Eksempel på hovudformer og sideformer

Døme på hovudformer og sideformer i nynorsk. Hovudformer er mogleg og mogeleg (likestilte hovudformer); sideform er muleg. I det andre dømet er moglegheit og mogelegheit likestilte hovudformer, medan mugelegheit er sideform. I rettskrivingsreforma i 2012 vart mange av sideformene fjerna frå rettskrivinga og heile skiljet mellom hovudformer og sideformer oppheva.

Eksempel på hovudformer og sideformer
Av /Det Norske Samlaget.

Hovudformer var former i bokmål og nynorsk som skulle brukast i godkjende lærebøker og statstenesta. Elevane kunne bruke sideformer. Sideformene var i ordlistene markerte med skarpe klammer, [ ], og vart difor også kalla klammeformer.

Hovudform og sideform

Rettskrivingsreforma i 1938 innførte eit skilje mellom hovudformer og sideformer.

Tanken med å innføre skiljet mellom hovudformer og sideformer var at sideformene anten skulle representere ei mogleg framtidig fellesform for bokmål og nynorsk, eller dei tillét framleis bruk av former som språkplanleggjarane gjekk ut frå ville bli borte i seinare språkreformer. Sideformene inneheldt ofte òg fleire dialektvariantar.

Ved kgl.res. 24. juli 1981 vart det fastsett at hovudformene skulle brukast i statstenesta.

Skiljet mellom hovudformer og sideformer stod ved lag i bokmål fram til 1. juli 2005, då det vart fjerna. I nynorsk vart skiljet oppheva 1. juli 2012.

Valfrie former, Hægstadnormalen og midlandsnormalen

I landsmålsrettskrivinga frå 1901 vart Hægstadnormalen gjort til offisiell norm, men elevar kunne bruke midlandsnormalen i skriftlege arbeid.

Rettskrivingsreforma i 1917 skilde mellom obligatoriske og valfrie endringar i høve til den tidlegare rettskrivinga. Men tanken var at dei obligatoriske dei valfrie formene skulle vere i prinsippet jamstilte.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Dag Gundersen: Fra Wergeland til Vogt-komiteen. Oslo 1967
  • Alf Hellevik: «Forholdet mellom hovud- og sideformer i rettskrivingsnormalen». I Språkrøkt og språkstyring. Oslo 1979
  • Ernst Håkon Jahr: «Om 'hovedformer', 'jamstilte former' og 'sideformer' i skriftnormalane. En historisk oversikt». I Innhogg i nyare norsk språkhistorie. Oslo 1992
  • Finn-Erik Vinje: Et språk i utvikling. Oslo 1978

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg