Etter tida som journalist konsentrerte han seg om å skrive krigshistorie, og frå 1972 var han statsstipendiat. I tillegg var han sterkt engasjert i tilhøva krigsveteranane hadde i samfunnet som sivil, og arbeidde aktiv for deira rettar til mellom anna fullverdig pensjon og helsehjelp.
Det er ein omfattande historisk dokumentasjon av den norske motstandskampen Ulstein har gitt til den norske historia. Det han skreiv, byggjer ikkje berre på eigne opplevingar, men endå meir på eit tusental intervju han har gjort med motstandsfolk, grenselosar, flyktningar, hemmelege agentar, englandsfararar og nokre av dei jødane som overlevde krigen. Noko av det første han skreiv om var englandsfarten, som med fare for eige liv kom seg over Nordsjøen til Shetland for å frakte dei som måtte flykte, ofte i små og ofte skrøpelege båtar. Dette arbeidet resulterte i to bind om englandsfarten.
Seinare brukte han det omfattande lydbandmaterialet han hadde frå intervju med svenskelosar og mange av dei som flykta over svenskegrensa, til å skrive tre band om svensketrafikken. Han skreiv òg om motstandskampen på øyane utanfor Ålesund, Godøya, Giske og Vigra, i boka Småsamfunn i storkrig, og etter det skreiv han trebindsverket om etterretningstenesta i Noreg i krigsåra.
Han var heile tida oppteken av jødane sin lagnad og skreiv i 1995 boka Jødar på flukt. Der skildrar han historia til mange av dei norske jødane, både dei som døydde i Holocaust og dei som greidde å kome seg unna. Han sa sjølv at det var eit kall for han å skrive denne boka. «Det forferdelege som skjedde med jødane, er eit evig Kainsmerke i vår slekt», sa han sjølv. I 1999 skreiv han krigshistoria til si eiga heimbygd, Ulsteinvik: Lagunen og stormen. Ulstein – bygd i Europa 1940–45. I 1984 skreiv han Sunnmørsposten si 100-årshistorie: By og land i 100 år. Før han starta på krigshistoria, fekk han òg tid til å skrive eit par romanar: Harpegjengen i 1961 og Parade i 1964.
Gjennom Ulstein sin store innsats har tusenvis av motstandskjemparar, som elles hadde vorte gløymde av samtida og ettertida, vorte registrerte og trekte fram i lyset. Det omfattande registreringsmaterialet, som ikkje minst kona hans Jenny Hermine Ulstein har skrive av og katalogisert, er no overført til Heimefrontmuseet.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.