Faktaboks

Administrasjonssenter
Bruflat
Fylke
Innlandet (frå 01.01.2020, tidlegare Oppland)
Innbyggjartal
1 256 (2022)
Landareal
443 km²
Høgaste fjell
Spåtind (1415 moh.) på grensa til Nordre Land
Innbyggjarnamn
etnedøl
Målform
nøytral
Kommunenummer
3450 (frå 01.01.2020, tidlegare 0541)

Kommunevåpen

Etnedal
Jordbruket er ei viktig næring i Etnedal.
Etnedal

Etnedal. Synnfjell i haustfargar.

Av /KF-arkiv ※.

Etnedal er ein kommune i Innlandet fylke, rundt 25 kilometer søraust for Fagernes, omkring elva Etna sitt øvre løp. Kommunen blir rekna tradisjonelt til Valdres, sjølv om topografien snarare bind kommunen saman med Land. Kommunen vart oppretta i 1894 ved utskiljing av Bruflat sokn frå Sør-Aurdal og Nord-Etnedal sokn frå Nord-Aurdal.

Natur

Kommunen er del av landskapsområdet Valdres, og det øvre løpet av elva Etna renn gjennom Etnedal. Vest for Etnedal finst høgtliggande område mot Valdres. Nordaust i kommunen ligg delar av Synnfjell, som er eit fjellparti mellom Lillehammer og Fagernes. Den høgaste fjelltoppen er Spåtind, med sine 1414 meter over havet, på grensa mellom Etnedal og Nordre Land. Dei slake fjellformasjonane er danna av omdanna leirskifer og kalkfjell. I sparagmitten lengre sør og i grunnfjellsområdet lengst i sør blir dalsidene brattare. Jordbotnen har fruktbar fyllittmorene i liene og elveavsetningar i dalbotnen.

Befolkning og busetnad

Busetnaden i Etnedal følgjer dyrkingsområda. Fyllitten gir god dyrkingsjord opp mot 800 meter over havet. Busetjinga er spreidd, men nokså samanhengande i hovuddalføra. Den einaste tettstaden i kommunen er administrasjonssenteret Bruflat, rett nord for Tonsåsen.

Etnedal er ein av dei minste kommunane i Innlandet i folketal. Folketalet i kommunen har vore jamt minkande sidan andre verdskrigen. I tiårsperioden 2015 til 2024 gjekk folketalet tilbake med 2,6 prosent, mot ein auke på 2,2 prosent i heile fylket.

Tettstader

Næringsliv

Arbeidsplassar i Etnedal (2023)
Av /SSB.
Lisens: CC BY 2.0

Jordbruk og skogbruk har tradisjonelt vore viktige næringar i kommunen, og desse næringane sysselset om lag 11 prosent av dei yrkesaktive innbyggjarane (2021). I dei seinare åra er det etablert ein del småindustri i kommunen. Om lag 20 prosent er sysselsette i industri og bygge- og anleggsverksemd. Aven Tre AS har produksjon av lastepallar. Kommunen har òg noko turisme, og det er fleire reiselivsbedrifter i kommunen. Etnedal er ein stor hyttekommune, med 2550 fritidsbustader (2022). Talet på fritidsbustader er tre gonger talet på bustader.

Samferdsel

Fylkesveg 251 går sentralt gjennom kommunen og møter Fylkesveg 33 mot Fagernes ved Høljerast bru like aust for grensa til Nordre Land. I nord fører fylkesvegar til Fagernes/Leira og Gausdal/Lillehammer.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Etnedal høyrer til Innlandet politidistrikt, Vestre Innlandet tingrett og Eidsivating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Valdresrådet saman med Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Vang, Vestre Slidre og Øystre Slidre.

Etnedal kommune svarer til dei to sokna Bruflat og Nord-Etnedal i Valdres prosti (Hamar bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Etnedal til Valdres fogderi i Kristians amt.

Delområde og grunnkrinsar i Etnedal

For statistiske formål er Etnedal kommune (per 2016) delt inn i eitt delområde med til saman 12 grunnkrinsar: Lundstein, Bruflat, Breien, Byfuglia, Bøvarstogo, Svilosen, Flatøydegard, Rust, Bakkane, Brusveen, Bergene og Bergsbakken.

Historikk og kultur

Bruflat kyrkje
Bruflat kyrkje i Etnedal.
Bruflat kyrkje
Lisens: CC BY SA 3.0

Av kulturminne i kommunen finn ein Bruflat kyrkje, som er ei krosskyrkje frå 1750. Kyrkja vart oppført på sin noverande stad i 1774. Landemerket Lunde bru er ei karakteristisk steinbru, bygd i 1829 som del av den gamle kongevegen til Bergen. Den Bergenske kongeveg er rusta opp frå Bruflat over Tonsåsen. Lunde bru er den lengste steinkvelvingsbrua i Nord-Europa. Brua er òg motiv i Etnedal sitt kommunevåpen.

Avisa Valdres er lokalavis for kommunane Etnedal, Vang, Øystre Slidre, Vestre Slidre, Nord-Aurdal og Sør-Aurdal. Ho kjem ut tre dagar i veka, med stoff både på bokmål og nynorsk.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet (godkjent i 1989) har ei kvelvingsbru i gull mot ein blå bakgrunn. Motivet viser til den gamle Lunde bru.

Kart

Kart over Etnedal kommune
Kart over Etnedal kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kart: Etnedal kommune i Innlandet

Etnedal kommune i Innlandet fylke.

Kart: Etnedal kommune i Innlandet
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Eksterne lenker

Litteratur

  • Hvattum, Harald: Gard og bygd i Etnedal, 1989–90, 3 bind. Les bøkene på nb.no
  • Islandsmoen, Olaus: Søre Aurdal og Etnedalen: noko tilfang til ei bygdesoge um Valdres, 1914. Les boka

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg