Aida er eit arabisk kvinnenamn som tyder ‘den som kjem tilbake’.

I Guiseppe Verdis opera (1871) er namnet kanskje ei fri nylaging. Her skal Ai- ikkje uttalast som diftong, men som to vokalar [a] og [i]. Derfor vil ein også sjå operanamnet skrive Aïda.

Namnet har fleire variantar: Aid, Aida.

Personar med namnet Aida

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i Noreg, var fødd i USA 1891: Aida Jacobsdatter. Under folketeljinga 1900 var ho busett på Byneset.

Kulturell bruk

  • Aida er ei etiopisk slavinne i operaen «Aida» (1871) av Giuseppe Verdi.

Namnestatistikk

I 2022 var det 695 kvinner i Noreg som hadde Aida som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 5 jenter som fekk namnet Aida.

Utvikling i bruk av namnet

Utvikling i bruk av namnet Aida frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Aida frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg