Faktaboks

Georg Friedrich Händel
engelsk George Frideric Handel
Fødd
23. februar 1685, Halle, Tyskland
Død
14. april 1759
Levetidskommentar
London, Storbritannia
George Friderich Händel
Portrett av George Friderich Händel, malt rundt 1726–1728
Av /National Portrait Gallery.
Lisens: CC BY NC ND 3.0

Georg Friedrich Händel var ein av musikkhistoria sine mest kjende komponistar. Händel blir, ved sida av Johann Sebastian Bach, rekna som den fremste komponisten i barokken.

Musikken hans opplevast som meir utoverretta enn Bach sin musikk, og ein kan seie at hos Händel når den ornamentale barokkmusikken høgdepunktet sitt. Blant desse er ei rekkje operaer og oratorium, mellom anna Messias, forutan orkesterverk, til dømes Water Music.

Bakgrunn

Händels navnetrekk

.
Lisens: fri

Georg Friedrich Händel var fødd i den tyske byen Halle og døydde i London i England. Han var son av ein hofflege. Han fekk tidleg interesse for opera og fekk musikkundervisning av Friedrich W. Zachow, organist i Liebfrauenkirche i Halle. Etter ønske frå faren vart han innskriven som juridisk student ved universitetet i Halle i 1702, men drog året etter til Hamburg, der han vart tilsett som fiolinist og cembalist i operaorkesteret.

I sine siste leveår var Händel fullstendig blind.

Livet i Italia

I 1705 vart den første operaen hans Almira oppført med stor suksess. I 1706 reiste han til Italia for å lære meir om den italienske operaen og studerte mellom anna kyrkjemusikk i Roma. Der vart han kjent med Arcangelo Corelli, Alessandro Scarlatti og Domenico Scarlatti og komponerte operaer, kantatar og oratorium. I desember 1709 oppnådde Agrippina stor suksess i Venezia, noko som gjorde han kjend over heile Europa takka vere det internasjonale publikummet. Han var deretter tilsett som kapellmeister hos kurfyrsten av Hannover, den seinare George 1. av England, i 1710–1712.

Etablering i England

Georg Friedrich Händels hjem i London. Her komponerte han mange av sine største verker.

.
Lisens: fri

I 1711 reiste han til London der han opptredde til stor begeistring som cembalo- og orgelvirtuos og sette opp Rinaldo (HWV 7). Dette var den første nye italienske operaen som vart sett opp der. Operaen vart ein enorm suksess. I 1712 flytta han til London, der han vart buande resten av livet. Han skreiv 42 operaer og 29 oratorium, mellom dei Messias (HWV 56), som er det mest framførte verket av Händel i dag. I tillegg skreiv han mange kjende verk for kongelege tilstellingar.

Forholdet hans til dei engelske kongane var godt, og dei gav han god løn utan særleg arbeidskrevjande oppgåver. Nokre av verka han skreiv for kongane vert framleis spela, slike som Water Music (1717, HWV 348–350), Music for the Royal Fireworks (1749, HWV 351) og kroningshymna Zadok the Priest (HWV 258), skriven til George 2. si kroning i 1727 og framført ved alle kroningar i England sidan. I 1713 skreiv han festmusikken til feiringa av freden i Utrecht (Te Deum og Jubilate). Frå 1718 til 1720 var han kapellmeister hos hertugen av Chandos og skreiv mellom anna Acis and Galatea og oratoriet Esther.

Han vart ekstremt populær i London og komponerte meir enn nokon før for den framveksande borgarskapen, ikkje berre for dei privilegerte. Dette var mogleg på grunn av støtta frå den engelske kongefamilien, som opphavleg kom frå Tyskland. Då han døydde, 74 år gamal, kom meir enn 3000 menneske til gravferda hans.

Operaentrepenøren

Georg Friedrich Händel

Georg Friedrich Händel var en av musikkhistoriens mest kjente komponister. Malt i 1749 av Thomas Hudson.

I 1719 starta ei gruppe velståande britar operaselskapet The Royal Academy of Music, der Händel vart engasjert som kapellmeister i 1720. Dei følgjande åtte åra framførte Händel nokre av sine beste operaer, mellom anna Ottone, Giulio Cesare (HWV 17), Tamerlano (HWV 18) og Rodelinda (HWV 19). Operaene hans hadde klassiske handlingar og er kjenneteikna av stor variasjon i ariane, frå imponerande koloraturløp til sjelfulle, enkle melodiar prega av den lutherske bakgrunnen hans.

Händel møtte på denne tida motstand frå ulikt hald. Oppføringa av den parodiske Tiggeroperaen (The Beggar's Opera) i 1728 av John Gay og John Christopher Pepusch, som var ein parodi på den italienske operastilen, vart eit hardt slag for The Royal Academy of Music. I 1729 vart The Royal Academy of Music nedlagt, men Händel engasjerte nye songarar, starta eit nytt operaselskap og oppførte mellom anna Orlando.

Händel heldt fram med å komponere og tok no på seg rolla som impresario i tillegg. Han skreiv ei rekkje operaer fram til 1741, men den intense rivaliseringa med konkurrerande operaselskap gjorde det vanskeleg å få det til å gå rundt. I 1734 måtte han gi opp på ny, då eit konkurrerande operaselskap fekk lokka over nokre av hans beste songarar og fekk overta Haymarket Theatre, der framsyningane hadde vorte gitt.

Det engelske oratoriet

I 1734 starta Händel igjen eit nytt selskap i Covent Garden, men vart i 1737 ramma av eit slaganfall og vart delvis lam i høgre side. Han vart etterkvart betre og skreiv endå nokre operaer. Sidan det første opphaldet i Italia hadde Händel skrive fleire oratorium, og då operasesongen i 1739 måtte avlysast, skreiv han dei to oratorium Saul (HWV 53) og Israel in Egypt (HWV 54) i staden.

Händel gjekk i sine siste leveår hovudsakleg over til å skrive oratorium. Oratoria er ikkje å oppfatte som kyrkjemusikk, sjølv om dei fleste er bygde på religiøs tekst, men som konsertmusikk. Dei skiller seg frå operaene hans ved at dei ikkje er tenkte scenisk, med utbreidd bruka av kor og ved at teksten er på engelsk. Han la større vekt på koret enn vanleg, inspirert både av den tyske bakgrunnen sin og den sterke engelske kortradisjonen.

Han oppdaga snart at det var enklare å oppnå profitt når han skreiv engelske oratorium, sidan han då slapp utgiftene til kostyme og kulissar, og ikkje trong hyre inn italienske songarar. Ved å bruke språket i landet stykket skulle setjast opp i, samt velkjende bibelske emne, vende Händel seg på mange måtar til eit nytt publikum i det framveksande borgarskapet. Denne befolkningsgruppa kom til å dominere det offisielle musikklivet i seinare generasjonar.

Med samtidig bruk av korsatsar med ariar og resitativ kombinerte han alle vokalsjangrane han var ein meister i, og tok i 1742 det endelege steget med Messias (HWV 56), eitt av dei aller fremste verka Händel komponerte. Her oppnådde han ein ideell balanse mellom koret og solistane. Den eineståande evna hans til å gjere musikken god å syngje for koristane har vore sentral i den ubrotne framføringstradisjonen verket har hatt sidan premieren.

Forutan operaer og oratorium komponerte Händel òg mykje instrumentalmusikk, der han særleg bygde vidare på Arcangelo Corelli.

Ettermæle

Händel blir gjerne nemnd saman med Johann Sebastian Bach som høgdepunkt for barokken i musikken, men den historiske innsatsen deira er nokså ulik. Bach sin innovervende, polyfone og intrikate stil kan på mange måtar seiast å oppsummere musikken til tidlegare generasjonar. Händel sin utoverretta musikk, med større vekt på melodi og homofon sats, kan på tilsvarande måte seiast å peike meir framover mot musikken i ettertida.

I motsetnad til Bach, som vart gløymd og så attfunnen, har Händel som den første i historia vorte framført uavbrote heilt frå si eiga tid til vår. George 3. sette opp ein festival i 1784 for å feire Händel sitt hundreårsjubileum, og kringom i dei engelske og tyske språkområda dukka det snart opp amatørkorforeiningar bygde rundt oratoria hans.

I Noreg er det særleg Messias som vert framført ofte, men i seinare tid har det vorte ei fornya interesse for operaene, med nyoppsetjingar av mellom anna Giulio Cesare og Alcina (HWV 34) ved Den Norske Opera & Ballett.

Verka hans vert oftast organiserte etter «Händel-Werke-Verzeichnis»-katalogen, forkorta HWV.

Hovudverk

Operaer

År
Almira 1705
Rodrigo 1707
Rinaldo 1711
Il pastor fido 1712
Floridante 1721
Ottone 1723
Giulio Cesare 1724
Tamerlano 1724
Rodelinda 1725
Alessandro 1726
Orlando 1733
Arianna 1734
Alcina 1735
Atalanta 1736
Berenice 1737
Serse 1738

Oratorium

År
Esther 1720, revidert i 1732
Saul 1739
Israel in Egypt 1739
Messiah 1742
Samson 1743
Judas Maccabaeus 1747
Joshua 1748
Solomon 1749
Jephta 1752

Andre sakrale verk

År
Utrecht Te Deum and Jubilate 1713
Te Deum i D-dur rundt 1714
Te Deum i B-dur rundt 1719
11 Chandos anthems 1717–1720
4 Coronation anthems 1727
Dettingen Te Deum 1743

Orkesterverk

År
Water Music rundt 1717
6 concerti grossi for fløyter, oboer, fagotter, strykere og continuo, opus 3 trykt 1734
12 concerti grossi for strykere og continuo, opus 6 1739
Music for the Royal Fireworks 1749
6 orgelkonserter, opus 4 trykt 1738
6 orgelkonserter, opus 7 trykt 1761

Kammermusikk

År
15 sonater for fløyte, obo eller fiolin og klaver, opus 1 trykt rundt 1731
6 sonater for 2 fioliner, oboer eller fløyter og klaver, opus 2 trykt rundt 1731
7 sonater for 2 fioliner eller fløyter og klaver, opus 5 trykt 1739

Verk for cembalo

År
2 samlingar med suiter 1720, 1733
6 fuger 1735

Litteratur

  • Baden, Torkil: Bach og Händel: samtid, liv, musikk, 1984
  • Burrows, Donald: Handel: Messiah, 1991
  • Burrows, Donald: Händel, 1994 (The master musicians)
  • Burrows, Donald, red.: The Cambridge companion to Handel, 1997
  • Dean, Winton: Handel's dramatic oratorios and masques, 1990 (1. utg. 1959)
  • Grout, Donald Jay et al.: A History of Western Music (Sixth Edition). New York, 2001
  • Hogwood, Christopher: Handel, 1984
  • Landon, H. C. Robbins: Handel and his world, 1984
  • Lang, Paul Henry: Georg Frideric Händel, 1996
  • Norborg, Josef: Georg Frideric Händel: liv og musikk, 1961
  • Parker-Hale, Mary Ann: G.F.Handel: a guide to research, 1988

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg