Kåre Willoch, 2008. Av /NTB. Begrenset gjenbruk

Kåre Willoch

Faktaboks

Kåre Willoch

Kåre Isaachsen Willoch

Født
3. oktober 1928, Oslo
Død
6. desember 2021, Oslo
Kåre Willoch var Noregs statsminister frå 1981 til 1986.
Kåre Willoch
Av .
Den første Willoch-regjeringa på slottsplassen 14. oktober 1981. Willoch i midten med blomster. Statsrådane frå venstre: sosialminister Leif A. Heløe, justisminister Mona Røkke, fiskeriminister Thor Listau, olje og energiminister Vidkunn Hveding, kultur- og vitenskapsminister Lars Roar Langslet, forbruker- og administrasjonsminister Astrid Gjertsen, industriminister Jens Hallvard Bratz, utenriksminister Svenn Stray, handelsminister Arne Skauge, finansminister Rolf Presthus, miljøvernminister Wenche Frogn Sellæg, kirke- og undervisningsminister Tore Austad, samferdselsminister Inger Koppernæs, landbruksminister Johan C. Løchen, kommunal- og arbeidsminister Arne Rettedal og forsvarsminister Anders Sjaastad.
Regjeringa Willoch
Av /NTB.

Artikkelstart

Kåre Willoch var ein norsk politikar som representerte HøgreStortinget frå 1957 til 1989. Han var Noregs statsminister i fleire regjeringar frå 1981 til 1986. Han var formann i Høgre frå 1970 til 1974.

Willoch var seinare fylkesmann i Oslo og Akershus frå 1989 til 1998, og deretter direktør ved Fridtjof Nansens Institutt frå 1999 til 2001.

Kåre Willoch var den mest ruvande høgrepolitikaren i Noreg etter andre verdskrigen. Som stortingsrepresentant og regjeringsmedlem var han spesielt engasjert i økonomisk politikk. Budsjettdisiplin og varsemd ved bruk av offentlege midlar var ei viktig rettesnor.

Som statsminister vart han mest kjent for å ha sett i verk avregulering på viktige samfunnsområde. Kringkastingsmonopolet til staten vart oppheva, opningstidene til butikkane liberaliserte og bustadmarknaden vart deregulert av koalisjonsregjeringa som bestod av Høgre, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet frå 1983 til 1986. Det vart i denne perioden også opna tilgang til å starte private klinikkar. Også kredittpolitikken vart deregulert, ved at bankane fekk fridom til sjølv å fastsetje rentenivå og utlånskriterium.

Kåre Willoch vart tidleg rekna som ein av Høgres dyktigaste og mest slagferdige debattantar. Frå 1980-åra er det framfor alt dei skarpe duellane med Arbeidarpartiets leiar Gro Harlem Brundtland som blir huska.

Stortingsrepresentant

Foto fra 1965.
Av .

Willoch var fødd på Ullern i Oslo, og studerte sosialøkonomi etter at han hadde gjort ferdig verneplikstenesta si i Tysklandsbrigaden.

I 1951 kom han inn i bystyret i Oslo, og ved valet i 1953 vart han tredje varamann til Stortinget. I 1955 måtte han møte. Han var då 26 år gamal og vart dermed den yngste representanten som hadde teke sete i stortingssalen sidan 1814. Ved valet i 1957 vart han fast stortingsrepresentant og gjorde seg raskt gjeldande som ein særs skarpskodd debattant. Han hadde etter ein svært god embetseksamen i sosialøkonomi i 1953 hatt praksis i Industriforbundet. Tidlegare hadde han også vore innom Norges Rederforbund.

Handelsminister

I 1963 vart han handelsminister i John Lyng-regjeringa, og same posisjonen fekk han i regjeringa Per Borten frå 1965 til 1970. Begge gonger var han den yngste av statsrådane.

Willoch hadde i Borten-regjeringa eit anstrengt forhold til statsministeren, både på grunn av sakleg usemje om Noregs forhold til EEC (EU) og på grunn av misnøye med Per Bortens leiarstil. Som type var han sært ulik Per Borten, og han irriterte seg grenselaust over at statsministeren brukte så lang tid på å ta avgjerder. Møteleiinga hadde han også sterke innvendingar mot. Noko godt forhold vart det aldri mellom Willoch og Borten.

Høgrebølga

I perioden mellom dei to regjeringane tok Willoch på seg jobben som generalsekretær i Høgre i tillegg til stortingsarbeidet, og då han i 1970 gjekk ut av Borten-regjeringa vart han vald til formann i Høgre. Den posisjonen hadde han fram til 1974, då Erling Norvik tok over, og tospannet Norvik som formann og Willoch som parlamentarisk leiar vart ein stor suksess for Høgre. Dei utfylte kvarandre både politisk og som personar.

Som Høgres generalsekretær frå 1963 til 1965, som partileiar frå 1970 til 1974 og som parlamentarisk leiar frå 1970 til 1981 la Willoch grunnlaget for den sterke stillinga han etter kvart fekk i Høgre. Slutten av 1970-åra var for Høgres del prega av den såkalla høgrebølgja som bana veg for regjeringsskiftet i 1981.

Statsminister

Kåre Willoch er ein av dei mest betydningsfulle høgrepolitikarane i det tjuande århundre. Han var statsminister i perioden 1981 til 1986.

Kåre Willoch på veg ut frå slottet etter å ha blitt forespurt av kong Olav om å danne ny regjering, 12. oktober 1981
Av /NTB/Scanpix.

Etter valet i 1981 hadde dei borgarlege partia fleirtal i Stortinget, og det var brei semje mellom desse at Kåre Willoch skulle danne regjering. Han ønskte til gjengjeld å trekkje både KrF og Senterpartiet med i regjeringa. Usemje i abortsaka førte likevel til at han vart statsminister i ei rein høgreregjering dei første to åra. Dei to sentrumspartia var likevel ein del av det parlamentariske grunnlaget til regjeringa, og i 1983 var dei villig til å gå inn i regjeringa.

Rein høgreregjering

Partiet Høgre har hadde ein stor dag 14. oktober 1981, då den første Høgre-regjeringa sidan 1928 vart utnemnd med Kåre Willoch som statsminister. Den reine Høgre-regjeringa vart ei effektiv regjering og Kåre Willoch vart ein særs effektiv statsminister. Mens det etter at Borten-regjeringa tok over var vanskeleg å merke eit systemskifte, så vart skiftet i politikk klart og tydeleg etter at Willoch-regjeringa overtok. I dei fem åra skjedde det ei omlegging av politikken som var meir omfattande og synleg enn under andre regjeringar etter andre verdskrigen. Dels skjedde det fordi tida var mogen for det og fordi omlegginga alt var i emning under Odvar Nordli og Gro Harlem Brundtland sine regjeringar.

Det gjeld til dømes det såkalla frisleppet i kredittpolitikken. Då dette vart gjennomført i 1984 fekk det då også støtte frå Arbeidarpartiet. Derimot var liberaliseringa på andre område av samfunnslivet eit direkte resultat av systemskiftet: Kampanjen om eit opnare samfunn som statsråd Astrid Gjertsen gjekk i brodden for, og opphevinga av kringkastingsmonopolet som vart ei merkesak for kulturminister Lars Roar Langslet. Høgre hadde gått til val på ein politikk for større personleg fridom og mindre statlege inngrep. Dette var også eit hovudelement i den høgrebølgja som hadde sikra partiet valsigeren i 1981, og det var ikkje eit spesielt trekk for Noreg. Tilsvarande straumdrag gjekk over heile den vestlege verda.

Sjefen med stor S i den reine Høgre-regjeringa var Kåre Willoch, og truleg er det berre Gro Harlem Brundtland i 1990-åra, Einar Gerhardsen i 1950-åra og Gunnar Knudsen under første verdskrigen som har hatt ein like suveren posisjon i eiga regjering som det Kåre Willoch hadde i den reine Høgre-regjeringa. Han kunne nok vere irriterande for statsrådane, for han blanda seg opp i og engasjerte seg i nesten alle saker som hamna på regjeringa sitt bord.

Trepartiregjering

Det gjekk ikkje så lang tid med ei rein Høgre-regjering i 1981 før både Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti innsåg at det ikkje var tilfredsstillande å sitje som støtteparti i Stortinget for ein politikk dei ikkje hadde høve til å påverke i regjeringsposisjon. Meiningsmålingane viste då også at det var Høgre som vann mest på situasjonen. Dei to støttepartia vann lite. I pinsa 1983 opna leiaren i Senterpartiet, Johan J. Jacobsen, for at dei tre partia no burde forhandle med sikte på å utvide regjeringa. Talen var uventa både for Høgre og for KrF, men snart var forhandlingar i gang. Landsmøtet i KrF i april 1983 hadde dessutan opna for at partiet om situasjonen kravde det, kunne delta i ei regjering sjølv om abortlova ikkje vart endra. «Situasjonen» som kravde det var ei mogeleg regjeringskrise på industriutbygginga i Tyssedal. Også Willoch og Høgre kjende seg bunden av lovnaden frå før valet om at ein om mogeleg skulle skipe ei trepartiregjering.

Etter ein hektisk forhandlingsrunde kom fire statsrådar frå KrF og tre frå Senterpartiet inn i regjeringa, og sju høgrestatsrådar måtte gå. Denne regjeringsutvidinga var ikkje særleg populær på grunnplanet i Høgre, og ved lokalvalet i 1983 fekk partiet ein tilbakegang. Det vart tolka som om høgrebølgja no var på retur, men det var snarare Framstegspartiet som var i siget. Arbeidet gjekk naturleg nok heller ikkje like lett i ei trepartiregjering som då Høgre hadde regjeringa åleine. Når det knirka i samarbeidet kom det sjølvsagt av at no sat toppleiarane i dei tre partia i regjeringa. Dei hadde alle eit markeringsbehov, og sjølv om både Kjell Magne Bondevik og Johan J. Jacobsen samarbeidde godt med statsminister Willoch, vart det no tre parti som skulle markere seg. Nye samarbeidsformer i regjeringa måtte etablerast.

Eit eige underutval vart etablert med statsminister Willoch, finansminister Rolf Presthus og Kjell Magne Bondevik frå KrF og Johan J. Jacobsen frå Sp. Dette utvalet skulle ta seg av saker som køyrde seg fast i regjeringa. Seinare kom det også eit eige oljeutval og eit eige utanrikspolitisk utval i regjeringa. I det siste var også dei tre partia sine stortingsgrupper med, og det vart nødvendig då den såkalla rakett-saka var i ferd med å rive grunnen unna Willoch-regjeringa. Gjennom sitt dobbeltvedtak hadde NATO forplikta seg til både utplassering av nye mellomdistanserakettar i Europa og forhandlingar med Sovjetunionen om å avgrense talet på slike rakettar. Mange i mellompartia var samde med dei i Arbeidarpartiet som ville «fryse» utplasseringa av rakettane og i staden satse einsidig på forhandlingar. Då regjeringa vart utvida, stilte Willoch som krav at ingen av statsrådane frå mellompartia måtte vere motstandarar av NATOs dobbeltvedtak, men for å halde stortingsgruppene samla i støtte for at NATO gjennomførde både utplasseringa og forhandlingar, måtte Willoch la eit uformelt kabinettspørsmål henge over stortingsgruppene i denne saka. Alle visste at ved eit nederlag i tryggingspolitikken så ville regjeringa gå. Dette trugsmålet gjorde at regjeringa berga seg igjennom, men andre vanskelege saker sto i kø.

Problem oppstod ikkje minst fordi Arbeidarpartiet etter kvart kom til å by over regjeringa i ei rekkje saker som var populære i mellompartia, og det var gjerne saker der Ap sitt standpunkt var dyrare for staten enn regjeringa sitt. For Willoch, som meinte at det snarare enn å bruke meir av statens pengar heller burde strammast inn, vart dette ein særs vanskeleg balansegang, og han har i ettertid vedgått at han gjekk med på fleire påplussingar enn han burde ha gjort. Rolf Presthus signaliserte då også på slutten av regjeringa si levetid at han ikkje var heilt nøgd med utgiftssida i budsjettet. Han hadde levert budsjettet nærast «med påhalden penn». I det låg at dette var det beste han kunne få fleirtal for i regjeringa. Problemet for regjeringa var at det med Arbeidarpartiet sine stemmer i Stortinget var eit solid fleirtal for å plusse på utgiftene meir enn det regjeringa gjorde framlegg om.

I valkampen framfor stortingsvalet i 1985 tok overboda heilt av. Trass i at ein hadde fått nesten samrøystes vedtak i Stortinget om å fjerne taket på bankane sitt utlån, og difor burde ha sett opp renta for å dempe låneeksplosjonen, så gjorde Arbeidarpartiet framlegg om rentereduksjon både i 1984 og 1985. Seinare har Bankkrisekommisjonen slått fast at staten i denne situasjonen burde ha teke i bruk verkemidlar for å dempe den sterke etterspørselen etter lån dei siste åra av Willoch-regjeringa si levetid. Willoch sjølv vil nok i ettertid gjerne setje to strekar under ein slik konklusjon, men på det tidspunktet var det ikkje mogeleg å få fleirtal i Stortinget for ein renteauke. Han valde å bli sitjande trass i at både han og finansministeren eigentleg meinte at den økonomiske politikken regjeringa førte var for ekspansiv. Om han og regjeringa hadde gått av tidlegare, ville det på ingen måte ha hindra den bankkrisa som kom seinare.

Våren 1984 vart Kåre Willoch alvorleg sjuk, og var borte frå politikken ei lang stund. Han kom seg til att, men mange meinte å kunne merkje at det var ein litt rolegare og kanskje også litt mindre handlekraftig Kåre Willoch som kom tilbake.

Regjeringskrise

Regjeringspartia gjorde eit brukbart val i 1985. Statsminister Kåre Willoch deltok denne gongen ikkje like aktivt i valkampen, og han makta ikkje like suverent å vinne duellane med Gro Harlem Brundtland som han hadde gjort det framfor valet i 1981. Han kjende det nok tyngre å forsvare seg enn å angripe.

Regjeringspartia miste fleirtalet sitt ved dette valet, og vart avhengig av dei to stemmene til Framstegspartiet for å få fleirtal i Stortinget. Willoch hadde ein samtale med Carl I. Hagen for å klargjere situasjonen, men hadde fått klar melding frå dei to regjeringspartnarane at noko samrøre med Hagen var uaktuelt. Offisielt ville dei ikkje ha noko med Frp å gjere. Basert på at Hagen før valet hadde sagt at han heller ville ha ei borgarleg regjering enn ei Ap-regjering, valde Willoch å regjere vidare etter valet, trass i at regjeringspartia miste fleirtalet sitt.

Regjeringskrisa kom i 1986. Budsjettet hausten 1985 var eit forvarsel. Det viste seg å vere vanskeleg å få det stramt nok. I januar 1986 fall oljeprisane sterkt, og dette ville få direkte innverknad på norsk økonomi. Regjeringa utforma den første delen av ein innstrammingspakke på 2 milliardar kroner. Ein del av denne var eit framlegg om å auke bensinavgifta med 35 øre literen. Dette skapte problem for Framstegspartiet som hadde programfesta motstand mot auka avgifter. Arbeidarpartiet gjekk også mot, og det same gjorde SV. Dermed var det fleirtal mot regjeringa. Statsminister Kåre Willoch kunne ikkje godta at stortingsfleirtalet sa nei til ei relativt avgrensa innstramming. Han visste nemleg at behovet kom til å bli mykje større. Willoch hadde rekna med at pakken ville passere ved at Framstegspartiet støtta alle budsjettkutta og Arbeidarpartiet og SV støtta all avgiftsauke, men slik gjekk det altså ikkje. Mei ei stemmes overvekt vart framlegget om auka bensinavgift nedstemt. Willoch gjekk så på Stortingets talarstol og varsla at regjeringa ville gå. Han kunne nok ha forlenga regjeringa si levetid ved å gå med på å utsetje framlegget om auka bensinavgift, men regjeringa samla seg om at nok er nok.

Nyorientering

Willoch var ein aktiv samfunnsdebattant etter at han ga seg som politiker.

Willoch var spesielt opptatt av økonomisk politikk.

Etter at han gjekk av som statsminister i 1986 markerte Willoch seg som ein sterk kritikar av Israels politikk overfor palestinarane. I perioden frå 1986 til 1989 var han leiar i Stortingets utanriks- og konstitusjonskomité. I 1987, etter at han var gått av som statsminister, var han aktuell kandidat som generalsekretær i NATO. Også i delar av familiepolitikken og i enkelte miljøspørsmål endra han haldning i retning det politiske sentrumet. Han var særleg oppteken av småbarnsforeldres situasjon. I miljøsaker verka han som ivrig talsmann for verneinteressene.

Han var fylkesmann i Oslo og Akershus frå 1989 til 1998, og som pensjonist hadde han ein periode (1998–2000) der han var styreleiar i NRK, men elles prøvde han å påverke samfunnsutviklinga gjennom å meine noko om det meste. Han vart leiar for Forsvarskommisjonen i 1990, og i 1999 vart han leiar for eit offentleg utval som skulle greie ut om vi har god nok beredskap og samfunnstryggleik her i landet. Konklusjonen var at mykje måtte gjerast, og ikkje minst ivra Willoch for å få etablert eit eige departement som skulle koordinere samfunnets beredskaps- og tryggingsarbeid.

Kåre Willoch var heile tida etter at han gjekk ut av Stortinget ein aktiv samfunnsdebattant. Han var ettertrakta foredragshaldar og skreiv fleire politiske bøker, mellom anna sine memoarar i tre bind.

Kåre Willoch vart i 1996 utnemnd til Kommandør av St. Olavs Orden.

Utgivingar

  • Prispolitikken i Norge, 1959
  • Minner og meninger, 1988
  • Statsminister, 1990
  • Krisetid, 1992
  • En ny miljøpolitikk, 1996
  • Tanker i tiden, 1999
  • Myter og virkelighet, 2002
  • Utfordringer, 2004
  • Erfaringer for fremtiden, 2010

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg