Hornindalsvatnet

Hornindalsvatnet er 50,5 km², 514 meter dypt og ligger 53 meter over havet

Hornindalsvatnet er ein innsjø i Stad kommune i Vestland og i Volda kommune i Møre og Romsdal. Hornindalsvatnet er den djupaste innsjøen i Europa, og blant dei djupaste innsjøane i verda.

Hornindalsvatnet er 50,5 kvadratkilometer stort, opptil 514 meter djupt og ligg 53 meter over havet. Vatnet er med det den største innsjøen på Vestlandet og den djupaste innsjøen i Europa.

Vatnet i Hornindalsvatnet er påfallande klart, på grunn av at det knapt er brear i nedslagsfeltet og fordi vatnet er næringsfattig. Innsjøen har avløp vestover gjennom Eidselva til Eidsfjorden, som er ein arm av Nordfjord.

Rutebåtar

Det var rutebåt-trafikk på vatnet frå 1880 til 1972. D/S «Dølen» gjekk frå 1880 til 1950, og M/B «Honndølen» gjekk frå 1952 til 1972, då rutetrafikken vart utkonkurrert av bilveg.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg