Ingen kusjittiske språk har lange tradisjonar som skriftspråk. Før det blei utvikla rettskriving for fleire av dei i den siste halvparten av 1900-talet, var kunnskapen om dei avgrensa til språkbeskrivingar utførte av utanlandske oppdagingsreisande, misjonærar og forskarar.
Den første vitskaplege undersøkinga av eit kusjittisk språk skriv seg frå den tyske forskaren Hiob Ludolf (1624–1704), som arbeidde med oromo.
Ein annan tyskar, Karl Richard Lepsius (1810–1884), innførte termen kusjittisk som namn på ei undergruppe av dei såkalla hamittiske språka. Han arbeidde mellom anna med bedsja.
Namnet kusjittisk er danna av Kusj, namnet på ein av sønene til Ham, som var son til Noa – jamfør Første Mosebok, kapittel 10. Dei afroasiatiske språka blei tidlegare kalla hamitto-semittisk, som impliserte at familien hadde to greiner, hamittisk og semittisk (oppkalla etter Ham og Sem, to av dei tre sønene til Noa), og at dei kusjittiske språk var ei undergruppe av hamittisk, sidan Kusj var son til Ham.
Austerrikaren Leo Reinisch (1832–1919) lagde beskrivingar av åtte kusjittiske språk, mellom anna afar, bilin, saho og somali.
Det var den amerikanske språkforskaren Joseph Greenberg (1915–2001) som innførte termen sør-kusjittisk, som ein del av den omfattande klassifikasjonen sin av afrikanske språk, oppsummert i boka The Languages of Africa (1963). Det var Greenberg som innførte termen afro-asiatisk til erstatning for hamitto-semittisk.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.