NS' riksmøte

Riksmøtet til Nasjonal Samling hausten 1942. Her står dei oppstilte utanfor universitetsbygningane i Karl Johans gate.

Av /Riksarkivet.
Didrik Arup Seip
Didrik Arup Seip (1884–1963) var rektor ved Universitetet i Osloandre verdskrig braut ut.
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0
Universitetet i Oslo
Universitetet i Oslo måtte stenge hausten 1943 og opna ikkje igjen før etter at krigen var over. Biletet er frå kort tid etter andre verdenskrig.

Tyskland invaderte Noreg 9. april 1940 og innleidde ein fem år lang okkupasjon. Universitetet i Oslo blei også prega av den nye tida. Fleire professorar og studentar tok opp kampen mot det nye regimet, og mange kjempa for å hindre at det nye regimet skulle ta over den frie utdanninga som fann stad ved universitetet. I løpet av dei fyrste tre åra vart Det norske Studentersamfund oppløyst, rektor arrestert og protestar gjennomført. I november 1943 vart universitetet stengt.

Eit turbulent fyrste år

Den 25. september 1940 kunngjorde Josef Terboven, Reichskommissar i Noreg, at Nasjonal Samling var det einaste lovlege partiet i landet og oppretta eit kommissarisk statsråd. Fram til denne datoen hadde Administrasjonsrådet hatt ansvar for forvaltninga av Noreg, med Didrik Arup Seip, rektor ved Universitetet i Oslo, som eit medlem. Seip si doble rolle som rektor og leiar for Kyrkje- og undervisningsdepartementet under Administrasjonsrådet hadde bidrege til å skåne universitetet under det nye regimet. Dette var over med opprettinga av det kommissariske statsrådet, der NS-medlemmet Ragnar Skancke blei «statsråd» for Kyrkje- og undervisningsdepartementet.

Det norske Studentersamfund var blant dei som fyrst fekk merke endringane. 21. september 1940 hadde dei halde eit møte med doktor Johan Scharffenberg. Her hylla han blant anna kong Haakon 7 for sin måte å ta avgjerder på, både i 1905 og 1940. Oppmøtet var stort, noko okkupasjonsmakta merka seg. Som eit resultat vart formannen for Studentersamfundet, John Sanness arrestert og Studentersamfundet oppløyst.

Rektor blir avsett

Adolf Hoel

Geologen Adolf Hoel blei innsatt som prorektor i 1941 (rektor frå 1943). Foto frå Norsk biografisk leksikon.

Adolf Hoel
Av /NTB Scanpix ※.

Då tyskarane invaderte landet, hadde rektor Seip vore ei kraft for å motstå nazifiseringa av universitetet. Han hadde oppretta mottoet «Ro, verdighet og disiplin – det motsatte skader oss alle».

Den manglande oppslutnaden om NS sin nyordningspolitikk gjorde at «statsråd» Ragnar Skancke valde å gå til aksjon mot universitetet. 10. september 1941 hadde tyskarane oppretta unntakstilstand i Oslo-området. Bakgrunnen var ein streik hjå arbeidarane i samband med at dei var blitt fråtekne mjølkerasjonen sin. Denne unntakstilstanden såg «statsråd» Ragnar Skancke som ei moglegheit, og 11. september vart tilsette og studentar samla i aulaen og orientert om den prekære situasjonen Noreg var i. Den første talaren var SS-Sturmbannführer dr. Werner Knab, sjef for Gestapo i Noreg, som talte i staden for sjefen sin Wilhelm Rediess. Han avsette rektor Didrik Arup Seip og Det akademiske kollegium, og i staden fekk «statsråd» Skancke frå Kyrkje- og undervisningsdepartementet rektormyndet. Etterpå heldt Skancke sjølv ein tale der han argumenterte for at det var universitetet si oppgåve å tenne eit lys for folket.

På same møte vart geologen Adolf Hoel tilsett som prorektor (han vart rektor i 1943). Hoel var ekspert på geologi i polarområda, og ein av tre professorar som vart tilsette av Skancke i oktober 1940. Hoel kom til å støtte Universitetet i Oslo ved fleire høve. Det kan derfor argumenterast for at det var betre å få Hoel som overhovud enn ein kommissarisk førarrektor, utpeika av okkupasjonsmakta, som kanskje ville satse meir aktivt på å nazifisere institusjonen.

Slaget om opptaket til medisinstudiet

Det hadde vore vanskeleg å kome inn på medisinstudiet gjennom heile 1930-talet, og det vart ikkje betre i 1940. Dette var grunnen til at departementet bestemte at frå hausten 1940 skulle det bli «numerus clausus» på inntaket til fyrste avdeling, som igjen betydde at artiumskarakterane vart avgjerande for tildeling av studieplass. Det var svært ettertrakta å kome inn på medisinstudiet, og NS såg på dette som ein måte å gi noko tilbake til dei lojale medlemmane sine. Dette skjedde for første gang i februar 1942, då den fyrste NS-studenten møtte opp til prorektor Jan Birger Jansen med eit brev om at han hadde rett til å delta på førelesinga. Professor i medisin Georg Herman Monrad-Krohn gjekk då til prorektor Hoel for å rydde opp i misforståinga, men Hoel fortalte Monrad-Krohn at dette ikkje var ei misforståing – studenten skulle få delta.

Når fleire NS-studentar møtte opp ved førelesingane, melde «statsråd» Skancke at det ikkje ville bli gitt fleire dispensasjonar, men sidan det berre var Jansen som viste bort studentane, gav han likevel ut fleire. Han gav ut i alt ti dispensasjonar, og det blant anna til to studentar som faktisk stod som nummer 417 og 468 i køen for inntak. Dette blei møtt med protest frå studentane, som professor Monrad-Krohn sende over til Skancke. «Statsråden» lova at det ikkje skulle bli gitt fleire dispensasjonar, men då fakultetsmedlemmane sendte ein protest til Skancke, trakk «statsråden» lovnaden. Dei ti studentane fortsette sine studium, med unntak av Jansen sine førelesingar. Dette betydde ikkje at slaget om opptaket til medisinstudiet var over. Det hadde knapt begynt.

Andre runde kom i august 1942. Då sende Skancke beskjed til medisinsk fakultet om at 16 studentar skulle bli tatt opp i tillegg til dei 21 som allereie hadde blitt tatt opp etter ordinære kriterium. Dette var ikkje alt, to studentar skulle også bli tatt opp ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. For å dempe reaksjonane frå fakulteta, tok Hoel initiativ til å formulere ei erklæring som dei 16 studentane skulle underteikne. Ved å signere denne erklæringa ville studentane skrive under på at dei ville arbeide for staten når studia var over, og vise at dei hadde kome inn på studiet ved at dei var medlemmar i NS. At dei 16 studentane skulle bli tatt opp av politiske årsaker vart likevel ikkje godtatt av fakulteta, og Vidkun Quisling vart til slutt tatt inn i saka. At rektor Hoel stilte seg på dekanane si side gjorde at Quisling ikkje gjorde noko ut av truslane sine, sidan han hadde respekt for Hoel si myndigheit. Det er ingen tvil om at konflikten ved det medisinske fakultet var kritisk, men i september 1942 vart resultatet at dei 16 studentane ikkje vart sett på som opptatt til dei tilgangsavgrensa studia, men at dei kunne følgje dei opne førelesingane i fysiologi og anatomi.

Studentane protesterer

I februar 1943 kom kunngjeringa om arbeidstenesta, som i realiteten betydde at alle menn mellom 17 og 55 år, og kvinner mellom 17 og 35 år, skulle bli utskrivne til å arbeide for staten. Studentane var i den aktuelle alderen, og det vart i mange tilfelle trekt i tvil om pensumlesing var til nytte for krigsøkonomien. For å hindre at studentane vart sendt i arbeidsteneste midt under studia gav Carl Martin Kramer, på vegne av Studentsambandet – eit NS-oppretta organ – studentane eit forslag. På eit møte i aulaen 23. februar føreslo han at studentane skulle få delta i arbeidet med å skaffe universitetet ved for vinteren, og med dette sleppe arbeid som tok dei vekk frå studia. Dei frammøtte stemte ja til dette ved å reise seg. Kramer hadde nok tenkt at han kom til å få til ei tilslutning frå fleirtalet av studentane, og hadde arrangert ein pressekonferanse etter møtet. Aftenposten rapporterte dagen etter at studentane endeleg hadde forstått den nye tida med å gi deira samtykke til Studentsambandet.

I svensk presse kom det reaksjonar på studentane sitt samtykke til Studentsambandet, og at dei norske studentane hadde «brutit fronten». Oppfatninga av at studentane no kollektivt hadde akseptert Studentsambandet, vart ein vekkar i studentmiljøet og førte til ein motreaksjon. Rundt 2600 likelydande protestskriv vart sendt inn til universitetet. Konsekvensane var at statspolitiet henta protestane og arresterte fire studentar ved den filologiske lesesalen. Desse arresterte fekk eit halvt års sikringsdom. Då Rolf Holm, leiaren av Studentsambandet, kom heim frå frontteneste nokre veker seinare, reagerte han på Carl Martin Kramer sitt nederlag. Han laga ei liste med 200 namn som han meinte hadde uttrykt seg negativt overfor NS, og kvalifisert seg for arbeidstenesta. 20 av desse 200 vart tiltenkt å skulle jobbe ved flyplassar og ammunisjonslager. Desse studentane gjekk til rektor Hoel og fekk han til å hindre at dei vart utkalla. Rolf Holm argumenterte overfor rektor at dette ikkje var strategisk lurt, men Hoel let seg ikkje presse av Holm. Holm gjekk derfor til leiaren for den tyske avdelinga for folkeopplysning og propaganda, ministerialdirigent Georg Wilhelm Müller (1909–1989), men fekk beskjed om at Hoel var suveren i alle saker som angjekk universitetet.

Tredje runde i inntaksstriden

Tredje runde i inntaksstriden ved det medisinske fakultet fortsette etter sumaren 1943, og då enda det ikkje med ein avtale. Det interessante med denne runda var at forandringane ikkje kom frå departementet og Skancke, men frå rektor Hoel. Han la fram eit nytt reglement som gjaldt alle studia. Det gjekk ut på at studentar frå alle landsdelar og alle privatistar skulle ha like stor moglegheit for å kome inn på eit studium som dei med ressursar til å ta gymnas på normert tid. Dei som tok gymnas privat, tok det som regel på kortare tid fordi dei måtte jobbe. Det nye reglementet gav desse også ein sjanse, fordi det gav eit stort rom for bruk av skjønn ved inntak, og opna for bruk av politiske kriterium, like mykje som geografiske og sosiale kriterium ved inntak.

Dei tilsette reagerte skarpt på det nye reglementet, og såg det som eit brot på prinsippa om at kvalifikasjonar skulle vere avgjerande ved tildeling av studieplass. Ein protest vart formulert og sendt inn til universitetet. «Statsråd» Skancke svara med å innkalle dekanane ved dei fem fakulteta til eit møte. Her vart kvar og ein spurde om dette var ein trussel om streik, for då ville Skancke gå til aksjon. Ministeren klarte ikkje å utøve den makta han gjerne ville ha, men møtet fekk ei løysing. Det vart bestemt at universitetet sjølv skulle kome med eit nytt reglement som tok omsyn til innvendingane. Dette kom Quisling for øyre, og han godtok ikkje at det skulle bli forhandla om det nye reglementet. 15. oktober 1943 vart 10 tilsette og 63 studentar arresterte. Denne arrestasjonen skapte uhygge ved universitet, men det hindra ikkje studentane i å protestere den 15. november på vegner av dei arresterte.

Ein skjebnesvanger brann

Aulabrannen

28. november 1943 braut det ut brann i aulaen på Universitetet i Oslo. På biletet er Gestapo og Statspolitiet samla for å undersøke.

Av /NTB scanpix.
Didrik Arup Seip

Didrik Arup Seip talar på Universitetsplassen maidagane 1945. Foto frå Norsk biografisk leksikon.

Didrik Arup Seip
Av /NTB Scanpix ※.
UiO
30. november 1943 gjekk regimet til massearrestasjonar av studentar og tilsette.
UiO
Av /Riksarkivet.
Lisens: CC BY 2.0

Natt til 28. november 1943 vart aulaen ved Universitetet i Oslo sett fyr på (aulabrannen). Kvifor aulaen faktisk vart sett fyr på har ikkje kome fram, men det er sannsynleg at det var fraksjonar rundt den illegale avisa LondonNytt som sto bak. Det tyske politiet skulda på kommunistiske element i samfunnet, og spesielt ved universitetet. Brannen var det siste strået for tyske myndigheiter når det gjaldt universitetet, og den 30. november vart rundt 1250 studentar og eit hundretals tilsette arresterte.

Initiativet til aksjonen kom frå Terboven, og vart faktisk halde hemmeleg for både Quisling og Skancke. Gjennom ein kontakt i det tyske Wehrmacht fekk personar ved universitetet nyss om aksjonen seint 29. november 1943. Det vart bestemt at informasjon skulle gå ut berre få timar før sjølve aksjonen skulle skje, for å hindre at politiet blei merksame på at nokon ved universitetet visste om aksjonen. Studentane hadde opplevd liknande varsel som hadde vore falske, og mange studentar trudde ikkje på informasjonen om den komande aksjonen. Derfor var det mange studentar på lesesalar, seminarrom og ulike stader på universitetet. Aksjonen vart utført presis klokka 11.05, og fleire hundre politimenn var i aksjon. Dei omringa blant anna Blindern, Tøyen, Deichmanske bibliotek og lokala i Karl Johans gate.

Dei arresterte vart førte til aulaen, og her måtte dei sitte i fleire timar før Terboven, Wilhelm Rediess og Skancke entra talarstolen. Rediess og Skancke tala, og spesielt Rediess argumenterte for at studentane hadde vore ein trussel mot det norske samfunn og at det var årsaka til at dei no var blitt arresterte. Aulabrannen er også blitt sett på som ein faktor i arrestasjonane. Mange i Sverige spekulerte på om tyske instansar hadde sett fyr i aulaen for å ha ein grunn til å stenge universitetet, men i ettertid er det som tidlegare nemnt, rekna at personar rundt den illegale avisa LondonNytt sto bak. Det tyske tryggingspolitiet hadde lenge hatt grunn til å tru at universitetet var eit viktig sentrum for motstandsaktivitetar, og aulabrannen blei brukt som eit påskot til å slå til mot eit heilt miljø.

Studentane og fleire tilsette blei arrestert, og universitetet stengt. Det tok ikkje lang tid før mange studentar, godt over 600 i talet, vart sendt av garde til Tyskland. Universitetet i Oslo opna ikkje igjen før krigen var over i mai 1945, og mellom november 1943 og mai 1945 baserte det seg på forsking. Det hadde vore nokre turbulente år på universitetet, som tross utfordringar hadde klart å stå imot dei hardaste forsøka på nazifisering. Då freden kom, var det ikkje alle som kom tilbake. På Universitetet i Oslo heng det i dag ei minnetavle over alle studentar frå institusjonen som fall under andre verdskrigen. Det er også ei eiga minnetavle som fortel at 650 studentar vart arrestert og deportert.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Fure, Jorunn Sem: Universitetet i Kamp, 1940–1945, 2007.
  • Heggen, Leif: Motstandsproblematikken ved universitetet fra september 1941 til november 1943, 1972.
  • Hoel, Adolf: Universitetet under okkupasjonen, 1978.
  • Seip, Didrik Arup: Hjemme og i fiendeland 1940-45, 1946.
  • Steen, Sverre: Norges krig 1940–1945, bind 3, 1947–1950.
  • Holm, Ingar og Elling Kvamme: De motvillige germanerne: norske studenter i tysk fangenskap 1943–1945, Dreyer forlag 2013.

Kommentarar (2)

skreiv Fride Eeg-Henriksen

Rubrikk med foto og tekst om aulabrannen: Årstallet skal være 1943, ikke 1944, ikke sant?

svarte Ida Scott

Hei! Takk for påpekning. Du har selvsagt rett, det var en glipp fra vår side. Feilen er nå retta opp. Vennlig hilsen Ida Scott, redaksjonen.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg