i-mål

Artikkelstart

I-mål er ein variant av nynorsk som nyttar former som soli og husi i staden for sola og husa. I‑formene var dei opphavlege formene i landsmålet, seinare vart dei sideformer, og i 2012 vart dei tekne bort frå nynorsknorma.

I‑målet er kjenneteikna ved at sterke hokjønnsord, det vil seie hokjønnsord som endar på ein konsonant, får endinga ‑i i bunden form eintal: soli, tidi. Inkjekjønnsord får, med nokre få unntak, i‑ending i bunden form fleirtal: husi, åri.

Dette var den bøyinga språkforskar Ivar Aasen valde i Norsk Grammatik i 1864, etter å ha studert talemåla og jamført dei med gamalnorsk. I‑endinga fann han i Sogn og Telemark, ei nærskyld e‑ending i Telemark, Hallingdal, Valdres og Gudbrandsdalen.

Ved rettskrivingsreforma i 1917 vart former som sola og tida innførte som valfrie former i landsmålet, ved sida av dei tradisjonelle formene soli og tidi. Inkjekjønnsord fekk valfri fleirtalsform på ‑a: husa, åra, ved sida av dei tradisjonelle i‑formene. Samtidig vart i-forma den obligatorisk i riksmål i ein del særnorske hunkjønnsord, medan alle hunkjønnsord valfritt kunne ha a-form. Obligatoriske og valfrie former i 1917 var lærebokformer og derfor å sjå på som jamstilte hovudformer.

I rettskrivingsreforma i 1938 vart former som sola og tida hovudformer, medan soli og tidi vart sideformer. Former som husa og åra vart hovudformer for inkjekjønnsord, og husi og åri sideformer.

Rettskrivingsreforma i 2012 tok i‑formene ut frå nynorsknorma.

I målrørsla har det til tider vore hard strid mellom dei gruppene som stod for i‑former og dei som heldt på a‑former. Olav H. Hauge høyrer med til dei diktarane som i siste halvdel av 1900-talet nytta i‑former. Han heldt heile livet fast ved 1917-rettskrivinga.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Olaf Almenningen ofl. (red.): Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906–1981. Oslo 1981
  • Olaf Almenningen ofl. (red.): Språk og samfunn gjennom tusen år. Oslo 2002
  • Arne Torp og Lars S. Vikør: Hovuddrag i norsk språkhistorie. Oslo 2003
  • Finn-Erik Vinje: Et språk i utvikling. Noen hovedlinjer i norsk språkhistorie fra reformasjonen til våre dager. Oslo 1978
  • Ivar Aasen: Norsk grammatik. Etter fyrsteutgåva frå 1864. Oslo 1965

Kommentarer (3)

skrev Jon Grepstad

I artikkelen om i-mål står det: «I 1917 ble a-formene tillatt som sideformer (klammeform) i landsmål». Men er det rett? Formene var «valfrie» former, jamstilte med i-formene, etter det eg skjønar, og lærebokformer også etter «Rettleiding um rettskrivingi i lærebøker på landsmål». Jf. Finn-Erik Vinje: Et språk i utvikling, Oslo 1978, s. 314.

svarte Jon Grepstad

PS: Eg ser at siste delen av kommentaren min er unøyaktig.

svarte Guro Djupvik

Hei, Jon!
Takk for gode innspill. Fagansvarlig har nå vært inne og rettet opp teksten, i tråd med din påpekning.

Vennlig hilsen Guro i redaksjonen

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg