Hornindal (tidlegare kommune)

Faktaboks

Etymologi
gardsnamnet Horne, norrønt Hornyn, av horn, ‘fjelltopp’, og vin, ‘naturlig eng’.
Landareal
174 km²
Innbyggertall
1 152 (2019)
Administrasjonssenter
Grodås
Fylke
Sogn og Fjordane
Innbyggernavn
horndøl
Målform
nynorsk
Kommunenummer
1444
Høyeste fjell
Hornindalsrokken (1527 moh.)

Kommunevåpen

Gamle Honndøla bru over elva Honndøla i indre Hornindal. Hornindalsrokken i bakgrunnen, 1529 m o.h.

Av .
Lisens: CC BY SA 3.0
Av /Store norske leksikon ※.
Hornindal kommune før kommunen blei delt mellom Eid og Stryn i 1965.
Hornindal ved folketeljinga i 1960
SSB.

Artikkelstart

Hornindal var ein kommune i dåverande Sogn og Fjordane fylke. Hornindal vart i 2020 ein del av Volda kommune og vart samtidig ein del av Møre og Romsdal fylke. Samanslåinga var del av ei landsomfattande kommunereform.

Hornindal ligg i Nordfjord. Den tidlegare kommunen omfatta områda omkring austre del av Hornindalsvatnet og sjølve Hornindalen. Dalføret går nordaustover til grensa mot Stranda kommune og Hellesylt.

Hornindal var eigen kommune i 1867–1964 og i 1977–2019.

Natur

Hornindalen er brei, open og frodig, med bratte, ofte blankskura sider. Fjella er høgast i nord, med Hornindalsrokken på 1529 meter over havet. Dette var det nordlegaste punktet til kommunen på grensa til kommunane Ørsta og Stranda i Møre og Romsdal.

Berggrunnen i Hornindal består av gneis og granitt som tilhøyrer Gneisregionen. Ein finn òg basiske djupbergartar frå kaledonsk tid, mellom anna olivinstein, særleg sør for Hornindalsvatnet.

Busetnad

Vel halvdelen av innbyggjarane bur i og omkring tettstaden Grodås ved austenden av Hornindalsvatnet. Resten av busetnaden ligg særleg på terrassar langs nordsida av hovuddalføret austover frå Grodås.

Næringsliv

Det meste av industrien er trevare- og møbelindustri som ligg ved det tidlegare administrasjonssenteret Grodås. Jordbruket er eit nesten reint husdyrhald, der heile 99 prosent av jordbruksarealet blir brukt til eng til slått og beite. Skogen gir råstoff til lokal trevareindustri, mellom anna produksjon av ferdighytter. Turisme er ei veksande næringsgrein, og kommunen har fleire overnattingsstader.

Samferdsel

E39 (KristiansandTrondheim) kjem sørvest frå Nordfjordeid, går på sørsida av Horninsdalsvatnet, gjennom Grodås, og vidare Kvivsvegen til tettstaden Volda og vidare nordover.

Frå Kjøs går riksveg 15 austover frå E39 til Stryn, over Strynefjellet til Otta i Gudbrandsdalen og vestover til Måløy. Frå Grodås går fylkesveg 60 nordover til Hellesylt og Stranda og sørover over Utvikfjellet til Byrkjelo.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Hornindal kommune tilhøyrde Vest politidistrikt, Fjordane tingrett og Gulating lagmannsrett. Kommunen var med i regionrådet Nordfjordrådet saman med Bremanger, Eid, Gloppen, Selje, Stryn og Vågsøy.

Hornindal kommune svarer til soknet Hornindal i Sør Sunnmøre prosti (Møre bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Hornindal til Sønd- og Nordfjord fogderi i Nordre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Hornindal

For statistiske formål var Hornindal kommune (per 2016) delt inn i eitt delområde med til saman sju grunnkrinsar: Haugen, Kirkhorn, Grodås, Kjøs, Otterdal, Lødemel og Rygg.

Historikk og kultur

Hornindal kommune vart oppretta i 1867 ved deling av dåverande Eid kommune i to. I 1965 vart Hornindal delt mellom Eid og Stryn med 310 innbyggjarar til Eid og 1184 innbyggjarar til Stryn. Delinga var del av ei større kommunesamanslåing både i Eid og Stryn.

I 1977 vart Hornindal kommune retta opp igjen ved at den austre delen som hadde vore tillagt Stryn, vart eigen kommune. I 2019 vart grenda Maurset overført frå Hornindal til Stryn. I 2020 vart Hornindal og Volda slått saman i samband med kommunereforma.

Den Trondhjemske postveg gjekk gjennom Hornindal, og i dag finst kvelvingsbruer i stein. Hornindal kyrkje er ei langkyrkje i tre bygd 1856, teikna av arkitekt Hans Ditlev Linstow. Altertavla frå 1932 er laga av Dagfin Werenskiold.

Bilethoggaren Anders Svor er fødd i Hornindal, og på Grodås ligg Anders Svor Museum med ei rekkje skulpturar. Hornindal har ein rik folkemusikktradisjon. Brita Lund var ein kjend biletvevar.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet var godkjend i 1987 og hadde tre sølvfarga ljåblad, liggjande eitt over eitt, mot ein blå bakgrunn. Motivet symboliserte jordbruk og smedhandverk.

Namnet kjem av første ledd er gardsnamnet Horne, norrønt Hornyn, av horn, ‘fjelltopp‘, og vin, ‘naturleg eng‘.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Lillestøl, Karl: Hornindal herad gjenom hundrad år, 1837-1937, 1937.
  • Lødemel, Halfdan: Hornindal kommune 1937-1987, 1987.
  • Os, Edvard: Eid og Hornindal: etter Jacob Aaland: Nordfjord frå gamle dagar til no. B.II/1 Eid – Hornindalen, 1953.
  • Svaar-Seljesæter, Knut: Hornindal, Nordfjord : ættelister for kvar gard i bygda, ny utgave, 1989.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg