Johannes A. Dale

Faktaboks

Johannes A. Dale
Johs. A. Dale, Johannes Andreasson Dale, Johannes Johs. Andreasson Dale
Født
28. mai 1898, Meland (no Alver), Vestland
Død
8. august 1975

Artikkelstart

Johannes A. Dale var ein norsk filolog og litteraturforskar. Han var professor i nynorsk målbruk ved Universitetet i Oslo frå 1954 til 1968, og han var Arne Garborg-spesialist.

Johannes A. Dale var fødd i Meland (no Alver) i Nordhordland. Han blei cand.philol. med fransk hovudfag ved Universitetet i Oslo i 1928 og dr.philos. i 1951. Han hadde fleire studieopphald i utlandet, mellom anna i Frankrike og Belgia. Frå 1929 var han lektor ved Kristiansund høyere skole og frå 1933 til 1953 ved Bergen katedralskole. Frå 1954 til 1968 var han professor i nordisk, særleg nynorsk litteratur og nynorsk målbruk, ved Universitetet i Oslo.

Dale hadde ein omfattande fagleg produksjon, særleg innanfor nynorsk litteratur og stilistikk. Han var Arne Garborg-spesialist, noko ikkje minst doktoravhandlinga Studiar i Arne Garborgs språk og stil (1950) la grunnlaget for. Saman med Rolv Thesen gav han ut kommenterte utgåver av Garborgs artiklar (Tankar og utsyn I og II, begge 1950) og brev (Mogning og manndom I og II, begge 1954). I 1969 vende han attende til Garborg i ei samling med Garborg-studiar. Eit viktig arbeidsfelt blei òg nynorsk teater og dramatikk. Han publiserte ei bok om nynorske amatørskodespel, Frå «Ervingen» til «Anne Gonge» (1959) og ein gjennomgang av alle nynorske skodespel spela på Det Norske Teatret, Nynorsk dramatikk i hundre år (1964). Boka Litteratur og lesing omkring 1890 (1974) representerte eit nybrotsarbeid innanfor litteratursosiologisk forsking og var ein freistnad på å skape større interesse for norsk populærlitteratur.

Dale publiserte ei rekkje vitskaplege artiklar innanfor språk og litteratur, og dessutan fleire lærebøker, som kom i mange opplag. Læreboka hans i litteraturhistorie, Norsk boksoge (1939), kom i den niande utgåva med tittelen Norsk litteraturhistorie for gymnaset (1966) og i ei ny omarbeidd utgåve i 1972. Lærebok i nynorsk (1949) kom i sju utgåver, Norsklære. Nynorsk med bokmålstillegg (1940) kom i fem utgåver.

Dale var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1958.

Utgivingar i utval

  • Den eldste nynorske dramatikken (1952)
  • Litterære normer (1955)
  • Olav Nygard (1957)
  • Frå 'Ervingen' til 'Anne Gonge' (1959)
  • Hulda Garborg (1961)
  • Nynorsk dramatikk i hundre år (1964)
  • Garborg-studiar (1969)
  • Menn i motstraum (1973)
  • Litteratur og lesing omkring 1890 (1974) – nybrotsarbeid innanfor litteratursosiologisk forsking i Noreg

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Inger Berset (red.): Studentene fra 1918. Et jubileumsskrift. Oslo 1950
  • Leif Mæhle: «Minnetale over professor dr.philos. Johs. A. Dale». Det Norske Videnskaps-Akademi: Årbok 1976. Oslo 1977, s. 93–99
  • Andreas Riis og Th. Skullerud (red.): Studentene fra 1918. Et jubileumsskrift. Oslo 1968
  • Bjørn Steenstrup (utg.): Hvem er Hvem? Oslo 1973
  • Bibliografi Johs. A i Det Norske Videnskaps-Akademi: Årbok 1976. Oslo 1977, s. 100–103

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg