Læreboknormal er ei nemning på eit utval blant formene i den offisielle rettskrivinga som skulle brukast i lærebøker og i statsadministrasjonen. I 2005 vart systemet med sideformer fjerna i bokmål, og dermed forsvann òg læreboknormalen i bokmål. I nynorsk vart systemet fjerna i 2012.

I samband med rettskrivingsreformene etter riksmålsreforma i 1907 vart det etablert ein normal til bruk i lærebøker. Det galdt reformene i 1917, 1938, 1959 og bokmålsreforma i 1981.

I dei seinare reformene bestod læreboknormalen av hovudformene i rettskrivinga. Sideformene eller «klammeformene» fall utanfor, men elevane kunne bruke desse formene i skriftlege arbeid.

Ved rundskriv frå Kyrkje- og undervisningsdepartementet 1. september 1959 vart læreboknormalen innført for statstenesta. Men det oppstod strid om dette prinsippet, og plikta til å bruke læreboknormalen vart i røynda suspendert frå om lag 1970 sjølv om det ikkje vart gjort formelt vedtak om det. Seinare, ved kgl.res. 24. juli 1981, vart det på nytt fastsett at hovudformene skulle brukast i statstenesta.

I 2005 vart skiljet mellom hovudformer og sideformer fjerna i bokmål. Og i 2012 vart skiljet også oppheva i nynorsk. Grunngjevinga var at valfridommen i desse skapte praktiske vanskar i norskundervisinga.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Sigve Gramstad og Kåre Lilleholt: Lov om målbruk i offentleg teneste med kommentarar. Oslo 1983
  • Alf Hellevik: «Forholdet mellom hovud- og sideformer i rettskrivingsnormalen», Språkrøkt og språkstyring. Oslo 1979
  • Ernst Håkon Jahr: «Om 'hovedformer', 'jamstilte former' og 'sideformer' i skriftnormalene. En historisk oversikt», Innhogg i nyare norsk språkhistorie. Oslo 1992
  • Finn-Erik Vinje: Et språk i utvikling. Oslo 1978

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg