øystre Slidreåne, Røssåne, Volbuelve, Dalsåne. Langsmed vassdraget er det fleire mindre innsjøar: Hovsfjorden (427 meter over havet), Volbufjorden (434-431 meter over havet), Heggefjorden (488 meter over havet), Hedalsfjorden (615 meter over havet) og Øyangen (677-668 meter over havet). Den nørdste delen av kommunen, med vatnet Vinstre drenerer mot Gudbrandsdalen. Det meste av Valdresflye ligg i Øystre Slidre. Dei austlegaste fjellviddene høyrer til Etnas nedbørfelt.

Berggrunnen er dels omdanna kambrosiluriske sedimentbergartar (fyllitt), dels valdressparagmitt på fjellviddene i nordaust. Nord for vatnet Vinstre i den søraustlege delen av Jotunheimen er det overskyvde djupbergartar som er svært harde. Her finn ein dei høgaste partia i kommunen, opptil 2010 meter over havet i austskråningen av Rasletinden. I nordaust når Gråhøe 1779 meter over havet.

Ein firedel av kommunens areal er verna som naturområde. Største verneområdet er Langsua nasjonalpark, som går inn i den nordaustre delen av kommunen. Heggefjorden er verna mot kraftutbygging, medan resten av vassdraget er regulert.

Befolkning og busetnad

Det meste av busetnaden i kommunen ligg i det austlege hovuddalføret til Begnavassdraget. Til kommunen høyrer òg store fjellvidder, hovudsakleg på austsida av dalføret, og kommunen strekkjer seg opp mot det søraustre hjørnet av Jotunheimen. Folketalet i kommunen auka i tiårsperioden 2015–2024 med 3,1 prosent, mot 2,2 prosent for fylket samla.

Ifylgje definisjonen til Statistisk sentralbyrå er det tre tettstader i Øystre Slidre. Tettstadene er til saman 2,2 km², og omfattar 0 % av arealet i kommunen.

Tettstad Innbyggjarar Andel* Areal
Beitostølen 363 11 % 1,1 km²
Moane 351 11 % 0,7 km²
Heggenes 297 9 % 0,5 km²
Sum 1 011 31 % 2,2 km²

* Andelen av innbyggjarane i Øystre Slidre kommune som bur i tettstaden.

Næringsliv

Arbeidsplassar i Øystre Slidre (2023)
Av /SSB.
Lisens: CC BY 2.0
Mellsennstølan
Gode fjellbeite på Mellsennstølan.
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Jordbruk og skogbruk er tradisjonelt den viktigaste næringsvegen. Såpass høgt over havet ligg hovudvekta på husdyrhald (storfe, sau og geit; Øystre Slidre har høgaste geitetalet blant fylkets kommunar) og grasproduksjon til fôr. Det meste av jordbruksarealet er eng, og seterdrifta betyr fortsatt mye. Avvirkninga i skogen er ikkje stor, men ho betyr ein del for einskilde bruk, og er noe av grunnlaget for industrien som finst på Heggenes. Elles er bryting av valdresskifer ei gammal verksemd i Øystre Slidre.

Øystre Slidre har lite vasskraftproduksjon. Kommunen har eitt vasskraftverk, Skoltefoss (i drift fra 1988), med ein årleg produksjon på 2,34 gigawattimer (gjennomsnitt 1993-2020).

Turistnæringa er i sterk utvikling, og kommunen har mange store turistanlegg, særleg på Beitostølen med fleire hotell, fritidsbustader og Beitostølen Helsesportsenter for funksjonshemma. Mindre anlegg og hytteutleige finst mange andre stader i kommunen. I 2024 hadde kommunen 3642 hytter og fritidsbustader. Åtte prosent av dei yrkesaktive er sysselsett i overnatting og serveringsverksemd, meir enn i nokon annan kommune i Innlandet.

31 prosent av dei yrkesaktive har arbeid utanfor kommunen, av desse arbeider 17 prosent i Nord-Aurdal (2001).

Samferdsel

Den viktigaste vegen gjennom kommunen er fylkesveg 51 Fagernes–Vågå over Valdresflye (om vinteren bare open til Beitostølen). Elles er det mange setervegar i fjellet, som Jotunheimvegen frå Bygdin langs Vinstre til Skåbu i Nord-Fron.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Hegge stavkirke

Hegge stavkyrkje er frå 1200-talet.

Av /KF-arkiv ※.
Kart: Øystre Slidre kommune i Innlandet

Øystre Slidre kommune i Innlandet fylke.

Kart: Øystre Slidre kommune i Innlandet
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Øystre Slidre hører til Innlandet politidistrikt, Vestre Innlandet tingrett og Eidsivating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Valdresrådet saman med Etnedal, Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Vang og Vestre Slidre.

Øystre Slidre kommune tilsvarar dei fire sokna Hegge, Lidar, Rogne og Volbu i Valdres prosti (Hamar bispedømme) i Den norske kyrkja. Nord for Heggefjorden ligg Hegge stavkyrkje, truleg frå byrjinga av 1200-talet.

Mot slutten av 1800-talet hørte Øystre Slidre til Valdres fogderi i Kristians amt.

Delområde og grunnkrinsar i Øystre Slidre

For statistiske formål er Øystre Slidre kommune (per 2019) inndelt i to delområde med til saman 13 grunnkrinsar:

  • Øystre Slidre nord: Beito, Midtre Hegge, Dale, Heggebø nord, Heggebø syd, Vinstre
  • Øystre Slidre sør: Volbu aust, Volbu vest, Skattebu, Rogne, Rudi, Hovi, Kollstad

Historikk og kultur

Ved Hegge ligg Hegge stavkyrkje frå tidleg 1200-tal. Ved Rogne var det tidlegare skiferdrift, og om sommaren er der eit lite museum som fortel om skiferdrifta. I 1964 vart Ridderrennet arrangert for første gong. Det var då eit skirenn for synshemma, men er i dag del av ei vintersportveke for folk med mange ulike funksjonshemmingar.

Fagernes-avisa Valdres er den mest lesne avisa i kommunen. Avisa vart grunnlagd i 1903 og kjem ut fire gonger kvar veke. Avisa er redigert på begge målformer.

Kommunevåpen og namn

Kommunevåpenet (godkjent i 1989) er dekt av blå og sølv skjell; motivet illustrerer skiferstein som tradisjonelt har vore utnytta til industriformål.

Namnet kjem av prestegarden i Vestre Slidre, som ga namn til hovudsoknet og prestegjeldet. Det gamle namnet på Øystre Slidre var Austa åsen. Namnet Slidre viser opphavleg til ein bekk som renn i ei trong kløft, like ved kyrkja, Slidredomen.

Kart

Kart over Øystre Slidre kommune
Kart over Øystre Slidre kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Beitrusten, Geir: Gardar og slekter i Øystre Slidre, 1987, 2 b., isbn 82-990166-4-9. Les bøkene.
  • Ey, Tore: Vang og Slire : Ei nokre or um garadn der og følket, som har but på dei, i dei siste tvo hundre år før 1865. Kristiania, 1916. Les boka.
  • Robøle, Olav: Øystre Slidre 1849–1999. Les boka.
  • Valdres bygdebok, 1954-, 8 b. Les bøkene.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg