Faktaboks

Alf Hellevik

Alf Kolbjørn Hellevik

Fødd
28. juni 1909, Fjaler, Sogn og Fjordane
Død
8. november 2001, Askvoll, Sogn og Fjordane
Verke
Filolog og målmann
Familie

Foreldre: Kjøpmann Ole Østensen Hellevik (1871–1955) og Lovise Eiken (1874–1961).

Gift 23.6.1942 med Ruth Stiansen (13.8.1911–28.8.1988), dotter til bankfunksjonær Carl Stiansen (1860–1933) og Olefine Tomine Eskedal (1877–1956).

Alf Hellevik

Bilde fra Norsk biografisk leksikon

Alf Hellevik
Av /NTB Scanpix ※.
Nynorsk ordliste

Nynorsk ordliste av Alf Hellevik kom første gongen i 1959, som ei nyredigert utgåve av Einar Breidsvolls ordliste frå 1938. Ordlista er trykt i 2,5 millionar eksemplar.

Nynorsk ordliste
Av /Det Norske Samlaget.

Alf Hellevik var ein norsk språkforsker som vigde storparten av forskarlivet sitt til leksikografi og produksjon og revisjon av ordbøker og ordlister. Han var hovudredaktør for det store ordboksverket Norsk Ordbok og medredaktør av Nynorsk ordliste frå 1959, eineredaktør frå 1962.

Livsløpet

Hellevik studerte filologi ved Universitetet i Oslo og blei cand.philol. i 1938 med nordisk hovedfag og tysk og engelsk som bifag. Rett før og rett etter andre verdskrigen hadde han studieopphold i Sverige og Danmark, i Uppsala i 1939 og i København. Århus og Lund i 1946. Desse studieopphalda gav han eit godt grunnlag for å halde fast på det nordiske som utsiktspunkt og referanseramme for den seinare faglege verksemda si.

Gjennom krigsåra livnærte Hellevik seg som lærar og kursforfattar ved Norsk Korrespondanseskole. I 1946 blei han knytt til redaksjonen for ordboksverket Norsk Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet, først som redaktør og frå 1948 til 1978 som hovedredaktør. I desse åra var redaksjonen lokalisert til Det Norske Samlaget, men blei i 1972 flytta til Universitetet i Oslo. Same året fekk Hellevik dosentstilling i nordisk språkvitskap og blei også leiar for nynorskavdelinga ved det daverande Norsk leksikografisk institutt der han arbeidde til 1977, da han gjekk av for aldersgrensa.

Hellevik hadde gjennom heile karrieren sin ei sterkt tilknyting til Det Norske Samlaget. Han var skrivar (sekretær) i Samlaget mellom 1946 og 1950. Dette var ei stilling som seinare blei gjord om til fast stilling som forlagssjef. Han var dessutan styremedlem i Samlaget mellom 1953 og 1968. Gitt den faglege bakgrunnen sin som leksikograf, var det naturleg for han å delta aktivt i språknormerings- og språkplanleggingsarbeid. Han var skiftevis formann og varaformann (som det da heitte) i Norsk språknemnd frå 1952 til 72 (altså så lenge språknemnda eksisterte), blei umiddelbart medlem av Norsk språkråd i 1972 der han sat til 1979, også som medlem av fagnemnda.

Nynorsk ordliste

Hellevik kom inn i redaksjonen for andreutgåva av Nynorsk ordliste i 1959 som medredaktør, saman med Einar Breidsvold. Førsteutgåva er frå 1938, da med Breidsvold og Knut Liestøl som redaktørar. Ordlista kom ut på Det Norske Samlaget og blei brukt av generasjonar av skoleelevar og fungerte som det viktigaste oppslagsverket i nynorsk for så å seie alle norske skoleelevar som lærte nynorsk. Hellevik blei eineredaktyør av ordlista i 1962. Etter det har ordlista komme ut regelmessig i ei såkalla normalutgåve og ei “større utgåve”. For Hellevik blei Nynorsk ordliste eit livsverk. Frå 1962 til lenge etter pensjonsalderen hadde han hovudansvar og i storparten av tida eineansvar for verket. Han må ha sett på det som i all hovudsak var eit revisjonsarbeid, som ei viktig språkpolitisk utfordring. Gradvis, men målmedvete og med nennsom hand førte han nye ord inn i ordlista, ofte ord som tidlegare var definerte ut av nynorsken av puristiske grunnar. Såleis prega han utviklinga av nynorsken i ei meir romslig og liberal retning. Haldninga hans til kva som skal gjelde for gjengs og allment akseptert nynorsk ordtilfang, har over tid utvilsamt påverka mange nynorskbrukarar, ikke minst norsklærarar over heile landet. Den rolla Alf Hellevik hadde for utviklinga og normeringa av nynorsk i etterkrigstida, kan såleis ikke overvurderast.

Faglitterær forfattar

Ved sida av leksikografisk arbeid skreiv Hellevik bøker og artiklar om språk og språknormering. Også gjennom desse arbeida er det stemma til leksikografen Hellevik vi høyrer. Han omsette også Kongsspegelen fra gammalnorsk, og saman med Einar Lundeby redigerte han boka om Norsk språknemnd, Skriftspråk i utvikling (1984).

Verker (eit utval)

  • Om tilhøvet mellom skriftmål og talemål. Rettskrivingsproblem frå norsk og nordisk synsstad, i Syn og Segn 1945
  • Omstridde språkspørsmål, 1953
  • God norsk i skrift og tale (sm.m. M. Sandvei og I. Torvik), 1956
  • Nynorsk ordliste, 2. utg. (sm.m. E. Breidsvoll) 1959, 3.–8. utg. (som eineredaktør) 1962–96, 9. utg. (sm.m. K. Skadberg og A. Søyland) 2000
  • Lånord-problemet, 1963
  • Skriftspråk i utvikling (sm.m. E. Lundeby), 1964
  • Norsk på ny, 1968
  • God nynorsk, 1970
  • Det rette ordet. Ord og ordlegging i skrift og tale, 1970
  • Språkrøkt og språkstyring, 1979

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg