Faktaboks

Ferdinand de Saussure
Uttale
såsˈy:r
Fødd
26. november 1857, Genève, Sveits
Død
22. februar 1913, Vufflens-le-Château, Sveits
Ferdinand de Saussure
Ferdinand de Saussure

Ferdinand de Saussure var ein sveitsisk språkforskar som blir rekna som grunnleggjaren av strukturalistisk språkvitskap.

Studium og arbeid

Studium

Saussure vart fødd i Genève i 1857, og frå 1875 til 1876 studerte han latin, gresk og sanskrit ved Université de Genève. I 1876 byrja han på doktorgradsstudiet ved Universität Leipzig, og forsvarte i 1878 avhandlinga L'emploi du génitif absolu en Sanscrit ‘Bruken av absolutt genitiv i sanskrit' (publisert 1881). Frå 1878 til 1879 studerte han keltisk og sanskrit i Berlin.

Arbeid

I 1879 gav han ut boka Mémoire sur le système primitif des voyelles dans les langues indo-européennes ‘Avhandling om det opphavlege vokalsystemet i dei indoeuropeiske språka', som stod heilt sentralt i utviklinga av laryngalteorien i samanliknande indoeuropeisk språkvitskap.

Frå 1881 til 1891 førelas Saussure ved École pratique des hautes études i Paris, i emna sanskrit, gotisk og gamalhøgtysk. I 1891 vart han tilboden eit professorat ved Université de Genève; han drog dit, og var der til han døydde i 1913, 55 år gamal. I Genève førelas han fyrst og fremst i sanskrit og indoeuropeisk, men frå 1907 til 1911 heldt han tre gonger eit kurs i allmenn språkvitskap.

På grunnlag av studentnotatar frå kurset til Saussure i allmenn språkvitskap redigerte Albert Sechehaye (1870–1946) og Charles Bally (1865–1947) boka Cours de linguistique générale (1916) ‘Kurs i allmenn språkvitskap', som er eit sentralt verk i utviklinga av strukturalistisk lingvistikk. Boka finst i svensk omsetjing, med tittelen Kurs i allmän lingvistik.

I 1996 blei det funne eit manuskript av Saussure i huset hans i Genève, Livre sur la linguistique générale ‘Bok om allmenn språkvitskap’, som kastar eit nytt lys over tankane hans. Manuskriptet vart utgjeve i 2003 med tittelen Écrits de linguistique générale ‘Allmennlingvistiske skrift’. Ei engelsk omsetjing, Writings in General Linguistics, kom i 2006.

Hovudideane i Cours de linguistique générale har i ettertida vorte omtala som strukturalisme.

Hovudidear i Cours de linguistique générale

For Saussure var studiet av språkstrukturen det sentrale. Språkstrukturen kan analyserast som eit individuelt, psykologisk fenomen, representert der dei språklege teikna finst – i hjernen, men som kommunikasjonsmiddel i eit samfunn har språkstrukturen overindividuelle drag.

Språk (langue) og tale (parole)

Saussure skilde mellom språk (fransk langue) og tale (fransk parole).

Språket er eit sosialt, kollektivt eller overindividuelt fenomen som samstundes er representert i hjernen til individa i språksamfunnet. Studiet av språket er psykologisk.

Talen er summen av det alle individa seier. Studiet av talen karakteriserer Saussure som psykofysisk.

Språket kan jamførast med ein symfoni og talen med særskilde framføringar av denne symfonien. Språket eksisterer uavhengig av talen, slik symfonien eksisterer uavhengig av særskilde framføringar. Ein taleglipp påverkar ikkje språket, på same måten som ein symfoni ikkje blir påverka av at ein musikar spelar feil. (Ein taleglipp er det å umedvite byte om ord eller lydar, som når ein på engelsk seier go and shake a tower ‘ gå og riste eit tårn' i staden for go and take a shower ‘gå og ta ein dusj’der t og sh har bytt plass.)

Eit system av teikn

Språkstrukturen (strukturen til språket, slik det er definert ovanfor) er eit system av teikn (fransk signe). Eit språkleg teikn er oppbygt av to psykologiske einingar som er assosierte med kvarandre – ei lydførestilling (image acoustique) og eit omgrep (concept). Lydførestilling og omgrep kalla han på fransk høvesvis signifiant og signifié, på norsk er det vanleg å nytte uttrykk og innhald.

Det latinske substantivet arbor er eit teikn. Uttrykket er den psykologiske representasjonen av fonemsekvensen /arbor/ og innhaldet er den psykologiske representasjonen av tydinga ‘tre’.

Det vilkårlege teiknet

Saussure la stor vekt på at det er ein vilkårleg (arbitraire) relasjon mellom uttrykk og innhald. Det er heilt tilfeldig og vilkårleg kva som er uttrykket til eit særskilt innhald – og omvendt. På norsk er innhaldet ‘okse’ assosiert med uttrykket /2ukse/ okse, medan det har uttrykket /bøf/ bœuffransk, /ˈvoði/(βόδι) på nygresk og /kúŋnjǒw/ gōngniú (公牛) på mandarin. Og motsett, på norsk er uttrykket /1kaːr/ kar mellom anna assosiert med innhalda ‘mann, mannfolk' og ‘behaldar, kjerald’, medan tyrkisk /kar/ kar er assosiert med innhaldet ‘snø’ og persisk /kɑr/ كار er assosiert med innhaldet ‘arbeid, yrke’. Onomatopoetikon (lydhermande ord) er til ein viss grad eit unnatak, men dei er relativt perifere i alle språk.

Synkroni og diakroni

Heilt sentralt i teorien til Saussure er det skarpe skiljet mellom synkron og diakron språkvitskap – eller statisk og evolusjonær språkvitskap. I synkron språkvitskap studerer ein språksystemet på eit særskilt tidspunkt, og i diakron språkvitskap studerer ein tilhøvet mellom språksystem på ulike tidspunkt.

Språket var for Saussure eit synkront system der alle delane er avhengige av kvarandre. Når ulike delar endrar seg gjennom tid, får det ringverknader på større delar av systemet. Saussure samanliknar det som skjer i eit språk med med eit parti sjakk. I eit parti sjakk er kvar tilstand på brettet (før spelet har byrja, etter at ei brikke er flytta, etter at to brikker er flytta, osb.) eit system som er uavhengig av tidlegare tilstandar. Slik er òg tilhøvet mellom ulike synkrone system i språket.

Verdi (valeur)

Verdi (fransk valeur) er ein sentral strukturalistisk term. Ei eining i eit synkront system har ein verdi som er definert ut ifrå motsetnaden til dei andre einingane i systemet.

Det austnorske fonemet /p/ er mellom anna ein del av eit særskilt system av plosivar: /p t ʈ k b d ɖ ɡ/. Det finske fonemet /p/ er derimot ein del av eit anna plosivsystem: /p t k d/. Austnorsk /p/ og finsk /p/ har difor ulik verdi, sidan dei er definerte ut ifrå forskjellige system.

På same vis har tydinga til det engelske ordet sheep ‘sau’ ein annan verdi enn fransk mouton: sheep står i motsetnad til mutton ‘sauekjøt’, medan fransk mouton tyder både ‘sau' og ‘sauekjøt'.

Paradigmatiske og syntagmatiske relasjonar

Saussure understreka at språklege uttrykk har ei auditiv side, og difor er realiserte i éin dimensjon – tidsaksen. Enkeltfonem og lengre språklege uttrykk kjem etter kvarandre langs tidsaksen. Relasjonen mellom einingar som følgjer etter kvarandre lands tidsaksen, er ein syntagmatisk relasjon; jamfør klassisk gresk sýntagma (σύνταγμα) ‘noko samanstilt’.

På same tid står språklege einingar i ein paradigmatisk relasjon til andre einingar som kunne ha stått i staden for dei; jamfør klassisk gresk parádeigma (παράδειγμα) ‘døme, mønster’.

Når vi ytrer setninga Guten kyssa den vakre jenta, står dei fem orda i syntagmatiske relasjonar til kvarandre. Samstundes står til dømes guten i ein paradigmatisk relasjon til andre ord som kunne ha stått der i staden, som gutane, mannen, mennene, ungen, dama, sjimpansen, osb. Likeins står til dømes kyssa i ein paradigmatisk relasjon til kysser, klemmer, klemte, beundra, rosa, kritiserte, erta, misunte osb.

Strukturalisme etter Saussure

Strukturalistiske idear har hatt ein sentral plass i språkvitskapen heilt fram til i dag. Sentrale strukturalistiske lingvistar på 1900-talet var russarane Roman Jakobson (1896–1982) og Nikolaj Trubetskoj (1890–1938), amerikanarane Leonard Bloomfield (1887–1949) og Charles Hockett (1916–2000), franskmannen André Martinet (1908–1999) og dansken Louis Hjelmslev (1899–1965).

Det er òg mange klare strukturalistiske drag ved nyare lingvistiske teoriar, mellom anna den generative grammatikken til Noam Chomsky. Det chomskyanske skiljet mellom kompetanse og performans har klare parallellar med det saussurske skiljet mellom språk (langue) og tale (parole), og skiljet mellom synkroni og diakroni står like sentralt i begge skulane. Tankegangen bak verdi (valeur) er også levande i generativ grammatisk analyse.

Strukturalistiske teoriar finst også utanfor lingvistikken. Den franske sosialantropologen Claude Lévi Strauss (1908–2009) fekk kjennskap til teorien gjennom lingvisten Roman Jakobson, og nytta strukturalistisk analyse i arbeidet sitt.

Innanfor litteraturvitskapen finst det strukturalistiske retningar, jamfør russaren Vladimir Propp (1895–1970) og analysen hans av russiske folkeeventyr.

Også i psykologi, psykoanalyse (jamfør franskmannen Jacques Marie Lacan 1901–1981) og arkitektur kan ein spore strukturalistisk påverknad.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Culler, Jonathan: Ferdinand de Saussure, rev. ed., 1986
  • Harris, Roy: Saussure and his interpreters, 2nd ed., 2003
  • Sanders, Carol, red.: The Cambridge companion to Saussure, 2004

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg