Eksempel på endringar i rettskrivinga som vart gjennomført frå 1959
Eksempel på endringar i rettskrivinga som vart gjennomført frå 1959
Lisens: CC BY SA 3.0
Demonstrasjon mot «samnorsk» (den radikale bokmålsrettskrivinga av 1938)

1950-åra var eit tiår med sterk språkstrid i Noreg. Mykje av denne striden gjaldt synet på rettskrivinga i dei to offisielle målformene bokmål og nynorsk, framfor alt bokmålet. Målet med den statlege rettskrivingspolitikken var ei framtidig samanveksing av bokmål og nynorsk til eitt sams skriftspråk, kalla samnorsk, gjennom ei langsiktig og gjensidig tilnærming mellom målformene. Det mest ambisiøse tiltaket for å fremme dette målet var rettskrivingsreforma av 1938, som så vidt hadde begynt å verke da landet vart okkupert i 1940, og som vart vidareført med stor kraft etter frigjeringa i 1945.

Demonstrasjon mot «samnorsk» (den radikale bokmålsrettskrivinga av 1938)
Av .

Rettskrivingsreforma av 1959 var ei rettskrivingsreform som hadde som hovudføremål å stramme inn på valfridommen i læreboknormalen frå 1938, og ikkje så mykje å endre på sjølve rettskrivinga (som omfatta mange valfrie sideformer utanfor læreboknormalen). Derfor går denne reforma ofte under namnet Læreboknormalen av 1959. Den vart utarbeidd av det offisielle normeringsorganet Norsk språknemnd, deretter godkjent av Kyrkje- og undervisningsdepartementet etter ein offentleg debatt- og revisjonsrunde, og til slutt endeleg vedtatt i Stortinget.

Sjølve strukturen i 1938-rettskrivinga skulle altså førast vidare. Det vil seie at rettskrivinga bestod av to «lag»: Inst ein kjerne av såkalla hovudformer, som utgjorde læreboknormalen. Det var dei formene som kunne brukast i godkjenningspliktige lærebøker i skulen og i statstenesta. Utanfor denne kjernen fanst det ei rekke sideformer som var valfrie for skuleelevar i dei skriftlege arbeida deira i skulen. «Rettskrivinga» var da heilskapen som omfatta både læreboknormalen og sideformene.

Endringane i rettskrivinga var mindre vidtgåande i 1959 enn dei hadde vore i 1917 og 1938, men målet om å unngå slike endringar vart ikkje fullt ut nådd, og det er reelt grunnlag for å kalle reforma ei rettskrivingsreform. Reforma slo litt ulikt ut i bokmål og nynorsk.

I bokmål var det ein klar tendens til å nedgradere tradisjonelle former som var jamstilte hovudformer i 1938, til sideformer, mens dei tilsvarande radikale formene vart ståande i læreboknormalen som hovudformer. Til dømes vart formparet «rein [ren]», som i 1938 var jamstilt, strukturert slik at rein skulle vere hovudform, ren sideform. På ein del område vart former som var tatt ut av rettskrivinga i 1938 tatt inn att, det gjaldt såleis ein del hokjønnssubstantiv (særleg abstrakte) som hadde fått obligatorisk a-ending i 1938, og som no igjen fekk jamstilt form på -en.

I nynorsk var tilnærmingstendensen klarare og meir eintydig. Ei viktig endring var det at infinitiv på -e (å kaste, å vere), som frå 1938 var sideform, no igjen vart jamstilt hovudform ved sida av -a (å kasta, å vera), mens den kløyvde infinitiven (å kaste, å vera) vart nedgradert frå jamstilt hovudform til sideform.

Bakgrunn

Riksmål og bokmål

1938-rettskrivinga skapte sterke reaksjonar i delar av samfunnet, særleg i byane. Det gav grunnlag for ei sterk motstandsrørsle mot den offisielle språkpolitikken. Riksmålsforbundet fastla sin eigen rettskrivingsnormal basert på dei tradisjonelle formene i 1917- og 1938-rettskrivingane, og gav denne normalen namnet riksmål til skilnad frå det offisielle bokmålet. Denne normalen, med «faneformer» som nu, efter, sprog, sne, syv, tyve, fekk innpass særleg i skriftmedium på den politiske høgresida, der motstanden mot samnorskpolitikken var sterkast.

Riksmål og bokmål
Lisens: CC BY SA 3.0
Foreldreaksjonen mot samnorsk

Utover i 1950-åra voks motstanden mot 1938-reforma eksplosivt gjennom riksmålsrørsla, som vart ein sterk maktfaktor i opinionsdanninga. Språkstriden vart intens. «Foreldreaksjonen mot samnorsk» tok initiativ til å rette skulebøkene til borna frå radikalt bokmål til riksmål. På bildet ser vi ein av leiarane for aksjonen, Leif Wærenskjold, som rettleier ei mor i korleis rettinga skulle gjerast.

Foreldreaksjonen mot samnorsk
Av /NTB Scanpix.

Eksempel på retta lærebok

/NTB Scanpix.

1950-åra var eit tiår med sterk språkstrid i Noreg. Mykje av denne striden gjaldt synet på rettskrivinga i dei to offisielle målformene bokmål og nynorsk, framfor alt bokmålet. Målet med den statlege rettskrivingspolitikken var ei framtidig samanveksing av bokmål og nynorsk til eitt sams skriftspråk, kalla samnorsk, gjennom ei langsiktig og gjensidig tilnærming mellom målformene. Det mest ambisiøse tiltaket for å fremme dette målet var rettskrivingsreforma av 1938, som så vidt hadde begynt å verke da landet vart okkupert i 1940, og som vart vidareført med stor kraft etter frigjeringa i 1945.

1938-rettskrivinga kom til å innebere markante brot med innarbeidde oppfatningar hos mange språkbrukarar om kva som var godt og rett språk, og det skapte sterke reaksjonar i delar av samfunnet, særleg i byane. Det gav grunnlag for ei sterk motstandsrørsle mot den offisielle språkpolitikken, som fekk sitt organisatoriske uttrykk i Riksmålsforbundet, og der særleg den såkalla Foreldreaksjonen mot samnorsk frå 1951 markerte seg med store underskriftsaksjonar og med spektakulære «retteaksjonar» mot radikale bokmålsformer i skulebøker. Riksmålsforbundet fastla sin eigen rettskrivingsnormal basert på dei tradisjonelle formene i 1917- og 1938-rettskrivingane, og gav denne normalen namnet riksmål til skilnad frå det offisielle bokmålet. Denne normalen, med «faneformer» som nu, efter, sprog, sne, syv, tyve og andre (som var tatt ut av den offisielle rettskrivinga i 1938), fekk innpass særleg i skriftmedium på den politiske høgresida, der motstanden mot samnorskpolitikken var sterkast.

Arbeidarpartiet, som var ein pådrivar for tilnærmingspolitikken, hadde regjeringsmakta i heile tiåret, men tok likevel eit visst omsyn til protestane. Såleis vart formvalet i skulebøker moderert i tradisjonell retning utover på femtitalet, men stadig innanfor læreboknormalen frå 1938.

Denne læreboknormalen inneheldt mange valfrie former, særleg i bokmål, og både blant skulefolk og forlagsfolk vart det etterlyst ein gjennomgang av normalen med tanke på ei innstramming av denne valfriheita. Alt i 1948 sette regjeringa ned eit utval som skulle sjå på dette spørsmålet. Oppdraget vart formulert slik: «Departementet mener at det er ønskelig av pedagogiske grunner å oppnå større fasthet i språkføringen i lærebøkene, […]. Departementet vil derfor be utvalget om å utarbeide framlegg til en fast læreboknormal for begge målformer. Læreboknormalen skal være i samsvar med rettskrivingsreformen av 1938, […].»

Utvalet kom med eit framlegg same året, men da var departementet alt i gang med førebuingane til ei permanent språknemnd, og framlegget frå utvalet vart derfor lagt til side og saka utsett nokre år.

Prosedyre

I 1952 oppretta regjeringa med tilslutning frå Stortinget ein ny institusjon som skulle verke som eit fagorgan for språknormering, språkpolitikk og språkrøkt på meir permanent basis, Norsk språknemnd. Dette organet bestod av to like store seksjonar for kvar si målform, bokmål og nynorsk. Ei av dei første oppgåvene Språknemnda fekk av regjeringa, var å «utarbeide en læreboknormal snarest råd er».

Hovuddelen av arbeidet med læreboknormalen tok fem år. Det vart oppnemnt eit arbeidsutval med seks medlemmer: for bokmål Didrik Arup Seip (til 1955), Trygve Bull, Gustav Natvig-Pedersen og Trygve Knudsen (frå 1955), og for nynorsk Alf Hellevik, Johs. A. Dale og Håvard Skirbekk. Formenn var først Seip og seinare Knudsen for bokmål, og Hellevik for nynorsk. Det daglege arbeidet vart gjort av to sekretærar: Einar Lundeby for bokmål og Ingvald Torvik for nynorsk. Når arbeidet vart tidkrevjande, kom det ikkje minst av at det vart gjort grundige undersøkingar av språkbruken i innsamla tekstmateriale som grunnlag for analysen og vedtaksprosessen. Etter kvart som dei ulike formkategoriane vart behandla og vedtaksframlegg formulert, vart utgreiingane og framlegga lagt fram for heile Språknemnda, som så drøfta sakene og tok stilling i plenum. Våren 1957 vart heile sakskomplekset gjennomdrøfta på eit firedagars plenumsmøte, og eit samla vedtak gjort. Deretter vart dokumentet Framlegg til læreboknormal 1957 redigert, og publisert rett over nyttår 1958.

Som ein kunne vente, vart framlegget heftig debattert både blant bokmålsbrukarar og nynorskbrukarar, med den sterkaste kritikken frå Riksmålsforbundet og tilknytte organisasjonar. Deira kritikk av Framlegg vart samla og gitt ut i ei artikkelsamling. Språknemnda utarbeidde eit svar på denne kritikken i forkant av stortingsdebatten om framlegget, som skjedde hausten 1958. Der vart det vedtatt mot Høgres stemmer at Framlegg skulle godkjennast som grunnlag for ein ny læreboknormal med visse endringar som departementet fekk fullmakt til å gjennomføre i samråd med Språknemnda. Denne siste revisjonen og finpussinga vart gjort på eit par månader, og den nye læreboknormalen vart vedtatt våren 1959 og tok til å gjelde ved starten av haustsemesteret det året.

Innhaldet i reforma

Ny læreboknormal 1959
Av / Olaf Norlis Forlag 1959.

Fellesvedtak

Sjølve strukturen i rettskrivinga skulle vere slik han hadde vore sidan 1938, med ein læreboknormal som kjerne og eit «omland» med sideformer (også kalla «klammeformer») som skulle vere tillatne for skuleelevar i deira skriftlege arbeid, men ikkje i lærebøker. Språknemnda meinte at det ikkje var ei rettskrivingsendring, berre ein ny læreboknormal for begge målformene, slik oppdraget frå departementet hadde gått ut på. Andre såg det slik at når forholdet mellom hovudformer og sideformer endra seg så mykje som i denne reforma, vart det i praksis også ei ny rettskriving med atskilleg fleire sideformer enn tidlegare.

Ei endring som omfatta begge målformene på lik line, var innføringa av dobbeltkonsonant i ein del ord, særleg verb på -ere som var avleidd av substantiv, til dømes blokkere, plassere og trafikkere (før blokere, plasere og trafikere, avleidd av blokk, plass og trafikk), men òg i andre ord: kapittel i staden for kapitel. Dette var ei rein rettskrivingsendring: eit sett eineformer i den eksisterande rettskrivinga vart erstatta av eit nytt sett eineformer i den nye.

Bokmål

  1. Dei mest sentrale og omstridde punkta i bokmålsrettskrivinga var a-formene i bestemt form hokjønn eintal og inkjekjønn fleirtal av substantiv. Her vart talet på ord med obligatorisk a-ending i substantiva redusert; det var særleg særnorske, konkrete og kvardagslege ord som skulle ha obligatorisk -a. Men a-endinga vart i all hovudsak ståande som valfri form i alle ord der nynorsk hadde a-ending. Det vart lagt vekt på at stilistiske omsyn skulle vege tungt i valet av ending i dei enkelte orda. Det var gjort alt i 1938, men vart skjerpa inn i 1959.
  2. I preteritum av mange svake verb skulle endingane -a og -et framleis vere valfrie i læreboknormalen, men ein del slike verb som også hadde fått -te i 1938, fekk no igjen -et (jamstilt med -a). Døme: grøssa/grøsset, stønna/stønnet, dansa/danset, mens formene grøste, stønte og danste vart tatt ut av rettskrivinga.
  3. Adjektiv og verb med stammeutlyd på diftong, som frå 1938 hadde dobbel konsonant i endinga, gjekk tilbake til det tidlegare systemet med enkel konsonant, men forma med dobbel konsonant vart ståande som valfri sideform. Det skulle altså heite greide [greidde] i preteritum av verbet greie, og greit [greitt] i inkjekjønn av adjektivet grei.
  4. I ei rekke enkeltord vart valfrie former i læreboknormalen redusert til sideformer, slik at det berre vart éi hovudform. For det meste var det dei tradisjonelle formene som vart gjort til sideformer. Det skulle til dømes heite berre dogg, trass, trøtt, mjøl, sein og mage i læreboknormalen, mens dugg, tross, trett, mel, sen og mave vart sideformer. På den andre sida vart høst einaste hovudform og haust sideform. Frå 1938 hadde alle desse formene vore jamstilt i læreboknormalen.
  5. I nokre ord på hv- vart h-en stroken fordi nynorsk tok opp desse orda – i den målforma kunne ikkje hv- brukast. Døme er valp, verken og virvel (tidlegare hvalp, hverken og hvirvel).

Nynorsk

  1. Dei viktigaste endringane i det grammatiske systemet i nynorsk gjaldt verbbøyinga. I infinitiv vart endinga -e jamstilt med -a, mens kløyvd infinitiv, som var jamstilt med a-infinitiv frå 1938 av, no vart nedgradert til sideform. I læreboknormalen kunne ein såleis velje mellom vera og kasta eller vere og kaste, men ein måtte gjennomføre den endinga ein valde i alle verb. For skuleelevar skulle det vere tillate å veksle mellom -a i vera og -e i kaste og andre tilsvarande verb etter dei reglane som gjaldt for kløyvd infinitiv. I praksis var dette ei tilbakevending til systemet i 1917-rettskrivinga. I supinum av sterke verb vart endinga -e jamstilt med -i (har/hadde brote, funne, vore ved sida av broti, funni, vori). I e-verb der stamma enda på -l og -r vart endinga -te no obligatorisk i preteritum (tidlegare -de). Døme er kvilte, førte og lærte (tidlegare kvilde, førde og lærde) av kvile, føre og lære.
  2. I enkeltord vart mange tilnærmingsformer som frå 1938 hadde vore sideformer oppgradert til jamstilte hovudformer, til dømes høre, skole og søndag ved sida av høyre, skule og sundag og pronomenforma hennes ved sida av hennar.
  3. I ein del ord med den tradisjonelle (særleg vestnorske) vokalen y og den radikale (særleg austnorske) ø fekk ø ein høgare status, men på ulike måtar frå ord til ord. Døme: Det skulle heite bytte [bøtte], mot tidlegare berre bytte, følgje [fylgje] mot tidlegare fylgje [følgje], og først jamstilt med fyrst mot tidlegare fyrst [først].
  4. I ein del ord der former med dobbel m hadde vore sideform mens tradisjonsformer med enkel m hadde vore hovudform, vart no rangeringa snudd om. Såleis skulle det no til dømes heite gammal [gamal] og sommar [sumar] (tidlegare: gamal [gammal] og sumar [sommar]).
  5. I ein del ord med diftong vart former med monoftong gjort til sideformer, av typen draum, som no fekk sideforma drøm (som òg hadde vore tillaten mellom 1917 og 1938, men da hadde vorte avskaffa).
  6. Suffikset -leg i adjektiv og adverb fekk sideforma -lig.
  7. Formene valp, virvel og verken vart tatt inn ved sida av dei tradisjonelle formene kvelp, kvervel og korkje (valp som sideform). Andre nye tilnærmingsformer som vart tatt inn, var jente som eineform (før: gjente) og annen som jamstilt form i læreboknormalen ved sida av annan. Det same gjaldt former med å ved sida av det tradisjonelle o (uttala å) i ord som dråpe og tåle jamstilt med drope og tole.

Gjennomføring og resultat

Læreboknormalen vart gjort gjeldande også i statstenesta. Han møtte i første omgang motstand blant dei konservative både i riksmålsrørsla og blant nynorskbrukarar, men språkstriden dempa seg likevel utover på sekstitalet. I språkbruken dominerte dei «moderate» formene mest i bokmålet, mens mange av tilnærmingsformene styrka seg i nynorsken. Men riksmålsrørsla heldt likevel fast på sin spesielle riksmålsnormal som eit alternativ til den offisielle rettskrivinga, og den dominerte framleis i aviser og andre medium som var knytt til den politiske høgresida. I politisk venstreorienterte ungdomsmiljø, derimot, fekk mange av dei radikale formene med grunnlag i søraustlandsk folkemål ein renessanse utover på seksti- og syttitalet.

Arbeidarpartiet, som hadde regjeringsmakta fram til 1965, ønskte å fremme ei vidare nedtrapping av språkstriden. Derfor sette regjeringa i 1964 ned ein komité som skulle gjere ein heilskapleg gjennomgang av språkspørsmålet og foreslå tiltak som kunne fremme denne målsettinga. Komiteen vart kalla Vogt-komiteen etter formannen, professor Hans Vogt. Komiteen la fram tilrådinga si i 1966, og det viktigaste tiltaket som vart foreslått, var å omdanne Norsk språknemnd til eit nytt offentleg normerings- og språkrøktsorgan utan vidare tilnærming mellom bokmål og nynorsk som mål. Dette framlegget var starten på ei omlegging av den offentlege normeringspolitikken som førte til skipinga av Norsk språkråd i 1972 og ei ny reform av bokmålsrettskrivinga som gjekk i tradisjonell lei i 1981.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg