librettist

Artikkelstart

Ein librettist er forfattaren av ein libretto.

Faktaboks

Uttale
librettˈist
Etymologi

frå fransk librettiste eller italiensk librettista

Sjølv om både teksten og musikken er viktige for til dømes ein opera eller operette, har librettisten ofte hamna i skuggen av komponisten. Til dømes er Lorenzo Da Ponte ein av musikkhistorias største librettistar, med operaer som Figaros bryllup, Così fan tutte og Don Giovanni. Dei fleste vil likevel kjenne betre til kven som komponerte dei tre operaene. For alle tre er dette Wolfgang Amadeus Mozart.

Innanfor musikalar ser me oftare at komponistar og librettistar vert nemnde saman, typisk fordi dei har samarbeidd mykje. Til dømes er «Rodgers og Hammerstein» eit slikt omgrep. To andre døme er Lerner and Loewe, Webber og Rice.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg