Faktaboks

Etymologi

frå elvenamnet Tolja; kan komma av 'telje, skjere' eller 'toll, furu'

Uttale

tålja

Administrasjonssenter
Tolga
Fylke
Innlandet (frå 01.01.2020, tidlegare Hedmark)
Innbyggjartal
1 551 (2022)
Landareal
1 097 km²
Høgaste fjell
Elgspiggen (1604 moh.)
Innbyggjarnamn
tolging
Målform
nøytral
Kommunenummer
3426 (frå 01.01.2020, tidlegare 0436)

Kommunevåpen.

Tolga kyrkje
Tolga kyrkje er ei åttekanta kyrkje frå 1840.
Tolga kyrkje
Av .
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Tolga. Det freda Oustadtunet. Vingelen kyrkje i bakgrunnen.

.
Lisens: fri

Tolga er ein kommune i Innlandet fylke, nord i Nord-Østerdal. Mot nordvest strekker kommunen seg 30 kilometer til grensa mot Tynset, og mot søraust 40–50 kilometer nesten til Femunden i Engerdal. Om lag 15 kilometer av Glåma renn gjennom Tolga.

Fram til 1926 og i perioden 1966 til 1976 utgjorde Tolga éin kommune saman med Os. Kommunen gjekk då høvesvis under namna Tolga og Tolga-Os.

Natur

Berggrunnen er i hovudsak fyllitt nord for Glåma, og her er det slake dalsider. Sør for Glåma er det mest sparagmitt, som dannar brattare fjell; høgast er Elgspiggen (1604 meter over havet) på grensa mot Rendalen og Sålekinna (1595 meter over havet) på grensa mot Os. I dalane ligg store massar av kvabb, sand, grus og stein frå smeltingsperioden etter siste istid. Lengst nord i kommunen ligg fjellområde som inngår i Forollhogna nasjonalpark. Inn mot nasjonalparken er større område verna som landskapsvernområde. I alt er 20 prosent av kommunens areal verna etter naturmangfoldlova.

Befolkning og busetjing

Det meste av busetjinga ligg i hovudbygda ved Glåma, med tettstaden og administrasjonssenteret Tolga. Busetjinga elles er svært spreidd og høgtliggjande, i Hodalen opp til 800 meter over havet, likeins i Vingelen. Kommunen har hatt minkande folketal. I tiårsperioden 2015–2024 gjekk folketalet tilbake med 3,1 prosent, mot ein auke på 2,2 prosent i Innlandet fylke. I 2024 var 24 prosent av befolkningen under 20 år (22 prosent for hele landet) og 24 prosent 65 år og eldre (landsgjennomsnitt 19 prosent).

Ifylgje definisjonen til Statistisk sentralbyrå er det éin tettstad i Tolga.

Tettstad Innbyggjarar Andel* Areal
Tolga 577 37 % 1,1 km²

* Andelen av innbyggjarane i Tolga kommune som bur i tettstaden.

Næringsliv

Arbeidsplassar i Tolga (2023)
Av /SSB.
Lisens: CC BY 2.0

Jordbruket er ein viktig næringsveg; primærnæringane står for 17 prosent av sysselsetjinga i kommunen, den høgaste prosentdelen blant kommunane i Innlandet fylke. Så høgt over havet er det grasdyrking og husdyrhald som dominerer. Både storfe- og sauehaldet er betydeleg. Avverkinga i skogen er låg (12 400 kubikkmeter i 2018), det aller meste furu. Industrien er dominert av næringsmiddelindustrien.

Tolga har middels stor vasskraftproduksjon. Kommunen har eitt vasskraftverk, Tolga (i drift fra 2021), med ein årleg produksjon på 183 gigawattimer (gjennomsnitt 1993-2020). Kraftverket er eigd av Hafslund ECO Vannkraft.

I 2023 hadde Tolga ei netto utpendling på 200 personar, svarande til ein firedel av dei sysselsette.

Samferdsel

Rørosbanen
Rørosbanen gjennom Tolga.
Av /Bahnbilder.
Lisens: CC BY NC ND 3.0

Langs Glåma går Rørosbanen og fylkesveg 30, og gjennom Hodalen går fylkesveg 26 til Engerdal. Fylkesveg 2258 går frå Tolga tettstad til Vingelen.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Kart: Tolga kommune i Innlandet

Tolga kommune i Innlandet fylke.

Kart: Tolga kommune i Innlandet
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Tolga høyrer til Innlandet politidistrikt, Østre Innlandet tingrett og Eidsivating lagmannsrett.

Kommunen er med i Fjellregionen regionråd saman med Alvdal, Folldal, Os, Rendalen, Røros og Tynset.

Tolga kommune svarar til dei fire sokna Hodalen, Holøydalen, Tolga og Vingelen i Nord-Østerdal prosti (Hamar bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Tolga til Nordre Østerdalen fogderi (futedømme) i Hedemarkens amt.

Delområde og grunnkrinsar i Tolga

For statistiske føremål er Tolga kommune (per 2016) delt inn i eitt delområde med til saman 12 grunnkrinsar: Moan–Nordvangen, Østvang–Røe, Åseng–Åsen, Bakkan–Røsebygda, Grantævet–Haugan, Eggan–Erlia, Eid–Neset, Tolgenslia, Vollen–Brennmoen, Hodalen, Kåsa–Holøydalen og Øversjødalen.

Historikk og kultur

Tidlegare blei det smelta kopar i Tolga for Røros Kobberverk, og i tettstaden er ein del av den karakteristiske busetnaden frå denne verksemda bevart. Raudsjødalssetra, det første samvirkemeieriet i Nord-Europa, er no museum. I Tolga sentrum ligg museumsgarden Dølmotunet. Tolga er sjekkpunkt for Femundløpet, meisterskap i langdistanse sledehundkøyring.

Kommunevåpen og namn

Kommunevåpenet blei godkjent i 1989 og har ei gullfarga klokke mot ein raud bakgrunn. Dette illuderer ei klokke frå ei nedlagd smeltehytte.

Kart

Kart over Tolga kommune
Kart over Tolga kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Eggen, Eggen: Tolga: Hodalen, Kasa, Holøydalen, Øversjødalen: gards- og slektshistorie, 1968. Les boka på nb.no
  • Nordvang, Anne Berit, red.: Bygdebok Vingelen, bind 1-2, 2006–2013.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg