Giacomo Puccini

Faktaboks

Giacomo Puccini
Født Giacomo Antonio Domenico Michele Secondo Maria Puccini
Uttale
puttʃˈini
Født
22. desember 1858, Lucca, Storhertugdømmet Toscana (nå Italia)
Død
29. november 1924, Brussel, Belgia
Giacomo Puccini var en italiensk komponist. Han studerte harmonilære og kontrapunkt i fødebyen Lucca, senere ved konservatoriet i Milano. Han komponerte vesentlig operaer, hvorav flere er blant verdens mest spilte.

Artikkelstart

Giacomo Puccini var ein italiensk komponist, først og fremst berømt for operaene sine. Han vert rekna som den fremste komponisten av italiensk opera etter Giuseppe Verdi, særleg hugsa for La Bohème (1896), Tosca (1900) og Madama Butterfly (1904).

Puccini sin mest kjende arie er tenor-arien Nessun dorma frå den avsluttande tredje akta i operaen Turandot. I samband med verdsmeisterskapen (World cup) i fotball i 1990 framførte Luciano Pavarotti arien og gjorde den verdskjent. Det same gjeld sopran-arien Vissi d'arte frå andre akt av Tosca, som Maria Callas har gjort verdskjent.

Biografi

Giacomo Antonio Domenico Michele Secondo Maria Puccini var fødd i Lucca i Italia og døydde i Brüssel i Belgia. Han vart fødd inn i ein familie av musikarar, og faren var ein respektert komponist og lærar. Etter at faren døydde då Puccini var berre fem år gamal, var det onkelen, Fortunato Magi, som gav han den første musikkundervisinga.

Studier

Puccini studerte musikk hos Carlo Angeloni (1834–1901) frå femårsalderen. Han gjorde det bra, og ti år gammal vart han tilsette som organist ved nonneklosteret til Benediktinarordenen i heimbyen Lucca. Frå 1874 studerte Puccini ved Isituto Musicale Pacini i Lucca. Etter å ha sett ei framsyning av Verdis opera Aida vart han overtydd om at det var operakomponist han ville bli. Han var klar over at han måtte studere musikkteori, men økonomien strakk ikkje til studium ved konservatoriet i Milano. Mor hans forfatta difor eit brev til dronninga, som gav Puccini eit stipend.

I 1880 flytta Puccini vidare til Milano, der han studerte ved konservatoriet i tre år. Der vart fiolinisten Antonio Bazzini og komponisten Amilcare Ponchielli lærarane hans. Likevel rakk ikkje stipendet så lenge studiane varte, og han var difor tvinga til å leve eit bohemliv i Milano. Opplevingane i Milano dannar bakgrunnen for operaen La Bohème.

Estetikk

Puccini vart den fremste eksponenten for verismo-bølgja, som la stor vekt på realisme, både i val av miljø og karakterar, men òg i den musikalske forteljemåten. Samstundes greidde han å sameine den uunngåelege påverknaden frå Richard Wagner med den italienske, songfokuserte tradisjonen. Puccini fekk òg sterke inntrykk frå fransk lyrisk drama og skapte med dette ein eigenarta, personleg operastil som har hatt stor innverknad på yngre operakomponistar.

Ei vesentleg side ved Puccini sitt syn på opera var at han rekna arbeidet med teksten like viktig som arbeidet med musikken. Som Wagner var òg Puccini oppteken av opera som Gesamtkunstwerk, der song, rolleteikning, deklamasjon, andletsuttrykk, gestikulasjon, kostyme, sceneutstyr og lyssetjing hadde som mål å oppnå maksimal dramatisk effekt.

Hovudforskjellen mellom Puccini og Wagner ligg likevel i at Puccini økonomiserte med det tekstleg-dramatiske, slik at handlinga utviklar seg enkelt og logisk, ofte hurtig og med stadig stigande spenning. Dette kom av at Puccini såg på eit forståeleg handlingsforløp som heilt sentralt. Forenkling av det dramatiske materialet førte difor til (bortsett frå i La Bohème) at Puccini unngjekk alle former for lagdelt handling, slik ein ofte finn hos Wagner, Wolfgang Amadeus Mozart, Giuseppe Verdi og Richard Strauss.

Av dei musikalske midlane såg Puccini melodien som det viktigaste. Her var han i pakt med det aller beste i italiensk operatradisjon og var Verdi sin fremste etterfølgjer. Eit anna viktig element var harmonikken, der han ønskte å vere fullt på høgd med si tids utvikling. Med harmoniske midlar var han i stand til å gi kvar enkelt opera «variasjon», i tillegg til at harmonikken i seg sjølv vart eit viktig middel i framstillinga av sjølve handlinga. Som Strauss likte Puccini å bruke den fulle klangmassen til orkesteret. Han kunne òg bruke orkesteret på ein forfina og ytst raffinert måte, med ei meisterleg evne som minner om Claude Debussy sin klangkunst.

Operaene

Debut og gjennombrot: Le villi, Edgar og Manon Lescaut

Medan Puccini studerte, komponerte han einaktaroperaen Le villi (1883) til ein operakonkurranse. Han vann ikkje konkurransen, men den vart likevel sett opp på Teatro del Verme i 1884. Le villi vart ein stor suksess. Forleggjaren Giulio Ricordi høyrde verket og vart så imponert at han gav komponisten eit stipend for at han skulle komponere ein ny opera, Edgar (1889). Ricordi sitt forlag eigde etterkvart rettane til alle Puccini sine operaer, med unntak av éin opera. Ricordi vart ein enormt viktig støttespelar for Puccini, både kreativt og profesjonelt, heilt fram til han døydde i 1912.

Edgar vart ingen suksess, men Ricordi heldt på støtta til Puccini, sikker på at han hadde funne Verdi sin arvtakar. Operaen Manon Lescaut (1893), med fire akter, vart Puccini sitt store internasjonale gjennombrot, noko som gav Puccini den endelege stadfestinga han venta på. Prosessen var vanskeleg, og fleire ulike librettistar arbeidde med teksten, men då operaen endeleg vart framført i Torino i 1893, vart han unisont rosa av både kritikarar og publikum.

Høgda av verismo: La Bohème, Tosca og Madama Butterfly

Den siste av librettistane som var innom Manon Lescaut, var Luigi Illica, som saman med Giuseppe Giacosa skreiv dei tre neste librettoane for Puccini. Desse to, med Ricordi som meklar og mellommann, greidde å handtere dei enorme krava Puccini stilte, og var med på å skape dei største suksessane hans.

Den første operaen dei skreiv saman var La Bohème (1896), med ei historie som er typisk verismo: Den fattige diktaren Rodolfo forelskar seg i den tuberkulosesjuke syerska Mimì, og operaen følgjer den håplause kampen deira for å få til eit liv i lag, underlagde miskunnslaus fattigdom. Den musikalske realismen er òg tydeleg: Puccini stoppar nesten aldri tida for eit musikalsk nummer, slik norma var tidlegare. I La Bohème er det i dei små samtalane at dei store, emosjonelle augneblinkane kjem, og dei forsvinn att like brått som dei kjem. La Bohème sin suksess gjorde at Puccini seinare aldri trong å tenkje på pengar.

I Tosca (1900) dominerer dette musikalske aspektet av verismen, i tillegg til eitt nytt: ein historisk setting for den fiktive handlinga. Alt går føre seg 17. juni 1800, tre dagar etter Napoleon sin siger ved Marengo. Utfallet av slaget, med følgjene det fekk for den politiske situasjonen i Roma, set premissane for handlinga: Operadivaen Floria Tosca elskar den revolusjonære kunstnaren Cavaradossi, som vert dømd til døden for å ha hjelpt ein fange med å flykte frå den vonde politisjefen Scarpia.

Igjen var autentisk lyd viktig: Til førsteakta konsulterte Puccini kyrkja om kva liturgi som ville ha vore brukt, og til tredjeakta fann han ut kva for klokker ein ville ha høyrt ved daggry i Roma, samt kva tonehøgder dei hadde, slik at han kunne gjenskape dei så realistisk som råd på scena. Slutten på førsteakta kan minne om ein eldre concertato-finale, men stoppar aldri tida. Kanonane varslar om fangen som har rømt, klokkene ringjer til messe, koret syng autentisk liturgi, medan Scarpia fantaserer om planane sine. Slik lét Puccini dei musikalske nummera vekse ut av handlinga og dialogen, i staden for omvendt.

Handlinga i Madama Butterfly (1904) går føre seg i Japan, der den unge Cio-Cio-San vert gifta bort til den amerikanske offiseren Pinkerton. Ho elskar han, men han er berre ute etter ein kortvarig affære, før han reiser heim og giftar seg «på ordentleg» med ei amerikansk kvinne. Puccini sitt harmoniske språk vart meir og meir avansert i denne tida, og Cio-Cio-San er den mest mangefasetterte figuren han hadde komponert til då, med stor indre utvikling.

Tosca og Madame Butterfly var så moderne og nyskapande at publikum var rådville. Suksessen rundt desse lét difor vente på seg. Resultatet vart at Puccini delvis omarbeidde Madame Butterfly.

Frå La fanciulla til Turandot

Etter ei reise til USA komponerte Puccini operaen La fanciulla del West (1910). La fanciulla del West kom heile seks år etter Madame Butterfly og har handlinga lagt til det ville Vesten. Orkestermessig er dette det mest ambisiøse verket hans før Turandot, men likevel har det ikkje funne ein like stor plass i repertoaret som dei tre føregåande verka. Etter La Rondine (1917), ein sjeldan framført operette, prøvde Puccini seg på ei heilt ny operaform.

Il trittico (1918) omfattar tre einaktaroperaer: Il tabarro er ei blodig verismo-historie om livet på ein elvebåt. Suor Angelica handlar om ei nonne som tek gift og opplever ein religiøs visjon når ho høyrer at guten ho fødde utanfor klosteret, er død. Gianni Schicchi er ei historie henta frå Dante, om ein familie som får svi når dei prøver å forfalske eit testament. Kvart verk set lys på ulike aspekt av operaforma: Il tabarro på det dramatiske, Suor Angelica på det emosjonelle og Gianni Schicchi på det komiske. Sjølv om dei i dag sjeldan vert framførte saman, var Puccini heile tida klar på at det var intensjonen hans.

Puccini sitt siste storverk var operaen Turandot (1924), ein opera han aldri fekk fullført. Likevel er denne operaen i dag mellom dei mest respekterte verka hans, heidra mellom anna for den ambisiøse harmonien og orkestreringa. Historia er lagd til eit førhistorisk Kina, der isprinsessa Turandot hemnar ei formoder ved å avrette alle beilarane som ikkje greier å løyse dei tre gåtene ho gir dei. Utfordringa for Puccini låg i å løyse det dramatiske forholdet mellom Turandot og helten Calaf i den siste akta. Då komponisten døydde mangla det framleis ein god del av denne akta, og det fall på den yngre komponisten Franco Alfano å fullføre operaen etter meisteren sine skisser. Alfano fullførte Turandot i 1926.

Ettermæle

I dag står Puccini som ein av dei mest framførte operakomponisten i verda. Puccini er òg sett på som den mest suksessfulle av dei mange som prøvde seg på den vanskelege oppgåva det var å skrive opera i Italia etter Verdi. Lenge var det ein djup skepsis til Puccini blant kritikarar og akademikarar, men i seinare år, etter kvart som musikkvitskapen er vorten opnare, har Puccini sine særeigne kvalitetar fått større plass og har vorte gjenstand for meir grundig forsking.

Hovudverk

Operaer

Verk Komposisjonsår
Manon Lescaut 1889–1892
La Bohème 1893–1895
Tosca 1896–1899
Madame Butterfly 1901–1903
La fanciulla del West (Piken fra det ville vesten) 1907–1910
La rondine 1914–1916
Il trittico
- Il tabarro (Kappen) 1913–1916
- Suor Angelica (Søster Angelica) 1917
- Gianni Schicchi 1917–1918
Turandot 1920–1925 (fullført posthumt i 1926)

Øvrige verk

Verk Komposisjonsår
Preludio sinfonico (for orkester) 1876
Scherzo for strykekvartett 1880–1883
Strykekvartett i D-dur 1880–1883
Capriccio sinfonico (for orkester) 1883
Adagietto (for orkester) 1883
I Crisantemi (for strykekvartett) 1890
Messa di Gloria 1878–1880

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Abbate, Carolyn og Roger Parker: A History of Opera. The Last Four Hundred Years. London 2012
  • Bernardoni, Virgilio: Verso Bohème. Gli abbozzi del libretto negli archivi di Giuseppe Giacosa e Luigi Illica. Centro studi Giacomo Puccini – Testi e documenti, vol. 1. Firenze 2008
  • Budden, Julian: Puccini. His Life and Works. Oxford 2002
  • Carner, Mosco: Puccini : A Critical Biography, 3rd ed., 1992
  • DiGaetani, John Louis: Puccini the Thinker : The Composer's Intellectual and Dramatic Development, 2nd ed., 2001
  • Girardi, Michele: Puccini : His International Art, 2000
  • Phillips-Matz, Mary Jane: Puccini : A Biography, 2002
  • Weaver, William: Puccini : The Man and His Music, 1977

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg