Wang Jingwei

Faktaboks

Wang Jingwei

Pinyin: Wāng Jīngwèi

Wade-Giles: Wang Ching-wei

Forenkla teikn: 汪精卫

Tradisjonelle teikn: 汪精衛

Fødd Wāng Zhàomíng 汪兆銘

Uttale

wang dsjing-wei, IPA: [wɑŋ tɕiŋ.wei]

Født
4. mai 1883, Foshan, Kina
Død
10. november 1944, Nagoya, Japan
Wang Jingwei var ein kinesisk politikar, mest kjend for å ha leidd japanaranes marionettregjering i Kina under andre verdskrigen.
Av .

Artikkelstart

Wāng Jīngwèi (汪精衛) var ein kinesisk politikar, mest kjend for å ha leidd japanarane si marionettregjering i Kina under andre verdskrigen. Dette gjer at han til den kanskje mest illgjetne landssvikaren i kinesisk historie. Statusen kan jamførast med den Vidkun Quisling har i norsk historie.

Wang spela òg ei viktig rolle før dette, først som revolusjonær då keisardømet fall i 1912 og så som ein av leiarfigurane i det statsberande nasjonalistpartiet Kuomintang. Etter at grunnleggaren og leiaren Sun Yat-sen døydde i 1925, leia Wang venstreopposisjonen i partiet mot Chiang Kai-shek.

Wang var ein svoren antiimperialist, men rekna vestleg imperialisme som ein større trussel enn den japanske. Saman med personleg ærehug kan dette forklare kvifor han gjennom 1930-talet føretok ei skarp høgredreiing og enda opp som statsminister for dei japanskokkuperte områda i Kina frå 1940 til han døydde i 1944.

Bakgrunn, utdanning og radikalisering

Wang Jingwei vaks opp i byen Sanshui like utanfor Canton i Sør-Kina, på ei tid då Kinas lange keisarstyre gjekk mot slutten. Han var fødd inn i ein intellektuell, men fattig familie, som den yngste av ti born.

Wang utmerka seg ved å bestå den keisarlege eksamenen på provinsnivå i 1903, og året etter ved å vinne statleg løyve og stipend til universitetsstudium i Japan. Han drog til Hosei-universitetet i Tokyo, der han studerte statsrett og politisk teori. Her kom han i kontakt med ei gruppe revolusjonære kinesiske nasjonalistar, mellom dei Sun Yat-sen. Den unge Wang vart frelst og tok i 1905 aktivt del i oppstarten av Suns Tongmenghui, forløparen til partiet Kuomintang, og tidsskriftet deira Minbao.

Wang gjorde seg ferdig med studia i 1906, like før Sun Yat-set vart utvist frå Japan. Då Sun sette ut på reise i Søraust-Asia, hengte Wang seg på. I to år, frå 1907 til 1909, dreiv han rekrutteringsarbeid for Tongmenghui på stader som Vietnam, Penang og Singapore. Han utmerka seg som ein særleg dyktig orator.

Attentatforsøk, arrestasjon og revolusjon

I 1909 innførte Qing-hoffet i Kina reformer som skulle gjere landet til eit konstitusjonelt monarki. Dei revolusjonære nasjonalistane i Tongmenghui hadde inga tru på dette. Samstundes håna intellektuelle som hegna om keisarstyret – folk som Kang Youwei og Liang Qichao – dei for å rope om revolusjon frå ei stode av tryggskap og luksus i utlandet.

Wang let seg provosere av alt dette til å planleggje eit snikmordforsøk mot keisaren sin far, Zaifeng, som då regjerte på vegne av sonen Pu Yi (Xuantong-keisaren). Komplottet vart oppdaga, og Wang arrestert og dømt til livsvarig fengsel. Han var såleis i fengsel under Xinhai-revolusjonen, som gjorde slutt på keisarstyret i 1912.

Borgarkrig og partikonflikt

Den nye provisoriske styresmakta benåda ikkje uventa Wang, som fekk status som nasjonal folkehelt. Han tok ikkje enno nokon offisiell stilling i styre og stell av korkje stat eller parti, men veksla mellom opphald i Frankrike og oppdrag frå Sun Yat-sen. På det praktiske planet representerte han stadig oftare Sun i forhandlingar med dei ulike maktfaktorane i den nye republikken, som gjekk meir og meir i oppløysing. Ideologisk var han ein ihuga promotør av dei tre folkeprinsippa til Sun. Då Sun tok Kuomintang inn i samarbeid med Sovjetunionen og Kinas kommunistparti i 1924, omtala Wang folkeprinsippa som ein antiimperialistisk og antikapitalistisk ideologi.

Då Sun døydde i 1925, var desse samarbeida på høgda. Det same var Wang sin status i Kuomintang. Han vart sett på som arvtakar og valt til president for den nye regjeringa Kuomintang oppretta i Guangdong, som vart basen for den militære ekspedisjonen nordover i 1926–1928. Samstundes vaks makta til Chiang Kai-shek i kraft av å kommandere desse ekspedisjonsstyrkane, som i 1928 fullførte sameininga av Kina.

Full splid opna seg kring spørsmålet om samarbeid med kommunistane. Wang og hans fløy, som ønskte å føre dette vidare, starta ei alternativ regjering i Wuhan i 1927, medan Chiang byrja massakrering av kommunistar og arbeidarar langs si maktbase ved austkysten. Wang sitt samarbeid med kommunistane braut òg saman, men splittinga av partiet og overtaket til Chiang var allereie eit faktum.

I 1932 vende Wang attende til Kuomintang-folden med stillingar som statsminister og utanriksminister for det no sameinte og Kuomintang-styrte Kina. Det var likevel Chiang som hadde grep om makta, og dette styrka han då motstandskrigen mot Japan braut ut i 1937.

Kollaboratør

Wang var pessimistisk når det galdt krigsutsiktene til det okkuperte Kina. Han var òg minst like skeptisk til innverknad frå dei vestlege imperialistmaktene, med god grunn dersom ein ser på historia føre. Difor gjorde han seg til talsmann for fredsforhandlingar med japanarane, men vann ikkje gehør for dette i partiet.

Mot slutten av 1938 drog Wang frå motstandskampbasen Chongqing til Hanoi i Vietnam, der han ga offentleg uttrykk for den «fredsrørsla» (hépíng yùndòng) han meinte å fronte. Han vart difor utvist frå Kuomintang og forsøkt myrda av agentar derfrå i mars 1939. Japanarane var derimot lydhøyre og inviterte Wang til å leie ei ny styresmakt for dei okkuperte kinesiske områda.

Den såra Wang takka ja, og denne vart innsette i Nanjing 30. mars 1940, ti dagar før Quisling sitt kupp i Noreg. Wang fekk mindre handlefridom og jurisdiksjon enn han ønskte, men den høge statusen hans sikra nok dei okkuperte områda meir sjølvråderett enn dei ville hatt utan han. Dei utanlandske konsesjonsområda i Shanghai vart òg endeleg gjeve attende til Kina. Ei reforhandla avtale i 1943 omtala Kina og Japan nominelt som likeverdige partar.

Nokre i partiet i Chongqing vart freista av Wang og japanarane sine invitasjonar om eit forlik og ein felles front mot Kinas kommunistparti. I ettertid kan vi si slå fast at dette ville vore ein dårlig idé for Kina, sidan landet enda opp med å vinne krigen mot Japan. Men det ville kanskje redda Kuomintang, som tapte borgarkrigen som følgde mot kommunistane.

I 1944 var utsiktene dårlege både for Japan og for Wang og regjeringa hans. I mars drog Wang til Japan for pleie av skuddsåra frå 1939, og 10. november døydde han av desse. I september 1945 kapitulerte Japan og gav dei okkuperte områda attende til den legitime Kuomintang-regjeringa i Chongqing. I januar 1946 vart graven til Wang i Nanjing øydelagt, og liket hans vart grave opp og kremert.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg