Faktaboks

Claude Debussy
Achille-Claude Debussy
Uttale
dəbysˈi
Fødd
22. august 1862, Saint-Germain-en Laye, Frankrike
Død
25. mars 1918, Paris
Claude Debussy
Den franske komponisten Claude Debussy, fotografert av Felix Nadar.
Av /gallica.bnf.fr/Bibliothèque nationale de France.

Claude Debussy malt av Jacques-Emile Blanche 1903.

.
Lisens: fri

Claude Debussy var ein fransk komponist og pianist. Han var ein av dei opphavlege og fremste representantane for den musikalske impresjonismen.

Typiske trekk for impresjonistisk musikk er å finne i følgjande verk av Debussy: orkesterverka Prélude à l'aprèsmidi d'un faune (1894), Nocturnes (1893–1899) og La Mer (1903–1905), operaen Pelléas et Mélisande (1902) og dessutan klaverstykka Images (1905 og 1907), Préludes (1910–1913) og Études (1915).

Biografi

Achille-Claude Debussy var fødd i Saint-Germain-en-Laye i Frankrike. Han voks opp i tronge kår, gjekk ikkje på skule og drøymde i staden om å bli målar. Da han var ni år gammal vart klaverbegavelsen hans oppdaga, og året etter, i 1872, vart han oppteken som elev ved Paris-konservatoriet. Han studerte først piano, så komposisjon. Der gjekk han i til saman elleve år og studerte under mellom anna Ernest Guiraud, Émile Durand, Antoine Marmontel og Albert Lavignac (1846–1916). 18 år gamal fekk han den første jobben sin, som pianolærar, og tok til å komponere regelmessig.

Debussy var gift to gonger, først med modellen Lilly Texier frå 1899, så med Emma Bardac, som han fekk dottera Claude-Emma med i 1905 og gifta seg med i 1908. Han døydde av endetarmskreft under det tyske åtaket våren 1918 og ligg gravlagd på Passy-gravplassen i Paris.

Livet som bohem og Prix de Rome

I 1879 trefte Debussy Nadezjda von Meck, ein venn og mesenat til Pjotr Tsjajkovskij. I 1880–1882 tok von Meck han med på ei reise til Italia, Austerrike og Russland. Under opphaldet i Wien fekk Debussy oppleve Richard Wagners Tristan og Isolde, noko som gjorde eit mektig inntrykk på han. I Moskva stifta han kjennskap med musikken til komponistane i den ny-russiske skulen, slik som Milij Aleksejevitsj Balakirev, Aleksandr Borodin, Cesar Cui, Modest Petrovitsj Musorgskij og Nikolaj Rimskij-Korsakov. Viktig vart òg kjennskapet med Marie-Blanche Vasnier og mannen hennar, Henri Vasnier. Vasnier introduserte Debussy for fleire av dei moderne franske diktarane, mellom anna Paul Verlaine, som vart den første Debussy tonesette.

I 1884 vann Debussy den høgt verdsette Prix de Rome, noko som gav han moglegheita til eit studieopphald i Villa Medici ved det franske akademiet i Roma i 1885–1887. Debussy mistreivst under opphaldet, men opplevde derimot Franz Liszt sitt klaverspel som svært inspirerande. Han komponerte svært lite, og rekna ikkje med at instituttet ville sjå med blide auge på det han skreiv, sidan dei som ikkje følgde instituttet sine opptrakka stiar låg dårleg an. «Men det får ikkje hjelpe, eg er altfor forelska i min eigen fridom og for glad i mine eigne idear», skreiv han ein stad.

Mot slutten av opphaldet sende han likevel fire verk til det franske akademiet: den symfoniske oden Zuleima, orkesterverket Printemps, kantaten La Damoiselle élue og dessutan den César Franck-inspirerte Fantasie for klaver og orkester – eit verk Debussy seinare drog tilbake. La Damoiselle élue, som han arbeidde på i 1887–1888, fekk kritikk av det franske akademiet for å vere eit «barokt» verk. Det blir likevel rekna for å vere det første som peikar mot det som skulle bli karakteristisk for impresjonisten Debussy.

Etter at Debussy kom heim frå stipendopphaldet etter å ha vunne Prix de Rome, busette han seg med elskarinna Gabrielle Dupont i bohemstrøket Montmartre, der han budde gjennom heile 1890-åra. Han sleit økonomisk, men fann kunstnarleg fellesskap med dei symbolistiske kunstnarane, som han trefte på samlingane til Stephane Mallarmé, lyrikaren bak diktet «L'après-midi d'un faune», som Debussy bygde det vidkjende preludiet sitt på. Det var òg på denne tida at Debussy sine første hovudverk såg dagens lys: Ariettes oubliées i 1888, Prélude à l'après-midi d'un faune i 1892 og strykekvartetten i 1893. Deretter følgde Nocturnes for orkester i åra 1893–1899.

Gjennombrot og seine verk

Claude Debussy. Samtidig karikatur.

.
Lisens: fri

Utover 1890-åra hadde Debussy stadig fått verk framførte i Paris, men fekk inga særleg merksemd utover sin eigen sirkel. Etter mange år med bohemliv i Montmartre fekk Debussy sitt endelege gjennombrot i 1902, med premieren på operaen Pelléas et Mélisande. Trass i svært vekslande mottaking etablerte han seg som ein av dei fremste komponistane i Frankrike. Maurice Maeterlinck sin draumeaktige, symbolistiske tekst var ideell for Debussy, som hadde leita lenge etter ein tekst som kunne vere grunnlag for ein opera med hans eigen estetikk. Pelléas et Mélisande vart straks eit viktig alternativ til Wagner sine mektige drama, som dominerte operaverda fullstendig i denne perioden.

Etter dette skreiv han dei fleste av dei beste og mest kjende verka sine, til dømes orkesterverka La Mer (1903–1905) og Images (1913) og klaverstykka i Préludes (1910 og 1913), Clair de lune (Måneskinn, 1905), Golliwoggs Cakewalk (1908), der Debussy ironiserer over Wagner sin Tristan-akkord, og La Cathédrale engloutie (Den sokne katedralen, 1909–1910). Den siste delen av sitt liv skapte Debussy orkestermusikk og vart svært dristig i bruken av orkestereffektar. I tillegg til La Mer og Images handlar dette framfor alt om balletten Jeux (1912).

Debussy som kritikar

I 1903 vart Debussy utnemnd til riddar av den franske Æreslegionen. Frå 1903 arbeidde Debussy òg som kritikar i tidsskriftet Gil Blas, der han brukte den nye statusen sin til å rose Jean-Philippe Rameau og den franske tradisjonen, som han meinte hadde vorte overskygd av dei dominerande tyskarane. Han heldt fram med å komponere, tok til å turnere som dirigent for sine eigne verk og heldt fram med å vere ein dominerande figur i det franske kulturlivet resten av livet, idolisert av dei yngre komponistane.

Estetikk

Musikalsk inspirasjon

Debussy vart påverka av Modest Musorgskij sin musikk, framfor alt gjeld dette akkordikk og stemmeføring. Han viste òg tidleg ei begeistring for Richard Wagner, men tok etter kvart meir og meir avstand frå Wagner si lidenskapelege atmosfære og uttrykksform. Eit grunnleggjande trekk ved Debussy sitt kunstmusikalske syn er den anti-intellektuelle haldning hans. I pakt med dette viste han seg som ein sterk motstandar av dei dramatiske utviklingsprinsippa ein finn hos dei klassisk-romantiske komponistane, med Ludwig van Beethoven som fremste representant. Den same motstanden viste Debussy mot tolkinga til romantikarane av eit sterkt emosjonelt indre kjensleliv. Dette har bakgrunnen sin i det franske åndslivet si anti-tyske haldning på denne tida.

Wagner og javanesisk gamelan-musikk

I 1888 reiste han til Bayreuth for å høyre Wagner. Møtet med Wagner sine operaer gjorde eit veldig inntrykk på han – særleg Wagner si meisterlege handtering av form, karakteristiske akkordikk og ikkje minst eit forfina sensualistisk uttrykk. Sjølv om Debussy vart imponert, vart han òg medviten om at han sjølv ville gå i ei heilt annan retning, og tok sterk avstand frå det overoppheta og overdrivne emosjonelle uttrykket. Det er likevel klare spor av Wagner i La Damoiselle élue og Cinq poèmes de Charles Baudelaire frå 1889.

verdsutstillinga i Paris i 1889 høyrde Debussy for første gong javanesisk gamelan-musikk. Denne musikken skilde seg mykje frå den konvensjonelle vestlege musikken og vart ei openberring for han. Etter dette tok han i bruk gamelan-skalaer, -melodiar, -rytmar og -teksturar i fleire av verka sine. Framfor alt gjeld dette Pagodes frå klaververket Estampes (1903),og Strykekvartett i G-moll (1893).

Grunnleggande ideal

Debussy søkte eit nytt og annleis musikalsk uttrykk som kunne vere eit typisk fransk uttrykk inspirert av visse retningar i den samtidige franske målar- og diktarkunsten. Debussy rekna musikk, dikting og målarkunst som sjølvstendige og uavhengige kunstarter, og talte sjeldan sjølv om impresjonisme fordi han ville unngå å setjast i bås med andre kunstarter. Han ønskte ikkje å bli oppfatta som at han hadde overført litterær og pittoresk estetikk til musikken, men han unngjekk likevel ikkje å bli påverka.

Av målarane har han teke inntrykk frå dei franske impresjonistane Claude Monet, Édouard Manet og Auguste Renoir, som framfor alt dyrka inntrykket til augneblinken. I tillegg vart han òg påverka av dei tidlig-symbolistiske diktarane Paul Verlaine, Charles Baudelaire og Stéphane Mallarmé, som ved symbol og bilete søkte å skape stemning.

Stil og verkemiddel

Resultatet vart ein musikk som antydar meir enn å konstatere og som samanliknar meir enn å skape organisk utvikling. Dette gjer at dei musikalsk-dramatiske drivkreftene i musikken meir eller mindre trer heilt i bakgrunnen, til fordel for ein lyrikk kombinert med ein påfallande passivitet. Fargesjatteringar blir sette mot kvarandre og diffuse musikalske sanseinntrykk fortrengjer alt av heroisk patos. Musikken vart vag og uhandgripeleg, og lyden av lyn og tore måtte vike for lyden av sus i vinden og sildrande regn.

Komposisjonane til Debussy er kjenneteikna av ikkje-vestlege skalaer, uvanlege klangar og uoppløyste dissonansar. Musikken til Debussy vert ofte kalla impresjonistisk, men han sjølv identifiserte seg mykje meir med dei franske symbolistane.

For å realisere ideala sine hadde Debussy mange hjelpemiddel i verktøykassa si. Framfor alt måtte den funksjonelle harmonikken vike for ein funksjonslaus harmonikk. Innanfor den funksjonelle harmonikken stod alle akkordar og akkordprogresjonar i tydeleg funksjonelt samband med kvarandre, medan den funksjonslause harmonikken gjer akkordane til sjølvstendige enkeltklangar. Eit grunnleggjande krav innanfor den funksjonelle harmonikken er at alle dissonansakkordar krev oppløysing og må vidareførast til ein konsonansakkord. No blir konsonans- og dissonansakkordar likestilt med kvarandre. Resultatet blir det som blir namngitt som parallellakkordikk, der tradisjonelle stemmeføringsreglar ikkje lenger gjeld. På denne måten bryt Debussy sin musikk med den tonale kadensen og det funksjonelle dur-moll-hegemoniet.

Typisk for ein Debussy-melodi er at den melodiske konturen manglar ei tydeleg retning. Den klassiske melodien, som kviler i seg sjølv med spenning og avspenning som kjenneteikn, må vike for ein arabesk-liknande melodikk prega av ein snirkla kontur. Den melodiske frasen blir fragmentert og blir uregelmessig, samtidig som rytmikken nærast blir stilleståande og utan framdrift. I tillegg til dette viser Debussy ein usedvanleg kjenslevar sans for instrumentasjon – i klavermusikken først og fremst ein utsøkt pedalbruk. Dei vanlege skalatypane dur og moll blir likestilte med kromatikk, heiltoneskala, pentatone skalaer og kyrkjetonearter. Den måten Debussy nyttar skalatypane innanfor melodikk og harmonikk bidreg til å gi det enkelte verket eit statisk, vagt og sløra preg.

Påvirkning på samtid og ettertid

Debussy la ein viktig del av grunnlaget for den første generasjonen av moderne komponistar, og nesten alle dei sentrale komponistane frå første halvdel av 1900-talet var påverka av han på ein eller annan måte. Store komponistar som Maurice Ravel, Igor Stravinskij (1882–1971) og Béla Bartók (1881–1945) har vorte påverka av Debussy. Også i England, Spania og Italia har Debussy sett spor etter seg. Det må leggjast til at impresjonistiske stiltrekk òg er å finne i jazz, filmmusikk, lettare underhaldningsmusikk og popmusikk.

Debussy i Noreg

Samanlikna med dei andre moderne komponistane vart Debussy tidleg relativt populær i Noreg. Musikken hans vart framført heile 330 gonger i perioden frå 1900 til 1940, mot til dømes 11 gonger for Arnold Schönberg og 32 for Igor Stravinskij. Den første konserten vart dirigert av nestoren Johan Halvorsen i desember 1906, med Edvard Grieg som entusiastisk tilhøyrar. Dei norske kritikarane var derimot i lang tid heilt avvisande til Debussy, trass i eldfulle motinnlegg frå mellom andre komponisten Pauline Hall, og ikkje før rundt 1920 vart dei ny-franske komponistane tekne på alvor i musikkpressa.

I Noreg er det Alf Hurum, Pauline Hall, David Monrad Johansen og Arvid Kleven som viser ein tydeleg påverknad. Dei er òg dei viktigaste vidareførarane av Debussy sine musikalske ideal i det norske musikklivet. Alf Hurum var ikkje berre den første norske musikalske impresjonisten; han var òg ein av dei aller første i Norden. Allereie i 1911 fanst hans op. 4, Impressions, Pour le piano.

Verk i utval

Opera

  • Pelléas et Mélisande (1902)

Kantater

  • L'Enfant prodigue (1884)
  • La Damoiselle élue (1889)

Ballett

  • Jeux (1912)

Orkester

  • Printemps (1887)
  • Prélude à l'après-midi d'un faune (1892–1894)
  • Nocturnes (1899)
  • La Mer (1903–1905)

Kammermusikk

Klaver

  • Deux Arabesques (1888)
  • Suite bergamasque (1890–1905)
  • Pour le piano (1896–1901)
  • Estampes (1903)
  • Images 1 (1905)
  • Children’s corner (1906–1908)
  • Images 2 (1907–1908)
  • Douze Préludes 1 (1910)
  • Douze Préludes 2 (1910–1913)
  • Douze Études (1915)

Solosongar

  • Ariettes oubliées (Verlaine) (1888)
  • Cinq Poèmes de Baudelaire (1889)
  • Fêtes galantes 1 (Verlaine) (1892)
  • Chansons de Bilitis (Louÿs) (1897)
  • Fêtes galantes 2 (Verlaine) (1904)
  • Trois Ballades de François Villon (1910)
  • Trois Poèmes de Mallarmé (1913)

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Debussy, Claude: Debussy letters, utg. av François Lesure og Roger Nichols, 1987
  • Debussy, Claude: Claude Debussy through his letters, overs. av Jacqueline M. Charette, 1990
  • Grout, Donald Jay mfl: A History of Western Music, Eight Edition. New York 2010
  • Vallas, Léon: Claude Debussy: his life and works, 1933
  • Lockspeiser, Edward: Debussy: his life and mind, 1962-65, 2 b.
  • Hirsbrunner, Theo: Debussy und seine Zeit, 1981
  • Lockspeiser, Edward: Debussy, 5th ed., 1980.
  • Dietschy, Marcel: A portrait of Claude Debussy, 1990
  • Nichols, Roger: Debussy remembered, 1992
  • Smith, Richard Langham: Debussy Studies. Cambridge University Press 1997.
  • Nichols, Roger: The life of Debussy, 1998
  • Fulcher, Jane F., red.: Debussy and his world, 2001
  • Norsk impresjonisme – et spennende intermezzo i bd. 4 av Norges Musikkhistorie (hovedred. Arvid Vollsnes), 2001.
  • Andersen, Rune J.: The reception of the music of Claude Debussy in Norway from its first performance in 1906 to the outbreak of the second world war i "Cahiers Debussy" (red. François Lesure) nr. 24 – 2000, p. 33–49.
  • Andersen, Rune J.: Alf Hurum (1882–1972): Norway’s first musical Impressionist i ”Internationaler und 4. Deutscher Edvard-Grieg-Kongress” utg. Ekkehard Kreft, Münster 2002, p. 29–39.
  • Trezise, Simon, red.: The Cambridge companion to Debussy, 2003

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg