Wang var pessimistisk når det galdt krigsutsiktene til det okkuperte Kina. Han var òg minst like skeptisk til innverknad frå dei vestlege imperialistmaktene, med god grunn dersom ein ser på historia føre. Difor gjorde han seg til talsmann for fredsforhandlingar med japanarane, men vann ikkje gehør for dette i partiet.
Mot slutten av 1938 drog Wang frå motstandskampbasen Chongqing til Hanoi i Vietnam, der han ga offentleg uttrykk for den «fredsrørsla» (hépíng yùndòng) han meinte å fronte. Han vart difor utvist frå Kuomintang og forsøkt myrda av agentar derfrå i mars 1939. Japanarane var derimot lydhøyre og inviterte Wang til å leie ei ny styresmakt for dei okkuperte kinesiske områda.
Den såra Wang takka ja, og denne vart innsette i Nanjing 30. mars 1940, ti dagar før Quisling sitt kupp i Noreg. Wang fekk mindre handlefridom og jurisdiksjon enn han ønskte, men den høge statusen hans sikra nok dei okkuperte områda meir sjølvråderett enn dei ville hatt utan han. Dei utanlandske konsesjonsområda i Shanghai vart òg endeleg gjeve attende til Kina. Ei reforhandla avtale i 1943 omtala Kina og Japan nominelt som likeverdige partar.
Nokre i partiet i Chongqing vart freista av Wang og japanarane sine invitasjonar om eit forlik og ein felles front mot Kinas kommunistparti. I ettertid kan vi si slå fast at dette ville vore ein dårlig idé for Kina, sidan landet enda opp med å vinne krigen mot Japan. Men det ville kanskje redda Kuomintang, som tapte borgarkrigen som følgde mot kommunistane.
I 1944 var utsiktene dårlege både for Japan og for Wang og regjeringa hans. I mars drog Wang til Japan for pleie av skuddsåra frå 1939, og 10. november døydde han av desse. I september 1945 kapitulerte Japan og gav dei okkuperte områda attende til den legitime Kuomintang-regjeringa i Chongqing. I januar 1946 vart graven til Wang i Nanjing øydelagt, og liket hans vart grave opp og kremert.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.