Norsk språkråd

Artikkelstart

Norsk språkråd var statens rådgivande organ for norsk språk i perioden 1972–2004. Norsk språkråd vart vidareført av Språkrådet frå 2005. Rådet endra mellom anna bokmålsrettskrivinga og gav ut Nynorskordboka og Bokmålsordboka.

Skiping

Norsk språkråd vart skipa i 1972 og avløyste Norsk språknemnd. Rådet var statens rådgivande organ i spørsmål som galdt norsk språk både overfor offentlege institusjonar og ålmenta. Norsk språkråd hadde det meste av tida 38 medlemer, 19 for kvar målform, oppnemnde av ulike typar institusjonar. Norsk språkråd vart avløyst av Språkrådet frå 2005.

Oppgåver

Mellom dei viktigaste oppgåvene til rådet var normering av bokmål og nynorsk, språkrådgiving og språkleg godkjenning av lærebøker. Norsk språkråd registrerte nyord og foreslo avløysarord i staden for engelske importord. Den første større oppgåva for rådet var å utarbeide forslag til revidert rettskriving i bokmål. Forslaget, som opna for mange tradisjonelle former i bokmål, vart lagt fram i 1979 og vart vedteke av Stortinget i 1981. I 1983 gjorde rådet eit større utgreiingsarbeid om ordtilfanget i nynorsk. Frå 1996 arbeidde Norsk språkråd med endringar i rettskrivinga for både bokmål og nynorsk.

Frå 1994 hadde rådet i oppgåve å føre tilsyn med statsorgan under departementsnivå når det galdt praktiseringa av mållova, og rådet fekk same året det administrative ansvaret for sekretærane i Stadnamntenesta i staten. Frå 2000 fekk rådet i oppgåve å arbeide også med norsk språk og informasjonsteknologi.

Samansetjing

Styret hadde seks medlemer, tre frå nynorskseksjonen i rådet, tre frå bokmålsseksjonen. Ei fagnemnd på åtte medlemer, fire frå kvar seksjon, hadde til oppgåve å greie ut spørsmål av reint språkleg karakter. Seksjonane skifta kvart år om å ha leiar og nestleiar i råd, styre og fagnemnd.

Sekretariatet vart styrt av to jamstelte kontorsjefar, ein for nynorsk og ein for bokmål. Dei første åra hadde sekretariatet seks fast tilsette. I 2004 hadde talet vakse til 25, fem stadnamnsekretærar medrekna.

Utgjevingar

Frå 1973 gav rådet ut bladet Språknytt, og frå 1994 bulletengane Statsspråk og Språkkureren, som hadde statsorgan og massemedium som målgrupper. Rådet hadde i mange år eigne tekst-TV-sider hos NRK og gav frå 1995 ut skriftserien Norsk språkråds skrifter. I 1976 kom første utgåva av Norsk dataordbok, og i 1982 Nyord i norsk 1945–1975. I 1986 følgde første utgåva av Nynorskordboka og Bokmålsordboka, utarbeidde i samarbeid med Universitetet i Oslo.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Leif Mæhle, Einar Lundeby, Oddrun Grønvik (red.): Fornying og tradisjon. Språkvern og språkrøkt 1972–1988. Oslo 1987
  • Språknytt nr. 2, 1997 (Norsk språkråds 25-årsjubileum)
  • St.meld. nr. 100 (1980–81) Endringer i rettskrivningen og læreboknormalen for bokmål
  • Innst. S. nr. 306 (1980–81) Innstilling fra kirke- og undervisningskomitéen om endringer i rettskrivingen og læreboknormalen for bokmål

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg