Arthur Klæbo

Faktaboks

Arthur Klæbo
Født
6. august 1908, Ålesund, Møre og Romsdal
Død
21. juli 1985, Oslo

Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Arthur Klæbo
Av /NTB Scanpix ※.

Artikkelstart

Arthur Klæbo var ein norsk kringkastingsmann, kåsør og forfattar. Han var ein nynorskpioner i NRK, var sentral i utviklinga av programprofilen og var ein av dei store radiokåsørane i NRKs historie.

Bakgrunn

Arthur Klæbo var fødd i Ålesund i Møre og Romsdal og døydde i Oslo. Han voks opp i Volda i Møre og Romsdal, der han tok examen artium i 1929. Han reiste deretter til Oslo, tok eit kurs på Otto Treiders Handelsskole og arbeidde som korrekturlesar. Frå 1930 til 1934 var han journalist i Den 17de mai.

Kringkasting

I åra 1934–1940 arbeidde Klæbo i NRKs programblad Hallo-hallo!.Han hadde òg vakter som nynorsk hallomann og nyheitsopplesar. Saman med Karl C. Lyche, som vart tilsett som den første nynorsk hallomannen i 1934, og Hartvig Kiran, som byrja i NRK i 1938, vart han ein av nynorskpionerane i kringkastinga. Klæbo vart den første tida kritisert både frå riksmålshald og frå konservative nynorskfolk for bruken av vestlandsk dialekt i NRK.

Etter krigen var han redaktør i det nyskipa Programbladet frå 1945 til 1950. Samstundes var han sendeleiar i NRK frå 1946. Bladet opplevde ei rivande utvikling i desse åra. Opplaget voks frå 30 000 i 1946 til over 200 000 i 1950.

Fram til 1972 var han leiar for programsekretariatet, som samordna programma frå dei ulike avdelingane i NRK. Han la vekt på at heile landet skulle vere med på riksnettet. Landsdelsstoff frå grasrota i Bygde-Noreg fann plass i seriar som «På våre kantar», «På innsteg» og «Utanfor allfarveg». Han starta sjølv programmet «Hav og havn». Han spela òg ei sentral rolle i framveksten av NRK sine lokalkontor frå 1957 og i åra som følgde. Han hadde sjølv overoppsynet med Austlandssendinga frå 1960 til 1972. Frå 1972 hadde han ei friare redaktørstilling fram til han gjekk av med pensjon i 1978.

Ved 20-årsjubileet for NRK i 1953 gav han ut boka Dette er Norsk Rikskringkasting. Det var den første, og lenge den einaste, boka om NRK. I 1983, ved 50-årsjubileet, kom Radioliv med NRK i 50 år, ei personleg prega bok om utviklinga av kringkastinga gjennom fem tiår og eit innblikk inn til mange av dei tidlege NRK-profilane – kringkastingssjefar, programarbeidarar og programvertar.

Kåsøren

Klæbo vart særleg kjend som ein særmerkt og fargerik radiokåsør. Han var òg mykje brukt som stemnetalar. Klæbo var ein språkkunstnar, som i frodige bilete, spenstige paradoks og lydmålande, rytmiske ordstraumar tok opp emne frå kvardagslivet til folk, i samtid og fortid, ofte med opningsorda «God kveld, godtfolk». Humor og sarkasme kunne prega kåseria.

Han leika med bokstavrim, bårande presens partisippar, tok i bruk dialektord eller halvgløymde uttrykk som for folk flest berre var forståelege ut frå samanhengen. Ein sjeldan gong sveipa han også innom dei gamle nynorske språkkunstnarane, Arne Garborg og A.O. Vinje.

Forfattarskapen

Klæbo gav ut rundt 30 bøker – kåserisamlingar, reiseforteljingar, eit par biografiar, to bøker om NRK og ei bok om tre av dei store naturkatastrofane i Noreg. Han skreiv òg høyrespel og eit par skodespel og omsette fleire teaterstykke for Det Norske Teatret.

Ein del av radiokåseria samla Klæbo i bøkene God kveld godtfolk (1968), God kveld igjen (1972), og Dagar av mitt liv (1975). Seinare kom det fleire kåserande bøker, som På eiga bølgjelengd (1977), Eit anna land – ei anna tid (1980) og Heim – over sjø og land (1981).

Den første boka han gav ut, i 1942, var Farlige fjell, ei bok om dei store skredulukkene på 1930-talet i Loen og Tafjord, og skredflaumen i Simadal. Boka skreiv han på nynorsk, men ho kom ut på bokmål fordi nynorskforlaga meinte stoffet var for godt kjent gjennom radioprogram. Ho kom i nye utgåver i 1960 og 1981.

Klæbo reiste mykje, mellom anna «i vesterveg» – til Færøyane, Shetland, Island, Irland, Grønland, Newfoundland og Alaska – og til Afrika eller langs Stillehavstrendene. Mykje av stoffet brukte han i bøker som Ullstrømper til Afrika (1963), Over alle hav (1964) og Eventyrhav (1965).

Han skreiv òg biografiar om skodespelarane Alfred Maurstad (1945) og Edvard Drabløs (1967), høyrespelet Kapp Farvel (1961) og teaterstykka Isflå (1952) og God jul, granne (1953).

Andre verv og engasjement

Han var oppteken av arbeidet for skredsikring og medverka til at Fonnvernutvalet vart oppnemnt i 1946. Han var med og tok initiativet til Kringkastingsringen i 1955, og han redigerte det første prøvenummeret av Dag og Tid i 1962.

Klæbo var òg ein habil karikaturteiknar. Då han kom til Oslo i 1929, hadde han fått plass på kurs i frihandsteikning på Kunst- og handverksskolen.

Utmerkingar

I 1959 vart han tildelt Sunnmørsprisen for boka Farlige fjell. I 1965 fekk han Melsomprisen og i 1979 fekk han Kringkastingsprisen.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Hans Fredrik Dahl: Hallo-Hallo! Kringkastingen i Norge 1920–1940. Oslo 1975
  • Hans Fredrik Dahl: «Dette er London». NRK i krig 1940–1945. Oslo 1978
  • Hans Fredrik Dahl og Henrik G. Bastiansen: Over til Oslo. NRK som monopol 1945–1981. Oslo 1999
  • Jørn Enger: Hele landet på lufta. Historien om NRKs distriktskontorer. Oslo 2006
  • Harald H. Rise (red.): 100 år, 100 navn. Personer som har preget hundreåret på Nordvestlandet. Ålesund 2000
  • Gunnar Gran: Men radioen var ikke død. Oslo 2000
  • Tryggve Juul Møller (red.): Studentene fra 1929. Oslo 1954
  • Ottar Odland: År i NRK. NRK Distriktsdivisjonen 1996
  • Gunnar Ramsli: Snø og snøskred. Oslo 1951
  • Tormod Strømme og Marit Aakre Tennø (red.): Med hjartet på rette staden. Kringkastingsringen 50 år 1955–2005. Oslo 2005

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg