Mikkjel Fønhus

Faktaboks

Mikkjel Fønhus
Mikkjel Arneson Fønhus
Født
14. mars 1894, Sør-Aurdal, Oppland
Død
28. oktober 1973, Sør-Aurdal

Bilde fra Norsk biografisk leksikon

Mikkjel Fønhus
Av /NTB Scanpix ※.
Mikkjel Fønhus ved bålet i skogen. Mange av hans fortellinger har Vassfaret, skogtraktene mellom Valdres og Hallingdal, som bakteppe.
Av /Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Artikkelstart

Mikkjel Fønhus var ein naturdiktar frå Valdres som brukte villmarka i heimtraktene som ramme og inspirasjon i dei mange romanane sine. Han hadde heilt unike evner til å forstå åtferda hos dyr, samt evne til å formidle viktig kunnskap om natur og miljø.

Bakgrunn

Mikkjel Fønhus var fødd i grenda Hølera i Sør-Aurdal i Valdres i Oppland (no Innlandet). Etter lokal grendeskule og mellomskuleåra ved Valdres kommunale høyere almenskole i Aurdal gjekk Fønhus på Ragna Nielsens private gymnas i Kristiania frå 1911 til 1913. Etter det reiste han heim til skogane og villmarka i Valdres.

Forfattarskapen

Fønhus skreiv dyreforteljingar, folkelivsskildringar og skildringar frå andre verdsdelar. Han debuterte i 1917 med romanen Skoggangsmand, men det var med Der vildmarken suser to år seinare at gjennombrotet kom. Romanen var inspirert av Jack London sine skildringar frå villmarkene i det nordlege Amerika. Slektskapen med den utanlandske villmarkssjangeren er tydeleg også vidare i forfattarskapen, mellom anna i dei to neste bøkene, Det skriker fra Kvervilljuvet (1920) og Troll-Elgen (1921, filmatisert 1927). Her la han for dagen ein makelaus kjennskap til dyrelivet i skog og fjell, stor innlevingsevne når det gjaldt dyr, og fin natursans. Språket er kraftig og malande.

Når Fønhus skreiv om mennesker, blei han straks meir alminneleg. Medan dyra er levande individ, blir menneska sjeldan meir enn typar. Karakteristiske eksempel er Køia i Tusterdalen (1945) og Kampen mot villmarka (1946). Mannen med ormeøynene (1951) har stor kulturhistorisk interesse; den dreiar seg om striden mellom nordmenn og innflytta finnar (kvenar) i norske grensetrakter. Romanen Skiløperen (1936) handlar om det øydeleggande ved konkurranseidretten.

I mellomkrigstida kom romanen Troll-Elgen ut i store opplag i Tyskland. Nazistane såg på villmarkslitteratur og det nordiske som sunt og germansk, og i åra 1937 til 1940 kom den tyske utgåva av boka ut i eit samla opplag på meir enn 400 000 eksemplar. Troll-Elgen vart òg gitt ut på engelsk, dansk, svensk, finsk, polsk, latvisk og nederlandsk.

I 1920 var Fønhus journalist i ein kortare periode. Han var òg julehefteforfattar i mange år. Mest produktiv var han i 1920- og 30-åra, då dei norske julehefta hadde ei stordomstid. Til saman gav Fønhus ut godt over 40 bøker.

Ei minnebok, Mikkjel Fønhus. Slik som vi husker ham, blei utgitt i 1974. I tillegg til dei posthumt utgjevne bøkene etterlet Fønhus seg omkring førti manuskript; eit utval av dette stoffet blei utgitt i 1978 i tolv bind.

Naturvern

Fønhus freista tidleg å markere seg som natur- og samfunnsdebattant. Naturverntankane og den sterke skepsisen han hadde til teknologiske framsteg, møtte motbør i ei samtid som ville ha utvikling og velferd. Det var først då naturvern som kampsak for alvor voks fram i 1960-åra, at denne delen av forfattarskapen kom til sin rett. Frå då av fekk han ein viktig posisjon som naturvernforkjempar og som svært engasjert motstandar av det moderne industrisamfunnet sin innverknad på naturen.

Utmerkingar

Frå 1952 hadde Fønhus statens kunstnarløn. I 1963 fekk han Kongens fortenestemedalje i gull. Same året fekk han Språklig samlings litteraturpris. Fønhus vart æresmedlem i Naturvernforbundet i 1967, og han fekk Valdres Mållags kulturpris i 1974 (posthumt).

Bibliografi

  • Skoggangsmand, 1917
  • Der vildmarken suser, 1919
  • Det skriker fra Kverrvilljuvet, 1920
  • Troll-Elgen, 1921
  • Under polarlyset. En fortælling fra Spitsbergen, 1922
  • Raudalsdansen. To fortellinger fra Valdres, 1924
  • “Formaal Ægteskab”. Spelstykke i to vendingar (under pseudonymet Tølleiv), 1924
  • Gråbeinstad, 1925 (utgitt 1993)
  • Reinsbukken på Jotunfjell, 1926
  • Vandringen mot nord, fortellinger, 1927
  • Skogenes eventyrer, fortellinger om en rev, 1929
  • Fjellkongen, 1930
  • Løvene i Kilimatui, 1931
  • Varg, 1933
  • Ontarioskogen. Skildringer fra nordmenns skogsarbeiderliv i Canada, 1934
  • Skiløperen, 1936
  • Beveren bygger ved Svartkjenn, 1937
  • Veien over fjellet, 1939
  • Kampen mot villmarka. Nybyggerroman, 1946
  • Fjellsjøen, 1949 (ikke utgitt)
  • Tredalsmåren, 1950
  • Leoparden, 1956
  • Snøen fyker over Nøsfjell, 1957
  • I hine hårde dage, 1960
  • Av ulveslekt, 1961
  • Urskogene, 1964
  • Det raser i Haukefjellet, 1965
  • Gaupe, 1966
  • Gjemt i villskogen, 1967
  • Villgås flyr mot nord, 1968
  • Hubroen roper, 1971
  • Under Skagsnuten, 1973
  • I susen av Storelva, 1974
  • Halling-Svarten, (posthumt) 1975
  • Fjellkaren på Grefstadlegeret, 1978
  • Storskogen faller, 1978
  • Underlig hare i Kinnrudskogen, 1978

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Brandrud, Rolf: Drømmejegeren: en biografi om Mikkjel Fønhus, 1993
  • Brenne, Tom: Mikkjel Fønhus : en bibliografi, 1993
  • Brenne, Tom: Mikkjel Fønhus : hans liv og forfatterskap, 1993
  • Gleditsch, Ulf: Mikkjel Fønhus : skoggangsmann og tradisjonsbevarer, 1960
  • Hauge, Knut, red.: Mikkjel Fønhus : slik som vi husker ham, 1974 (særtr. av Tidsskrift for Valdres historielags Årbok, 1974)
  • Stensrud, Gudbjørg Fønhus: Mikkjel – far min, 1985

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg