Strynefjell

Strynefjellet er eit fjellområde i grensetraktene mellom Stryn kommune i Vestland fylke og Skjåk kommune i Innlandet fylke.

Strynefjellet ligg på begge sider av den gamle, vinterstengde Strynefjellsvegen, fylkesveg 258, gjennom Videdalen. Vegen er ein del av prosjektet Nasjonale turistvegar. Det høgaste punktet på den gamle vegen er 1139 meter over havet. På sørsida er det sommarskisenter på Tystigen. Frå 1937 er eit alpint skirenn, Strynefjellsrennet, arrangert årleg.

Kart

Strynefjellet
Strynefjellet
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg