Bygda Valldal i dåverande Norddal kommune (no Fjord kommune) fekk si eiga avis hausten 1979 med namnet Norddal Bygdeblad. I løpet av få veker hadde 130 lokale småaksjonærar teikna seg for 13 000 kroner i aksjekapital for tiltaket. I første utgåva av Norddal Bygdeblad skreiv bladstyrar Terje Linge at han håpa at avisa skulle bli møteplassen som han følte heimeverande og utflytta norddalingar mangla. Linge ville at avisa skulle bli «ei støtte for bygdekulturen, for nynorsken og for Utkant-Noreg». Kommunen stilte med billige lokale for redaksjonen i rådhuskjellaren. Den dugnadsdrivne avisa kom ut kvar 14. dag og fekk 430 abonnentar første året.
Det blei etter nokre år vanskelegare å halde ved like dugnadsånda, og avisa sleit økonomisk. Hausten 1988 drøfta styret om avisa skulle prøve å ekspandere til nabokommunen Stordal, sidan det dåverande nettoopplaget på langt under 1000 og avis kvar 14. dag, var for lite til å få pressestøtte. Men då krava for å få pressestøtte vart senka til 1000 i opplag og éi avis per veke, såg Norddal Bygdeblad ei moglegheit for betra økonomi. I 1988 vedtok avisa derfor å tilby abonnement til spottpris til lag og organisasjonar for å nå målet om eit opplag på 1000 aviser.
I tillegg la ein planar om å ekspandere til den dåverande nabokommunen Stordal, der Bygdebladet frå Sjøholt dominerte. Stordal formannskap løyvde 20 000 kroner til dekking av lønsutgifter for ein journalist i Stordal i seks månader. Stordalingane blei lova at tre til fire sider i kvart nummer skulle vere stoff henta frå Stordal. Dette skulle ikkje gå ut over dekninga av Norddal, slik det vart lova i avisa: «Du som bur i Norddal – eller er av dei snart 400 utflytta norddalingane som abonnerer – skal ikkje merke anna forskjell enn namneendring og at sidetalet no blir auka frå 8 til 12 sider.»
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.