Otta

Otta.

Artikkelstart

Otta er ein tettstad i Sel kommune i Innlandet. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 2,1 km², og har 2283 innbyggjarar (2021).

Faktaboks

Innbyggertall
2283 (SSB, 2021)
Landareal
2,1 km²
Tettstedsnummer
1582 Otta

Otta er administrasjonssenter i Sel kommune og ligg der Ottadalen munnar ut i Gudbrandsdalen, 113 kilometer nord for Lillehammer.

Otta er trafikknutepunkt for jernbanen og har busssamband gjennom Ottadalen og vidare til Sogn, Nordfjord og Sunnmøre. Tettstaden er eit handels-, service- og skulesenter i Nord-Gudbrandsdal.

Staden har mykje industri, mellom anna trevareindustri, næringsmiddelindustri (slakteri, mølle), grafisk industri og steinindustri (ottaskifer).

Turisttrafikken er stor, med hotell og gjestgiveri. Her ligg òg Galleri Rondane (kunstutstillingar) og eit informasjonssenter for bergverk og steinindustri. «Ottamartna'n» arrangeres årleg i månadsskiftet september-oktober.

Sel kommune har vedteke bystatus for Otta frå 2000.

Kart

Otta
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg