Dag og Tid

Avishode til Dag og Tid
Dag og Tid.
Helge Arild Bolstad frå Dale i Hordaland, her med eit ferskt eksemplar i hendene, var redaktør i Dag og Tid frå 1976 til 1985. I store deler av denne frodige perioden styrde han bladet saman med liberalaren Tor Gabrielsen, Bjarne Myrstad og Kjetil Tandstad. Kvinneleg redaktør fekk ikkje Dag og Tid før Arnhild Skre kom i 1990.
Helge Arild Bolstad
Dag og Tid.

Artikkelstart

Dag og Tid er den einaste riksdekkjande avisanynorsk. Dag og Tid er ei vekeavis og blir gjeve ut i Oslo. Avisa vart grunnlagd i 1962, med det første ordinære nummeret året etter.

Dag og Tid inneheld særleg kommentarar og debattstoff innan mellom anna kultur og politikk. Ho er partipolitisk ubunden, men med ein klår motstraums og radikal profil.

Avisa fekk Fritt Ords pris i 2017 med grunngjevinga at dei skapar «grundig og seriøs journalistikk som tek heile Noreg alvorleg, set sine eigne dagsordenar og er eit raust rom for særs ulike røyster».

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg