Måløy er ein tettstad og administrasjonssenter i Vågsøy kommune, Sogn og Fjordane. Tettstaden ligg på søraustsida av øya Vågsøy og har bystatus frå 1997.

Måløy er ei viktig fiskehamn med mykje industri knytt til fiskeri og fleire fiskeeksportfirma. Måløy er også eit viktig kommunikasjons- og handelssenter. Måløybrua over Ulvesundet på Rv. 15 går over til fastlandet. Stoppestad for HurtigrutenVidaregåande skuleDeknepollen på fastlandet, arbeidskontor for Ytre Nordfjord.. I Måløy kjem avisa Fjordenes Tidende ut. Sør-Vågsøy kyrkje er ei langkyrkje av tre frå 1907.

Måløy vart angripe av britiske og norske styrkar 2. juledag 1941 under Måløyraidet; da kaptein Martin Linge miste livet.

Namnet. Måløy er opphaveleg namnet på ei lita øy i sundet mellom Vågsøy og fastlandet. Namnet kjem truleg av norrønt mál, 'stemne, ting', dvs. at øya har vore stemne- og/eller tingstad.

  • Starheim, Ottar & Terje Sølvberg: Måløy : brua og byen, 2003.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.