Begnadalen kyrkje
Av .
Lisens: CC BY NC ND 2.0

Begnadalen er elva Begnas dalføre i Sør-Aurdal kommune, mellom Bagn og Sperillen. Begnadalen er eige sokn i Sør-Aurdal. Bygdesenteret Tollevsrud ligg 27 kilometer sør for kommunesenteret Bagn. Her ligg Begnadalen kyrkje, ei langkyrkje i tre, oppført i 1964 etter teikningar av Arnstein Arneberg og Per Solemslie.

Faktaboks

Også kjend som
Begndalen

Gjennom Begnadalen går E16 og dermed hovudtyngda av biltrafikken til Valdres og over Filefjell til Sogn. Frå E16 ved Tollevsrud går det veg over til Hedalen. Før Valdresbanen vart bygd, gikk dampskipstrafikk over Sperillen og opp Begna til Sørum, der hesteskyssen overtok.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg