Faktaboks

Bjørn Sortland
Fødd
1. mai 1968, Bergen
Bjørn Sortland
Bjørn Sortland, 14. januar 2016
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0
Bokomslag
Raudt, blått og litt gult, 1993

Bjørn Sortland er ein prisvinnande norsk barne- og ungdomsbokforfattar. Han har skrive meir enn sytti bøker, i mange ulike sjangrar og for alle aldersgrupper, inkludert vaksne. Sortland sine bøker er gitt ut i 28 land.

Bakgrunn

Bjørn Sortland er fødd i Bergen og oppvaksen på Svortland i Bømlo kommune. Han er utdanna sosionom og har jobba som forfattar på heiltid sidan 1998. Han studerte ved Skrivekunstakademiet i Bergen i 1990–1991 og debuterte som ungdomsbokforfattar året etter.

Forfattarskapen

Sortland sin forfattarskap kan grovt delast i tre: realistiske romanar, serielitteratur og biletbøker. I tillegg har han skrive for film og teater. Mange av utgivingane hans har eit didaktisk element, spesielt knytt til kunst og kunstformidling, men han har ikkje gitt ut nokon reine fagbøker. Sortlands realisme blir prega av alvor og sanselegdom, samtidig som han skriv ironisk og munnleg. Serielitteraturen til Sortland har ein gjennomgåande lett og humoristisk tone.

Romanar for barn og unge

Sortland debuterte som ungdomsbokforfattar i 1992 med Det er ikkje natta, vekselvis fortalt gjennom perspektivet til den sjølvsikre Steve og den søkjande Roy. Dei to vennene konkurrerer om den same jenta. Allereie her markerte Sortland at kjærleik, religion og kunst kom til å bli viktige og gjennomgåande tema i den realistiske prosaen hans. Sortland beskriv forelskinga like truverdig og intenst enten han skriv lettlest for dei minste, ein barneroman for mellomtrinnet eller når han skriv for ungdom. Alle hovudpersonane hans har eit eksistensielt blikk på tilværet, og dei bruker kunsten for å tolke eigne liv. Sortland sine romanar blir prega av evna forfattaren har til innleving og å setje ting i perspektiv. Dei fiktive personane hans er psykologisk truverdige og nyanserte, uansett alder, kjønn eller etnisitet.

Alle ungdomsromanane til Sortland inneheld ei kjærleikshistorie og som regel ei reise. Syttenåringen Kjetil reiser til Egypt i Himmelkyss, der han både møte og mistar kjærleiken, og to år etter, i Love Light, reiser han vidare til USA for å leite etter både Sara og seg sjølv. I Ærlegdomminuttet er Frida og Jacob i Italia, og i Kva toler så lite at det knuser om du siger namnet på det? reiser Markus og Ingrid til Tyskland. I begge desse bøkene er kunstformidlinga framståande; i Firenze møter lesaren kyrkjekunsten og i Osnabrück er det Felix Nussbaum som skal oppdagast. Alle har eit sultent hjerte skildrar Ina og Eriks ufrivillige road trip frå Bergen til Oslo etter ein like ufrivillig graviditet, i Hver morgen dyppet min søster brystene i isvann for å bli pen fortel Mariam om flukta si frå Syria til Noreg, medan Livredd for å leve, dødsredd for å døy handlar om Dina som tek følgje med Tom på flukta hans frå barnevernet. Det er berre i den lettlesne Triks og i Det blir pinlig uansett (samskrevet med Tyra Teodora Tronstad) at hovudpersonane ikkje flyttar seg geografisk.

Sortland jobbar med kunsten og livet i barnebøkene sine òg, berre frå eit yngre perspektiv. Therese i 12 ting som må gjerast rett før verda går under er tretten år, har nyskilde foreldre og prøver å få kontroll på kaos. I dei to bøkene om den solbrente mammaen, illustrert av biletkunstnar Kim Hiorthøy, er det Arve som prøver å forstå kva som ventar han i vaksenlivet, med god hjelp frå ein betrevitande storebror. I dei to lettlestbøkene Plutseleg ville eg ikkje laga dorull-dyr lenger og Den gongen eg liksom-døydde er småskuleforelskinga teken både på kornet og på det djupaste alvoret.

Biletbøker og kunstformidling

Kunstformidlinga er særleg framståande i Sortlands biletbokprosjekt, og Kim Hiortøy er berre éin av mange biletkunstnarar og illustratørar forfattaren har samarbeidd med.

Raudt, blått og litt gult kom året etter Sortlands debut og var eit samarbeid med biletkunstnaren Lars Elling. Boka fortel heile modernismens historie gjennom vesle Oda og leitinga hennar etter ein do i kunstmuseet. Den tissetrengde jenta finn til slutt Marcel Duchamps Fontene. I oppfølgjaren Forteljinga om jakta på forteljinga er det litteraturhistoria som blir fortald gjennom Odas bror Henrik, og i 24 sekund tek Sortland og Elling begge søskena gjennom filmens historie.

Sortland har også skrive fleire bøker om utvalde kunstnarar. Han lèt den blinde Louise samtale om fargar med den russisk-franske modernisten Marc Chagall i Å vente på regnbogen, og i Den blå, blå himmelen skildrar han vennskapen mellom læreguten Giovanni og den italienske kunstnaren Giotto di Bondone. Begge bøkene er illustrerte med det originale verket til kunstnarane. Biletboka Det hjertet husker handlar om den meksikanske målaren Frida Kahlo. Her har illustratør Hilde Kramer brukt Kahlos kunst som eit utgangspunkt for sine eigne kollasjar og teikningar.

Sortland har også samarbeidd med Inger Lise Belsvik om ta-og-føle-boka Jenta med heilt jamne, mjuke augebryn. Saman med Elisabeth Moseng har han laga to biletbøker om Zara og dei, ein zombiefamilie som prøver å passe inn i eit menneskeleg nabolag.

Bokserier

Bokomslag

Foreløpig siste bok i Kunstdetektivene

Sortland har forfatta fem ulike lettlestseriar. Mest kjent er den populære spenningsserien Kunstdetektivene illustrert av Trond Bredesen, som starta med Venezia-mysteriet i 2000 og tel seksten bøker. Serien vart avslutta med Las Vegas-mysteriet i 2016. Illustratør Trond Bredesen har også bidrege til fotballserien Bønna og B-laget, medan Sortland sin første serie var ein forløpar til Kunstdetektivene og handla om Julie og Jonas. Den nyare science fiction-serien Kepler62 tel tolv bøker, og Sortland har skrive annakvar bok i denne serien. Den andre halvdelen blir skriven av den finske barnebokforfattaren Timo Parvela, og illustratør er Pasi Pitkänen. I 2020 starta Sortland ein agentserie om Johnny 777 og ninja-prinsessa, med illustrasjonar av Ketil Selnes.

Kunstdetektivane er den første serien der Sortland bruker ein tydeleg og gjenkjenneleg formel. Den kunstinteresserte familien til David reiser verda rundt, og stadig blir dei forfølgd av erkeskurken Stig Svartvik. Kvar bok er handlingsdriven og stramt komponert rundt cliffhangrar og spenningstoppar. Lesarane lærer dessutan om både kunst og geografi gjennom David sine mange eventyr. Språkleg er Sortland gjenkjenneleg, men personteikningane hans i denne og dei neste to seriane er typar og flate samanlikna med den tidlegare produksjonen hans. Fråværet av karakterutvikling og psykologisk djupn er eit medvite grep som gjer det enklare for lesarane å lese seriebøkene i tilfeldig rekkjefølgje.

Kepler62 følgjer dei tre barna Ari, Joni og Marie og deira reise ut i verdsrommet til den nye planeten Kepler62. I dei to første bøkene er handlinga lagt til Jorda, i bok nummer tre reiser dei ut, og i dei neste fem bøkene viser det seg vanskelegare enn dei trudde å etablere eit nytt samfunn. Timo Parvela skriv bøkene sine frå perspektivet til Ari og Joni, medan Sortland følgjer Marie. Den store skurken i denne serien viser seg å vere Maries far, den vonde Vallvik. Serien er omsett til 18 europeiske og asiatiske språk og vart nominert til Arvid Lydecken-prisen i Finland.

Fagbøker

Sortland har skrive fire bøker på oppdrag, og desse kan karakteriserast som fagbøker fordi den pedagogiske intensjonen skin meir igjennom enn i resten av forfattarskapen hans. På oppdrag frå IKO – kyrkjeleg pedagogisk senter har Sortland skrive Kyrkjeboka, ei attforteljing av bibelhistorier til fireåringar, Ferdinands orgelbok, ei lærebok i orgelspel, og Halleluja, ei forteljing om den musikkinteresserte Johns møte med komponisten Georg Friedrich Händel. Halleluja er illustrert av avisteiknaren Marvin Halleraker. Biletboka Oi-oi! er laget saman med Hilde Kramer og viser dei brutale oppvekstvilkåra i Brasils favelaer. Den er skriven på oppdrag for Kolibri – Children at Risk Foundation.

Teater og film

I 2013 debuterte Sortland som dramatikar, både for teater og film. Han var ein av dei sju utvalde forfattarane til prosjektet Den unge scena dette året og var representert med teaterstykket Vinn & forsvinn. Samtidig hadde han både manus og produsentansvar for grøssaren Blåtur. Blåtur er Sortlands einaste langfilm, men han har skrive og produsert fleire kortfilmar, og i 2017 kom den første animasjonsfilmen om Zara og dei.

Bøker for vaksne

For vaksne har Sortland skrive to biletbøker, éin teikneserie og to romanar. Dei to kjærleiksromanane, For så høgt har eg elska (2004) og Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar (2012), føyer seg fint inn i Sortland sin andre romanproduksjon. Biletboka Fallskjermhopparen og togføraren løyser kryssord (1997) er også ei kjærleikshistorie, illustrert av Fam Ekman. Alt det som er (2010) vart skapt i samarbeid med den nederlandske kunstnaren Paul Dikker, og teikneserien On the road again er skriven saman med illustratør Øyvind Torseter.

Anna verksemd

I 2010 starta Sortland eige forlag. Piggsvin forlag overtok rettane til fleire av Sortland sine tidlegare bøker frå Aschehoug og Samlaget, og eit fleirtal av Sortland sine titlar blir no gitt ut på Piggsvin. Forlaget gir også ut bøker av Timo Parvela. Sortland har dessutan eit filmproduksjonsselskap som heiter Piggsvin Film.

Sortland har undervist ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og hatt skrivekurs på Kunsthøgskolen og på Høyskolen Kristiania i Bergen. I 2020 vart han tilsette i ei halv stilling som professor i skrivekunst ved Norsk barnebokinstitutt.

Utmerkingar

Sortland har vunne prisar for ein stor del av bøkene sine og for forfattarskapen samla sett. I tillegg er han ofte på lista over nominerte, vinn konkurransar, blir tildelt stipend og blir utnemnd til festspeldiktar.

Gjennombrotsboka til Sortland Raudt, blått og litt gult, som kom i 1993, har vunne ei rekkje prisar, mellom anna den franske Prix Octogone, Kulturministeriets barnebokpris i Austerrike og den norske Melsom-prisen. I 1999 fekk han Skolebibliotekarforeningens litteraturpris for denne biletboka og dei to nærståande biletbøkene Forteljinga om jakta på forteljinga og Å venta på regnbogen. I 1996 fekk den tyske omsetjinga, Rot, blau und ein bisschen gelb, den prestisjetunge Deutscher Jugendliteraturpreis.

I 1994 og 2000 vann Sortland Nynorsk litteraturpris for høvesvis Himmelkyss og Den blå, blå himmelen. For Love light fekk han Kultur- og kirkedepartementets litteraturpris i 1996. For Alle har eit sultent hjerte vart han tildelt Norsk kritikerlags barnebokpris i 2008. Han fekk Sonja Hagemanns pris for bokserien Kunstdetektivene i 2005. Biletboka Det hjertet husker var nominert til Brageprisen i 2009. I 2019 vart 12 ting som må gjerast før verda går under kåret til ei av dei ti beste ungdomsbøkene som er skrivne på nynorsk etter år 2000. Han har elles motteke Barnas bokpris i kommune i 1998, Emmausprisen i 2001, Sproingprisen i 2005, Ordknappen i 2006 og Arks barnebokpris i 2009.

Sortland var festspeldiktar ved Dei Nynorske Festspela (no Festspela) i Aasentunet i 2011 og ved Falturiltu på Stord i 2016. Han vann Aschehougs barneromankonkurranse med Den solbrente mammaen som vart bytt mot ti kamelar i 1997, medan 12 ting som må gjerast rett før verda går under var den norske vinnaren i ein skandinavisk romankonkurranse i 2001. To år etter vann Sortland Gyldendals konkurranse for den beste kjærleiksromanen med Så høgt har eg elska. Forfattaren har også motteke stipend frå Samlaget i 1992 og frå Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts Fond i 2000.

I 2011 fekk Sortland Aschehougprisen. Han har også vore nominert til dei to viktigaste internasjonale prisane for barnelitteraturen, ALMA-prisen og H.C. Andersen-prisen, begge i 2010.

Utgjevingar

  • Nidhoggr (Ungdomsroman, Piggsvin, 2023)
  • Johnny 777. Mission 6: Kairo (Barnebok, Vigmostad & Bjørke, 2023)
  • På jobb = At work – Leif Ove Andsnes (Sakprosa, samtalebok, Piggsvin, 2022)
  • Kepler62: Hjertet (Barnebok, Piggsvin, 2022)
  • Johnny 777. Mission 5: Los Angeles (Barnebok, Vigmostad & Bjørke, 2022)
  • Johnny 777. Mission 4: Bergen (Barnebok, Vigmostad & Bjørke, 2021)
  • Johnny 777. Mission 3: Moskva (Barnebok, Vigmostad & Bjørke, 2021)
  • Kepler62: Grotta (Barnebok, Piggsvin, 2020)
  • Johnny 777. Mission 2: Hong Kong (Barnebok, Vigmostad & Bjørke, 2020)
  • Johnny 777. Mission 1: Rio de Janeiro (Barnebok, Vigmostad & Bjørke, 2020)
  • Kepler62: Øya (Barnebok, Piggsvin, 2019)
  • Zara og dei: Misse-konkurransen (Barnebok, Piggsvin, 2018)
  • Livredd for å leve, dødsredd for å dø (Roman, Piggsvin, 2018)
  • Kepler62. Hemmeligheten (Barnebok, Piggsvin, 2017)
  • Hver morgen dyppet min søster brystene i isvann for å bli pen (Ungdomsbok, Piggsvin, 2017)
  • Las Vegas-mysteriet (Barnebok, Piggsvin, 2016)
  • Pionerer (Piggsvin, 2016)
  • Kepler62. Nedtelling (Barnebok, Piggsvin, 2015)
  • Trondheim-mysteriet (Barnebok, Piggsvin, 2014)
  • Roma-mysteriet (Barnebok, Piggsvin, 2014)
  • Zara og dei (Barnebok, Piggsvin, 2013)
  • Oi-oi (Barnebok, Mangschou forlag, 2013)
  • Det blir pinlig uansett (Ungdomsbok, Aschehoug, 2013)
  • Ho tok av seg blusen og sa ho var biblotekar (Roman, Piggsvin, 2012)
  • Mexico City-mysteriet (Barnebok, Aschehoug, 2012)
  • Bønna og B-laget 4: Samling i bånn (Barnebok, Piggsvin, 2012)
  • Istanbul-mysteriet (Barnebok, Aschehoug, 2011)
  • Bønna og B-laget 3: B-laget lager b-film (Barnebok, Piggsvin, 2011)
  • Stavanger-mysteriet (Barnebok, Aschehoug, 2010)
  • Et kyss for et mål (Barnebok, Piggsvin, 2010)
  • Ikke bøll med benkesliterne (Barnebok, Piggsvin, 2010)
  • Bønna og B-laget 1: Ikke bøll med benkesliterne (Barnebok, Piggsvin, 2010)
  • Bønna og B-laget 2: Et kyss for et mål (Barnebok, Piggsvin, 2010)
  • Alt det som er (Billedbok, Aschehoug, 2010)
  • Bergen-mysteriet (Barnebok, Aschehoug, 2009)
  • Det hjertet husker (Biografi barn og ungdom, Aschehoug, 2009)
  • Halleluja (Roman, IKO-forlaget, 2009)
  • Barcelona-mysteriet (Barnebok, Aschehoug, 2008)
  • Alle har eit sultent hjerte (Ungdomsbok, Aschehoug, 2008)
  • Jenta med heilt jamne, mjuke augebryn (Billedbok, Solum, 2008)
  • Ferdinands orgelbok (Fagbok, Cantando, 2008)
  • Kva tåler så lite at det knuser om du seier namnet på det? (Roman, Aschehoug, 2007)
  • Paris-mysteriet (Barnebok, Aschehoug, 2007)
  • Den gongen eg liksom-døydde (Barnebok, Aschehoug, 2006)
  • London-mysteriet (Barnebok, Aschehoug, 2006)
  • Triks (Ungdomsbok, Lettlest forlag, 2006)
  • Oslo-mysteriet (Barnebok, Aschehoug, 2005)
  • Ærlighetsminuttet (Ungdomsbok, Aschehoug, 2005)
  • Skrik-mysteriet (Barnebok, Aschehoug, 2005)
  • For så høgt har eg elska (Roman, Gyldendal, 2004)
  • Sydney-mysteriet (Barnebok, Aschehoug, 2004)
  • On the road again, again (Tegneserie, No Comprendo Press, 2004)
  • Kyrkjeboka (IKO-forlaget, 2004)
  • New York-mysteriet (Barnebok, Aschehoug, 2003)
  • Plutseleg ville eg ikkje laga dorull-dyr lenger (Billedbok, Aschehoug, 2002)
  • Angkor-mysteriet (Barnebok, Aschehoug, 2002)
  • Luxor-mysteriet (Barnebok, Aschehoug, 2001)
  • 12 ting som må gjerast før verda går under (Barnebok, Aschehoug, 2001)
  • Venezia-mysteriet (Barnebok, Aschehoug, 2000)
  • Den blå, blå himmelen (Samlaget, 2000)
  • 24 i sekundet (Billedbok, Samlaget, 1999)
  • Den solbrente mammaen som kledde seg naken for å bli kunst (Barnebok, Aschehoug, 1999)
  • Julie og Jonas 3: St. Michaels løyndom (Krim og spenning, Samlaget, 1999)
  • Lysmaler (Roman, Samlaget, 1999)
  • 24 i sekundet (Billedbok, Samlaget, 1999)
  • Å venta på regnbogen (Samlaget, 1998)
  • Julie og Jonas 2: Ulvenatt i Berardenga. (Barnebok, Samlaget, 1998)
  • Julie og Jonas 1: Tu Ducs skatt. (Barnebok, Samlaget, 1997)
  • Den solbrente mammaen som blei bytta mot ti kamelar. (Barnebok, Aschehoug, 1997)
  • Fallskjermhopparen og togføraren løyser kryssord. (Billedbok, Samlaget, 1997)
  • Love Light. (Ungdomsbok, Samlaget, 1996)
  • Forteljinga om jakta på forteljinga. (Eventyr, Samlaget, 1995)
  • Himmelkyss. (Ungdomsbok, Samlaget, 1994)
  • Raudt, blått og litt gult. (Billedbok, Samlaget, 1993)
  • Det er ikkje natta. (Ungdomsbok, Samlaget, 1992)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg