eintal (grammatikk)

Artikkelstart

Eintal er ein grammatisk eigenskap som typisk fortel at eit ord viser til eit enkelt eksemplar av noko. Eintal står i motsetnad til fleirtal (pluralis) – og i nokre språk også til total (dualis).

Faktaboks

Også kjent som

singular, singularis, forkorta sing. eller sg.

I norsk har substantiva eintals- og fleirtalsformer, som bøyinga av bil viser:

eintal fleirtal
ubunden / ubestemt bil bilar
bunden / bestemt bilen bilane

Bøyingsformene i eintal, bil og bilen, viser til eit enkelt eksemplar av fenomenet bil.

Eintal og teljelege og uteljelege fenomen

Når det i den fyrste setninga øvst står «ein grammatisk eigenskap som typisk fortel at eit ord viser til eit enkelt eksemplar», er ordet typisk teke med fordi denne forklaringa berre gjeld for teljelege fenomen, som bil, hus, ku, finger, ring, meter og stjerne. Eintalsformer av substantiv blir òg nytta om uteljelege fenomen, som væsker, massar og abstrakte omgrep, trass i at dei ikkje viser til eitt enkelt eksemplar av noko. Slike substantiv har ikkje fleirtalsformer:

  • Væske: mjølk, mjølka, men ikkje «mjølker» og «mjølkene»
  • Masse: sand, sanden, men ikkje «sandar» og «sandane»
  • Abstrakt omgrep: venskap, venskapen, men ikkje «venskapar» og «venskapane»

Skilnaden på teljelege og uteljelege fenomen kan forklarast slik: Dersom du tek noko teljeleg og deler det i to, er dei to delane ikkje eksemplar av det same slag som heilskapen. Du får ikkje to ringar om du deler ein ring i to – du får to halve ringar. Dersom du derimot deler noko uteljeleg i to, er begge delane av det same slaget som heilskapen. Dersom du har noko smør og deler dette i to, er begge delane framleis smør.

Eintal og samsvarsbøying

Ord som blir samsvarbøygde med substantiv i eintal, på norsk substantiv, pronomen, adjektiv og determinativ, har òg eigne eintalsformer:

  • pronomen: ho / han / det i motsetnad til fleirtal dei
  • adjektiv: liten / lite / lite / vesle i motsetnad til fleirtal små
  • determinativ: min / mi / mitt i motsetnad til fleirtal mine; denne / dette i motsetnad til fleirtal desse

Nokre substantiv i eintal viser likevel til grupper, og kan få samsvarsbøying i fleirtal:

  • Politiet har vore raske og flinke i denne saka.

Her må vi skilje mellom eintal som grammatisk eigenskap og som semantisk eigenskap. Ordet politiet er eintal grammatisk men fleirtal semantisk.

Engelsk har eigne eintalsformer av verba, som blir nytta når subjektet står i eintal:

  • the child is crying 'ungen græt' i motsetnad til fleirtal the children are crying 'ungane græt'

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg