Presens partisipp er ei infinitt form av verbet som uttrykkjer samanfall i tid med hovudverbet. I tradisjonell norsk skulegrammatikk blei ord som endar på -ande (bokmål -ende) rekna som presens partisipp:

Faktaboks

Uttale
prˈesens partisˈipp
  1. Ho lever livet leande.
  2. Ho kom plystrande bortover vegen.

I moderne norsk grammatikk blir ikkje former som leande og plystrande analyserte som presens partisipp, men som adjektiv avleidde frå verb. Dette er nærmare omtala i avsnittet Alternativ norsk analyse lenger nede.

At norske former som ein tidlegare rekna kalla presens partisipp, i dag blir rekna som adjektiv, tyder ikkje at ein slik alternativ analyse også gjeld for andre språk. Mange andre språk har utan tvil presens partisipp.

Presens partisipp i andre språk

Presens partisipp i engelsk

Engelsk presens partisipp endar på -ing, som i desse døma:

  • A woman wearing a red hat entered the room.
    • Ei kvinne med raud hatt kom inn i rommet.
  • He shot the man, killing him.
    • Han skaut mannen og drap han.

Engelske presens partisipp av transitive verb tek objekt, som desse setningane viser. Presens partisipp må ikkje blandast saman med gerundium, som òg endar på -ing. Dette kan illustrerast med desse setningane, der flying i setning 1 er eit presens partisipp og flying i setning 2 er eit gerundium:

  1. Flying planes can be dangerous.
    1. Fly som flyg (flygande fly) kan vere farlege.
  2. Flying planes can be dangerous.
    1. Å flyge fly kan vere farleg.

Presens partisipp i fransk

Fransk har òg presens partisipp. Intéressant i denne setninga kan setjast om med som interesserer:

  • C'est un sujet intéressant mon élève.
    • Det er eit emne som interesserer eleven min.

Den verbale — i motsetnad til den adjektiviske — karakteren til intéressant i setninga ovanfor kjem fram ved at det tek eit objekt, mon élève 'eleven min'. Men dersom ein set adverbet très 'veldig' føre, blir intéressant meir adjektivisk, og tek ikkje objekt:

  • C'est un sujet très intéressant.
    • Det er eit veldig interessant emne.

Alternativ norsk analyse

I Norsk referansegrammatikk frå 1997 blir ikkje ord som endar på -ande (bokmål -ende), rekna som infinitte bøyingsformer av verbet, men som ein eigen type adjektiv avleidd frå verb. Dei blir beskrivne slik på s. 119:

  • de inngår ikke i verbale kategorier som tempus og modus (i motsetning til perfektum partisipp), og de står nesten alltid i de samme syntaktiske posisjoner som adjektiver (adledd til substantiver; predikativ o.a.), og de kan derfor med minst like stor rett betraktes som adjektiver.

Med utgangspunkt i denne analysen er ikkje sjarmerande eit presens partisipp, men eit adjektiv som endar på -ande.

Den adjektiviske funksjonen viser seg ved at desse orda i stor grad oppfører seg syntaktisk som adjektiv. Jamfør denne samanlikninga med adjektivet omgjengeleg:

  • Han er sjarmerande.
  • Han er omgjengeleg.
  • Ein sjarmerande person.
  • Ein omgjengeleg person.
  • Kari er meir sjarmerande enn Per.
  • Kari er meir omgjengeleg enn Per.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg