Faktaboks

Max Weber
Fødd
21. april 1864, Erfort, Tyskland
Død
14. juni 1920, München, Tyskland
Reformasjonen

Tresnitt frå reformasjonstida som førestiller Martin Luther med Bibelen i hendene i kamp med pavedømmet. Max Weber var den første til å sjå samanheng mellom protestansismen og kapitalismen som ei grunngiving for økonomisk vekst.

Reformasjonen
Av .

Max Weber var ein tysk samfunnsvitar som var med på å grunnleggje faget sosiologi. Han såg at grunnen til den økonomiske veksten i Nord-Europa på 1800-talet var eit samanfall mellom kapitalisme og protestantisme, ein samanheng ingen hadde peika på før han.

Liv og virke

Maximilian Carl Emil Weber vart fødd i Erfurt i dåverande Preussen i 1864. Etter gymnas i 1882 studerte han juss, økonomi, historie og filosofi i Berlin og Heidelberg. Han tok juridisk doktorgrad i Berlin i 1889 og vart utnemnd til jussprofessor der i 1893. Frå 1894 var han professor i samfunnsøkonomi i Freiburg og Heidelberg, til han i 1898 trekte seg tilbake frå det akademiske livet på grunn av sjukdom. Han slutta å førelese, men heldt på professoratet til 1903.

Weber heldt fram med å forske på eiga hand. Målet var å forstå særtrekka ved den moderne vestlege verda og vilkåra for at kapitalismen vart så dominerande. Han kom fram til at kapitalisme og modernitet var to sider av same sak, og at religiøse førestillingar bidrog til kapitalismen si utvikling. I boka Den protestantiske etikk og kapitalismens ånd (1904) argumenterer han for at den strenge arbeidsmoralen til protestantane fekk dei kapitalistiske hjula til å rulle. Han viser òg korleis rettsstaten og byråkratiet var med på å sikre ein føreseieleg lovbruk og politisk stabilitet, som kapitalismen er avhengig av.

Weber var oppteken av den minste eininga i samfunnet, individet. Han ville forstå kva som motiverer sosial åtferd, og slo fast at menneska har mål og meining med det dei gjer. Sjølv om ytre strukturar avgrensar valfridomen, er menneska tenkjande, viljande vesen. Difor må sosiologar ta utgangspunkt i individet sine intensjonar for å forklare sosiale handlingar og institusjonar, dei må ha eit aktørperspektiv. Weber kalla denne framgangsmåten «innlevande sosiologi». Metoden vart eit viktig bidrag til vitskapsteorien.

Den protestantiske arbeidsetikken

Webers utgangspunkt er at reformasjonen på 1500-talet skapte eit nytt syn på arbeid. Klosterlivet vart ikkje lenger sett på som den høgste forma for gudsdyrking, vanleg arbeid var like mykje verdt. Denne haldninga var særleg utbreidd blant pietistane, som tolka arbeidet som eit kall. Idealet var å arbeide flittig, men leve så enkelt som råd. Ein god kristen skulle skape rikdom, men ikkje nyte han. Utbyttet skulle sparast og reinvesterast. Desse verdiane fremja ein kapitalistisk produksjonsmåte.

I studiet av religionar samanlikna Weber trusformer på tvers av kulturar. Han utvikla ein sosiologisk metode, idealtypar, som forenkla den mangfaldige røyndomen ved å framheve typiske kjenneteikn ved dei fenomena han ville forklare. Den nøysame, pliktoppfyllande protestanten var ein idealtype, eit konstruert gjennomsnitt som fanga opp vesentlege eigenskapar ved gruppa.

Det idealtypiske biletet viste at bedriftseigarar i Tyskland langt oftare var protestantar enn katolikkar. I det katolske Sør-Europa vart økonomisk vinning brukt til luksus heller enn til produktiv verksemd. I den asiatiske konfutsianismen og hinduismen fann han inga kopling mellom religiøse normer og verdsleg vekst.

Weber påstod ikkje at protestantisk etikk var årsak til kapitalisme, men at han auka sjansen for at ei moderne kapitalistisk utvikling kunne kome i gang. Når kapitalismen har fått eigentyngde og vist sin suksess, kan han blomstre vidare i sekulære samfunn og i land med andre religiøse doktrinar.

Herredøme og byråkrati

I «Die drei reinen Typen der legitimen Herrschaft» (1922) samanfattar Weber tre typar politisk herredøme. I moderne vesteuropeiske statar er det byråkratiet som rår, og maktgrunnlaget er legalitet. Vedtaka i statsapparatet byggjer på lover og reglar, ikkje på kven ein kjenner eller likar. Borgarane har tillit til byråkratiet fordi det sikrar likebehandling, og lovstyringa gjer systemet stabilt. Slike rammevilkår er gunstige for industrikapitalismen.

I det før-moderne samfunnet ligg maktgrunnlaget i tradisjonen. Folk føyer seg etter dei hevdvunne autoritetane fordi det alltid har vore slik. Kongar og hovdingar har makt over store grupper, patriarkar er overhovud i storfamilien. Styreforma er stabil, men statisk.

I både moderne og før-moderne samfunn kan det etablerte maktgrunnlaget sprekke ved at personar med ekstraordinære evner vert aksepterte som politiske leiarar. Det er dei personlege eigenskapane deira som appellerer til folk. Weber kallar eit slikt maktgrunnlag karismatisk. Korleis makta vert brukt, er ope, men styreforma er ustabil.

Byråkratiet, seier Weber, er den mest rasjonelle og effektive styreforma, og det er ekspansivt. Det får innpass på stadig fleire samfunnsområde, både offentlege og private, og trengjer andre tenkjemåtar til sides. Prosessen gjer Weber ambivalent. Han meiner at det er eit tap om religion og metafysikk vert overflødige, då vert verda avmystifisert og menneska fanga i rasjonalitetens jernbur.

Sosial lagdeling

I studiet av sosial ulikskap modifiserer Weber klasseanalysen til samfunnsvitaren Karl Marx ved å trekkje inn fleire grunnar til ulikskap. Han peikar på at middelklassa har utdanning, som gir dei betre arbeidskår enn arbeidarane, småborgarskapet er sjølvstendig næringsdrivande, som gjer dei uavhengige av kapitalistane, og evna til å organisere seg er ei eiga kjelde til makt. Statusgrupper er grupper som byggjer på subjektive opplevingar av fellesskap i normer og smak, der dei som soknar til gruppa har same livsstil og livssjansar.

Samfunnet, slik Weber ser det, er lagdelt meir enn klassedelt, og individuell sosial mobilitet gjer det mogleg med overgang frå eitt lag til eit anna. Dette står i kontrast til Marx sin tese om at berre kollektiv klassekamp kan endre på maktforholda. Weber avviser ikkje teoriane til Marx, men utfyller dei. Eit hovudskilje går i vektlegginga av det materielle og det immaterielle som drivkraft i historia. Marx meinte at dei materielle vilkåra formar folk sine tankar. Weber meinte at folk sine tankar kan påverke den historiske utviklinga.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Weber, Max (1904). Den protestantiske etikk og kapitalismens ånd. Til dansk ved Christian Kock, forord ved Egil Fivelsdal. Oslo. (Tilgjengeleg på NB.no)
  • Ringer, Fritz K. (2004). Max Weber : An Intellectual Biography.
  • Ringer, Fritz K. (1997). Max Weber's Methodology : The Unification of the Cultural and Social Sciences.
  • Turner, Stephen (redaktør) (2000). The Cambridge Companion to Weber.
  • Weber, Max (2000). Makt og byråkrati, utval og innleiing ved Egil Fivelstad, omsett av Dag Østerberg.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg